Borgarlægje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eit borgarlægje (eller borgarleie, kremmarlægje ) var ein fast tilhaldsstad for ein borgar som periodevis dreiv handel i landdistrikta.

Ordet har er samansett av borgar, frå lågtysk 'bymann', og lægje, av norrønt lægi, 'liggjestad'.

Handelsverksemd i Noreg var lenge regulert slik at byborgarar hadde einerett til å drive handel. Før reformasjonen stod setesveinane for mykje av handlen med fisk og korn langs norskekysten. Etter reformasjonen styrkte byborgarane stillinga si. Borgarane var frå gammalt knytt til byar som Bergen og Trondheim. Mange byborgarar dreiv det meste av handelen sin utanom byen. Handelen kunne foregå rundt omkring i landet på forskjellige marknader med faste marknadstider, eller borgarane kunne søkje seg borgarlægje på høvelege stader. Loven kunne regulere kor lengje kremmaren kunne drive handel på éin stad. Til å byrje med leigde borgarane seg inn hos ein bonde eller hos ein stormann. Handelen kunne foregå frå ei jekt eller frå ei brygge. Etter kvart som borgarane vart fastare knytt til ein stad, bygde dei seg ofte eigne hus. På andre halvdelen av 1700-talet hende det at dei fekk utvist tømmer i allmenningsskog for å byggje på borgarlægjet; denne praksisen var riktignok påtalt av amtmannen.

Til Nordland kom byborgarane nordover ved pinsetider. Det var ein amlinneleg regel at borgarlægja ikkje skulle liggje nærare enn ei mil frå kvarandre, men der trafikken var stor, som i Lofoten, kunne dei klumpe seg saman.

Staden kremmaren heldt til fekk ofte namn samansett av gardsnamnet og ordet -berg, -hamn eller -sjø - slik som Hemnesberget ved Hemnes, Troberget ved Tro, Risøyhamn i Vesterålen, Mosjøen ved garden Mo i Vefsn eller Sandnessjøen ved Sandnes. Kremmarlægjet låg på stader med god hamn som var lett å leggje til, gjerne ved kyrkjestader, fiskevær eller tingstader.

Handelen borgarar frå Bergen og Trondheim dreiv i borgarlægje på kysten av Nordland tok til på 1500-talet. Frå midt på 1700-talet vart det vanlegare at fastbuande gjestgjevarar stod for handelen. I 1787 vart handelen i Nord-Noreg fullstendig frigjeven, og det vart grunnalgt tre nye kjøpstader; Vardø (1787), Hammerfest (1789) og Tromsø (1794). Samstundes kunne kremmarar fritt drive detaljhandel ute på dei nordnorske bygdene, og borgarlægja vart avløyst av faste handelsstader.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]