Brunskulderlo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brunskulderlo

Status i verda: LC Livskraftig

Bilete frå Fyshwick Sewage Treatment Plant, Canberra, AustraliaFoto: JJ Harrison
Bilete frå Fyshwick Sewage Treatment Plant, Canberra, Australia
Foto: JJ Harrison

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Charadriidae
Slekt: Elseyornis
Art: E. melanops
Vitskapleg namn
Elseyornis melanops

Brunskulderlo (Elseyornis melanops) er ein vadefugl knytt til ferskvatn, og ei lita lo som gjer ut for si eiga biologiske slekt Elseyornis. Tidlegare var arten endemisk til Australia, frå slutten av 1950-talet har han òg spreidd seg over New Zealand.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vaksen brunskulderlo
Foto: Brett Donald

Brunskulderloa er ei relativt lita lo, ca. 17 centimeter med kroppssvekt på 33 gram, berre ca. 55 % av kroppsvekta til ei sandlo, til samanlikning.

Denne arten har namn på norsk etter den kastanjebrune skulderflekken, elles er oversida spraglete lysebrun, og undersida er kvit med svart, V-forma brystband. Panna og augestripa er svart, augebrynet kvitt og krona er lysebrunt som ryggen. Nebbet er raudt bortsett frå tuppen som er svart. Beina er grårosa. Begge kjønn har same fjørdrakta, og ho er uforandra året rundt, men ungfuglar manglar dei iaugefallande trekka som brystband, svart panne og skulderflekk. Eit karaktertrekk for arten er treig, rykkete flyging der dei ropar 'pitt', i flukt er oversida av ytste delar av vengen og halen svarte.

Ein kan finne brunskulderloa over det meste av Australia inklusive Tasmania der det finst vatn, dei held seg rundt ferskvassdammar, plassar med søle, sumpar eller ved innsjøar, enten aleine eller i småflokkar. På Nordøya finst denne arten spreidd ved elver, innsjøar i estuar i nord mot Bay of Plenty og i søraust. Dei få, ca. 300 individa på Sørøya lever på austsida av øya. Brunskulderloer er i ei viss grad standfuglar som passar eit territorium året rundt, men mange kan danne flokkar om vinteren for beiting.

Hekketida er vår og sommar frå august til februar. Hekkeplassar ligg ofte ved elveleier. Reira enkle, grunne senkingar, fôra med tørr vegetasjon. Kullet er vanlegvis på 3, nokre gonger 2 egg. Klekkinga skjer etter ein 22-26 dagar, begge foreldra rugar.

Dietten består av både virvellause dyr, krepsdyr, insekt og meitemark.

Arten har status som livskraftig, og bestanden er estimert til ca. 15 500 individ i Australia (2007),[1] og 1700 på New Zealand, av desse 1400 på Nordøya.[2] er trudd å vere aukande.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Geering, Andrew; Lindsay Agnew, Sandra Harding (2007-06-19). Shorebirds of Australia. Csiro Publishing. ISBN 9780643103009. 
  2. Heather og Hugh Robertson 2005
  3. BirdLife International 2013

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Brunskulderlo