Boris Kustodijev
Boris Kustodijev | |
Sjølvportrett fram om Troitse-Sergijeva Lavra, 1912 | |
Fødenamn | Борис Михайлович Кустодиев |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Sovjetunionen |
Fødd | 23. februar 1878 Astrakhan |
Død |
28. mai 1927 (49 år) |
Yrke | kunstmålar, scenograf |
Språk | russisk |
Boris Kustodijev på Commons |
Boris Mikhailovitsj Kustodijev (7. mars 1878–26. mai 1927) var ein russisk målar, grafikar, bilethoggar og scenedesignar.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Kustodijev vart fødd i Astrakhan. Han var son av ein lærar ved det teologiske seminaret der,[1] som døydde tidleg. Mora måtte forsørga familien, og leigde rom hjå ein lokal kjøpmannsfamilie. Her fekk Kustodijev fleire inntrykk han seinare skildra i måleria sine.[2]
Boris Kustodijev byrja studere ved det teologiske seminaret etter endt skulegonge. Ved sidan av studia fekk han i åra 1893-96 undervisning i målekunst av P.A. Vlasov i Astrakhan.[3] Han hadde si fyrste utstilling i 1896.[1] I 1897 såg han ei Peredvizjniki-utstilling som gjorde djupt inntrykk.[2]
I perioden 1896 til 1903 heldt han fram med utdanninga si ved St. Petersburgs kunstakademi, med mellom andre V.J. Savinskij og Ilja Repin som læremeistrar. Han tok del i arbeidet med Repins måleri Riksrådet samla til markering (Заседание Государственного совета). Dessutan laga han fleire portrett av kjende, samtidige russarar, mellom anna av Ivan Bilibin (1901). Sommaren 1903 la Kustodijev ut på ei reise langs Volga, frå Rybinsk til Astrakhan, for å finna motiv å måla.[2]
Kustodijev avslutta studia sine i 1903, og med stipend frå kunstakademiet i St. Petersburg la han i veg på si fyrste av fleire utanlandsreiser. Desse førte han i 1904 til Frankrike og Spania, 1907 til Italia og 1909 til Austerrike og Tyskland og atter ein gong til Italia.[1] I denne tida laga han mange portrett og sjangermåleri.[1]
Frå 1905 til 1907 arbeidde han for det satiriske tidsskriftet Zjupel (norsk 'Skrekkgjenferd').[1] I 1905 byrja han også å illustrera bøker, noko han kom til å fortsetja med livet ut.[2] Han illustrerte verk av Nikolaj Gogol, Mikhail Lermontov og Leo Tolstoj. Frå 1911 laga han tidvis dekorasjonar til teateroppsetjingar, den fyrste til ei oppsetjing av eit stykke av Aleksandr Ostrovskij.[a][2]
Etter heimkomsten i 1909 til Russland vart Boris Kustodijev tilsett ved St. Petersburgs kunstakademi. To år tidlegare hadde han vorte medlem i Forbundet for russiske kunstnarar. I året 1911 slutta han seg til kunstrørsla Mir iskusstva. Frå 1913 underviste Kustodijev ved ein ny kunsthøgskule i St. Petersburg (Leningrad).
Alvorleg sjukdom, tuberkulose, tvinga han til å leggje vekk arbeidet med kunsten for ei tid, etter råd frå lækjar. Han gav seg i veg til ein privatklinikk i Sveits, og var der eit år. Frå 1916 var han lamma frå livet og ned. Han kunne ikkje forlata atelieret sitt, men fortsette å måla frå minnet.[1]
Etter oktoberrevolusjonen var han i arbeid på fleire felt, fyrst og fremst var han oppteken av tema i samtidas Russland. Slik oppstod utkast til plakatar, kalendrar, tidsskrift og bøker. Dessutan laga han litografi. I året 1923 vart han medlem av Unionen av målarar for det revolusjonære Russland. Han døydde i Leningrad i 1927.
Kustodijev laga livlege, skinande og frodige bilete. Størstedelen av verka hans er utstilte i Russlands Museum, i Nizjnij Novgorod kunstmuseum og i kunstmuseum i Astrakhan og i Tretjakovgalleriet.
Utvalde verk
[endre | endre wikiteksten]-
'Promenade langs Volga II' (1909)
-
'Promenade langs Volga' (1909)
-
'Marknad' (1910)
-
'Vår'
-
'Påskehelsingar' (1912)
-
'Venleiken' (1915)
-
'Feitetydsdag' (1919)
-
'Utstillingsbuer' (1916–1920)
-
Stenka Razin (1918)
-
'Kjøpmannskona' (1918)
-
'Landet' (1919)
-
'Bolsjevik' (1920)
-
'Festivalen til den andre Komintern-kongressen' (1921)
-
'Utsyn over Volga' (1922)
-
'Russiske Venus' (1926)
-
'Kjøpmann'
-
Portrett av Renee Notgaft (1914)
-
Tsar Nikolaj II (1915)
-
Portrett av hertuginne Grabovska (1917)
-
Portrett av Naoum Aronson (ca. 1910)
-
Portrett av Anisimov Aleksandr Ivanovitsj
-
Portrett av Vasilij Mate (1902)
-
Portrett av Julija Kustodjeva, kona til Kustodijev (1903)
-
Isaak Brodskij (1920)
-
Tsjaljapin eller Portrett av Tsjaliapin (1922)
-
Portrett av Nikolaj von Meck
-
'Huset mitt' (1914)
-
Sjølvportrett
-
'Portrett av ei ung kvinne'
-
Maksimilian Volosjin (1924)
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Горячее сердце, Gorjatsjeje serdtse
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Boris Kustodiyev Biography - Complete | Olga's Gallery», www.freeart.com, henta 28. juni 2021
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Biography of Boris Mikhailovich Kustodiev (1878-1927), Russian Artist», artroots.com, henta 28. juni 2021
- ↑ Kustodiev and Petrov-Vodkin as members of Mir Iskusstva (russisk)
- Denne artikkelen bygger på «Boris Michailowitsch Kustodijew» frå Wikipedia på tysk, den 24. november 2009.