Buzz Gardner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Buzz Gardner
Fødd1931
FødestadCleveland
Død1. februar 2004
OpphavUSA
Sjangerjazz
Instrumenttrompet
Verka sommusikar

Charles «Buzz» Guarnera (19311. februar 2004) var ein amerikansk trompetist og flygelhornspelar. Han var bror til Bunk Gardner og begge spelte med Frank Zappa and The Mothers of Invention.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Han var fødd i 1931 i Cleveland i Ohio. Guarnera starta å spele musikk i særs ung alder. Han dreiv mot storband- og jazzmusikk. 16 år gammal starta Guarnera musikkarrieren sin med å turnere i midtvesten med Jack Wilson. Han flytta så til New York City og studerte ved Mannes School of Music. I 1951 gjorde han militærteneste i Trieste i Italia. Han spelte i eit militærband med den mellom andre fløytespelaren Herbie Mann. Han delte ein periode rom med Don Preston som seinare spelte med han i Frank Zappa and the Mothers of Invention. I 1953 enda militærtenesta til Guarnera og han flytta til Paris i Frankrike. Meda han var i Paris spelte han med René Thomas og André Hodeir, og spelte inn nokre album med han. I 1955 flytta Gardner attende til New York for å studere ved Manhattan School of Music. I 1959 gjekk han ut frå Manhattan School of Music med ein bachelorgrad i musikk. Han flytta så til Los Angeles og spelte med broren Bunk. Brødrene spelte i latin- og jazzgrupper i lag.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1962 møtte Buzz igjen Don Preston og spelte i Don Preston's Unnamed Experimental Project. I 1968 hadde han byrja å spele avantgarde og jazzfusionmusikk. I november 1968 slo Buzz seg saman med Frank Zappa og the Mothers of Invention der han spelte trompet. Då spelte han igjen i lag med broren Bunk. Buzz var berre med på to album av the Mothers of Invention, Burnt Weeny Sandwich og Weasels Ripped My Flesh. I august 1969 avslutta Zappa the Mothers. Buzz og Bunk drog vidare for å spele med John Balkin som Menage A Trois i 1969-1972.

Brødrene er med på Tim Buckley sitt Starsailor i 1970 og debutalbumet til Dominic Troiano, Dominic Troiano i 1972. I 1980 spelte Buzz i lag med somme av the Mothers of Invention-medlemmane Bunk, Jimmy Carl Black, Jim Sherwood og Don Preston. Gruppa kalla seg the Grandmothers og spelte inn nokre få album. Dei kom saman att i 2002.

Gardner døydde 1. februar 2004, 72 år gammal.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • René Thomas quintet: rené thomas et son quintette 1954
  • Bobby Jaspar: bobby jaspar's new jazz vol.2 1954
  • Andre Hodeir et le jazz groupe de paris: essais 1955

Med Frank Zappa and the Mothers of Invention[endre | endre wikiteksten]

Med Captain Beefheart & his Magic Band[endre | endre wikiteksten]

Geronimo Black[endre | endre wikiteksten]

Tim Buckley[endre | endre wikiteksten]

Domenic Troiano[endre | endre wikiteksten]

  • Domenic Troiano (1972)

med Grandmothers[endre | endre wikiteksten]

  • The Grandmothers (1981)
  • Fan Club Talk (1981)
  • Lookin Up Granny's Dress (1983)
  • A Mother of Anthology (1993)

med Ant-Bee[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]