Bridges av Alika Milova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Bridges»
Song av Alika Milova

Land Estland
Språk Engelsk
Utgjeve 2. desember 2022
Sjanger Pop
Lengd 03:05
Selskap Universal Music Oy
Komponist Wouter Hardy, Alika Milova
Tekstforfattar Alika Milova, Wouter Hardy, Ravvel
Låtskrivar(ar) Alika Milova, Wouter Hardy, Nina Sampermans

«Bridges» (norsk omsetjing: ‘bruer’) er ein song frå 2022 med den estiske songaren Alika Milova. Songen vann den estiske songtevlinga Eesti Laul 2023 og var det estiske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

I eit intervju med Eurovision-nettsida ESCUnited, blei «Bridges» skapt i samband med ei innspeling i Nederland saman med låtskrivarkollegaen Wouter Hardy.[1] Milova blei plutseleg veldig uroleg og gjekk til eit toalett for å gråte. Hardy baud ho deretter ut på lunsj for å lufte angsten. Etter å ha nølt, takka ho ja. Seinare drog dei heim til han for å skrive musikk, og der skreiv dei «Bridges» i løpet av tre timar.[1] Hardy har skrive ei rekkje låtar tidlegare, og står bak Eurovision-låtane «Arcade» (vinnar for Nederland i 2019) og «Tout l’Univers» (tredjeplass for Sveits i 2021)

For Milova representerer «Bridges» alle kjenslene ho opplevde i studio den dagen. Tittelen spelar på at ho ønskjer at lyttaren skal kommunisere med seg sjølv og med andre, sjølv om du føler at du er «fortapt i ei stor verd med mange folk rundt deg».[1]

«Bridges» var eit av bidraga i den estiske songtevlinga Eesti Laul 2023 der vinnaren fekk representere Estland i Eurovision Song Contest 2023. Songen vann finalen laurdag 11. februar og blei dimed det estiske bidraget i Eurovision Song Contest.[2]

Estland deltok i den andre semifinalen torsdag 11. mai i Liverpool. Der enda «Bridges» på ein tiandeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai.[3] Songen enda på åttandeplass i finalen, det beste resultatet til Estland på fem år.[4]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2023) Høgaste
plassering
Flagget til Island Island (Plötutíðindi)[5] 40
Flagget til Litauen Litauen (AGATA)[6] 20
Det nederlandske flagget Nederland (Single Tip)[7] 23
Flagget til Sverige Sverige (Sverigetopplistan)[8] 17
UK Download (Official Charts Company)[9] 51

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «ALIKAinterview: “My song talks about hope”». escYOUnited (på engelsk). 6. februar 2023. Henta 25. mars 2023. 
  2. Percy, Lucy (11. februar 2023). «Estonia: Alika wins Eesti Laul 2023 with "Bridges"». wiwibloggs (på engelsk). Henta 25. mars 2023. 
  3. «Eurovision2023: Allocation Draw results». eurovision.tv (på engelsk). 31. januar 2023. Henta 22. mars 2023. 
  4. «Estonia». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023. 
  5. «Tónlistinn– Lög» [The Music – Songs] (på islandsk). Plötutíðindi. Henta 21. mai 2023. 
  6. «202320-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023. 
  7. «DutchSingle Tip 20/05/2023». dutchcharts.nl (på nederlandsk). Henta 20. mai 2023. 
  8. «VeckolistaHeatseeker, vecka 20». Sverigetopplistan. Henta 19. mai 2023. 
  9. "Archive Chart" UK Download Chart. Official Charts Company.