Brigantarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Briganternes antatte område i nordlege England

Brigantarane var ein keltisk stamme som i tida før opprettinga av Romersk Britannia budde i området mellom elvane Tyne og Humber i nordlege England. Området deira, ofte kalla Brigantia, var sentrert rundt det som seinare vart til Yorkshire. Den greske geografen Klaudios Ptolemaios namngav ein (annan?) stamme ved same namn i Irland som dei oppheldt seg i området Wexford, Kilkenny og Waterford, medan historikaren Strabon omtalte det som truleg var ein annan stamme med same eller liknande namn, Brigantii, som ei undergruppe av vindelikarar (Vindelici) i Alpe-regionen.[1][2]

Innanfor det som er Storbritannia grensa britgantarane sitt område til fire andre keltiske stammar: Karvetiarar (Carvetii) i nordvest, som dei kan ha vore nærskyldt med; parisarar (Parisi) i aust; korieltauvarar (Corieltauvi) og kornoviarar (Cornovii) i sør. I nord låg området til votadiniane (Votadini) som oppheldt seg i området ved dagens grense mellom England og Skottland.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Hestemaske frå 100-talet, funne ved bygdeborga i Stanwick.

Namnet til brigantarane (gresk Βρίγαντες) delar same urkeltiske rotord som den keltiske gudinna Brigantia, *brigant- i tyding «høg, opphøgd» og det er uklart om busetjingane som blei kalla for Brigantium blei kalla det fordi dei var «høge» eller «opphøgde» i metaforisk tyding av å tilhøyra ein adel, eller om det var bokstaveleg dei som budde i opplandet, ein referanse til fjellkjeda Penninane, eller om dei budde i bygdeborger som fysisk låg høgt i terrenget.[3]

På moderne walisisk betyr ordet braint 'forrett, prestisje' og kjem frå same ordrot som *brigantī. Andre nærskylde former frå moderne keltiske språk er walisisk brenin, 'konge' (< *brigantīnos); walisisk/kornisk/bretonsk bri 'forrett, omdømme, ære, rang, verdigheit'; skotsk-gælisk brìgh, 'kraft, styrke, makt'; irsk brí, 'energi, tyding'; mansk bree, 'kraft, energi', (alle < *brīg-/brigi-); og walisisk/kornisk/bretonsk bre, 'høgd, ås' (< *brigā). Personnamnet Bridget, frå gamaelirske Brigit (moderne irsk Bríd) kjem òg frå Brigantī, og det same gjer stadnamnet for den engelske elva Brent.

Det er fleire oldtidsbusetnader kalla Brigantium rundt om i Europa, mellom anna Berganza i Alava (Spania), Betanzos og Bergondo i Galicia (Spania), Bragança i Portugal og Briançon, Brigetio ved grensa av Slovakia og Ungarn, Brigobanne som ligg ved elva Breg og nær elva Brigach i sørlege Tyskland (før-romerske Vindelicia) og Bregenz i Alpane.[4][5][6][7][8]

Det italienske ordet brigante, som engelske og franske brigand og brigade kjem frå, opptrer i mellomalderlatin på 1300-talet i formene brigancii, brigantii, brigantini, brigantes.[9][10] Sjølv om eit opphavleg keltisk opphav for ordet er mogleg, verker eitkvart samband mellom det italienske omgrepet og det keltiske stadnamnet usannsynleg sidan brigantarar ikkje hadde noka betydeleg rolle på Den italienske halvøya, og hadde forsvunne som eit folk rundt tusen år før omgrepet er dokumentert.

Historie[endre | endre wikiteksten]

romarane invaderte Dei britiske øyane i år 43 var brigantarane den sterkaste keltiske stammen på øyane. Frå byrjinga av var dei vennleg stilte mot romarane, og fekk status som klientkongedømme, det vil seia eit kongedømme kontrollert av guvernøren i romersk Britannia, men med ein viss autonomi.

I år 50 søkte Caratacus tilflukt hos brigantenes dronning Cartimandua etter å ha lide nederlag i slaget ved Caer Caradock. For å visa lojaliteten sin mot romarane overleverte ho han til dei, og han blei teken til Roma i lenker. Dermed var ein av dei sterkaste av dei keltiske krigsherrane sett ut av spel.

Tacitus, i ein tale lagt i munnen på den kaledonske leiaren Calgacus, viser til brigantarane som «under leiarskapet til ei kvinne» nesten overvann romarane.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Celtic Ireland in the Iron Age». Wesleyjohnston.com.
  2. Strabon: Geografika, bok IV, kapittel 6
  3. Oppslagsord «bhereg'h-» i Pokorny, Julius (1959): Indogermanisches etymologisches Wörterbuch
  4. «The Brigantes» Arkivert 2006-12-31 ved Wayback Machine.. Roman-Britain.org.
  5. «Brigantium» Arkivert 2008-09-18 ved Wayback Machine.. Terra.es.
  6. «Brigetio (Szöny) Komárom». The Princeton Encyclopedia. 1976.
  7. «Vindelicia kart». Europeana. 1830.
  8. «Brigobanne Germany». The Princeton Encyclopedia. 1976.
  9. «brigade (n.)», Online Etymology Dictionary
  10. Se oppslagsord i Oxford English Dictionary (OED).
  11. Tacitus: Agricola 31

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Branigan, Keith (1980): Rome and the Brigantes: the impact of Rome on northern England. University of Sheffield. ISBN 0-906090-04-0
  • Hartley, Brian (1988): The Brigantes. Sutton. ISBN 0-86299-547-7