Pjotr Kapitsa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pjotr Leonidovitsj Kapitsa
Пётр Леонидович Капица
Pyotr L Kapitsa Russian physicist 1964.jpg
Fødd26. juni 1894
Kronstadt i Det russiske keisardømet
Død8. april 1984 (89 år)
Moskva
StatsborgarskapRussisk
Sovjetisk
NasjonalitetRussisk
Områdefysikk
Yrkefysikar, oppfinnar, professor
InstitusjonarSt. Petersburgs statlige polytekniske universitet
University of Cambridge
Institute for Physical Problems
Moscow Institute of Physics and Technology
Statsuniversitetet i Moskva
A.V. Shubnikov Institute of Crystallography
Ioffe Institute
Alma materTrinity College i Cambridge
Q57998699
University of Cambridge
DoktorgradsrettleiarAbram Ioffe
Ernest Rutherford
Kjend forSuperfluid
BarnAndrej Kapitsa, Sergej Kapitsa
MedlemRoyal Society
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
National Academy of Sciences
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
Polska Akademia Nauk
American Academy of Arts and Sciences
Det sovjetiske vitskapsakademiet
International Academy of Astronautics
International Academy of the History of Science
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
Serbias vitenskaps- og kunstakademi
Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab
New York Academy of Sciences
Royal Irish Academy
American Physical Society

Pjotr Leonidovitsj Kapitsa (8. juli 1894 8. april 1984 ) var ein sovjetisk fysikar. Han mottok Nobelprisen i fysikk i 1978 for sine grunnleggande oppfinningar og oppdagingar innan lågtemperaturfysikken. Kapitsa mottok den eine halvdelen av prispengane, medan den andre halvdelen vart delt av Arno Penzias og Robert Woodrow Wilson.

Pjotr Kapitsa (til venstre) og Nikolaj Semjonov. Måleri av Boris Kustodijev frå 1921.

Frå 1921 til 1934 var han knytt til Cavendish Laboratory i Cambridge, der han arbeidde med Ernest Rutherford. Frå 1930 til 1935 var han òg professor ved Royal Society og direktør for Mond-laboratoriet i Cambridge. Han vart direktør ved Vavilov-instituttet i 1935. I 1946 vart han fjerna frå denne stillinga av Stalin fordi han ikkje ynskte å delta i utviklinga av kjernevåpen, men fekk stillinga attende i 1955. Samstundes vart han då professor ved Moskva fysisk-tekniske institutt.

Kapitsa vart i 1966 innvalt som utenlandsk medlem av Kungliga Vetenskapsakademien. Han vart utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1946.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]