Borgartinget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Borgartinget (norrønt Borgarþing) var frå 1100-talet det allmenne lagtinget for området Viken (Borgarþingslög), som omfatta kystområda frå Göta älv (norrønt Elfir) til Rygjarbit (truleg ved Risør). Det har namn etter byen Borg (Sarpsborg) ved Sarpsfossen, som ifølgje tradisjonen vart grunnlagt av Olav den heilage i 1016.[1] Einskilde historikarar har meint at Borgartinget som lagting var eldre enn byen, medan andre har hevda at Borgartinget vart etablert av Olav den heilage sjølv.[2]

Ei hending i 1115 gjev likevel grunnlag for å anta at Borgartinget er oppretta etter dette tidspunktet. Partane var lendmannen Sigurd Ranesson, som hadde fått den såkalla finneskatten i forlening av Magnus Berrføtt, og Sigurd Jorsalfare, som gjorde gjeldande at han som konge ikkje var bunde av avtala til faren med Sigurd Ranesson. I dette sambandet er berre følgjande tre lagting i riket nemnt: Frostating, Gulating og Eidsivating.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje Snorre Sturlason, var Borgartinget etablert som lagting før 1164, då Snorre fortel at Erling Skakke dette året lét stemna 4-fylkersting i Borg for å få bøndene med på avtala Erling hadde inngått med den danske kongen Valdemar den store. Valdemar skulle gje Erling Vika, og til gjengjeld støtte valet av Erlings son Magnus Erlingsson til norsk konge.[3]

Den norske krøniken Historia Norvegiæ, skrive på latin rundt 1170, kallar lagdømmet for Viken, og ikkje Borgartingslag. Forfattaren skriv at området bestod av fire fylke, og at grensene var «danskegrensa» (truleg Gøta elv) i aust og Rygjarbit i vest.[4] Dei fire fylka var truleg desse:[5]

Med unntak av brotstykke, finst berre kristenrettslovene frå Borgartingsloven i dag. Dei eldste avskriftene er frå 1300-talet.

Kongehyllingar[endre | endre wikiteksten]

Den første norske kongen som vart kongehylla (teken til konge) på Borgartinget var kong Inge Krokrygg. Dette skjedde i 1136, då Inge berre var 2 år gammal.[6] Sidan vart Borgartinget hyppig brukt til kongehyllingane på Austlandet, saman med Haugating i Tønsberg. Den danske kongen Knut den mektige, som òg vart norsk konge i 1028, skal òg ha vorte teke til konge i Borg, som siste hyllingssted etter å ha vorte teke til konge i heile resten av Noreg først. Om Knut si kongehylling vert ikkje omgrepet Borgarting nytta, Snorre skriv berre at Knut vart teken til konge i Borg.[7] Det er først med kong Inge drygt hundre år seinare at omgrepet Borgarting vert nytta.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Snorre, Olav den helliges saga, kap. 61
  2. Norseng (2005): 32-34
  3. Snorre, Magnus Erlingssons saga, kap. 24
  4. Historia Norvegiæ: 20
  5. Norseng (2005): 33
  6. Snorre, Haraldssønnenes saga, kap. 1
  7. Snorre, Olav den helliges saga, kap. 173

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Norseng, Per G. & Eliassen, Sven G.: Østfolds historie, bind 2. I Borgarsysle. Østfold fylkeskommune 2005
  • Snorre Sturlasson, Olav han vert heilaga saga, Haraldssønnenes saga, Magnus Erlingssons saga. I: Noregs Kongesagaer, omsett av Anne Holtsmark. Gyldendal, Oslo 1979