Don Preston

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Don Preston
Don preston portrait.jpg
Fødd21. september 1932 (87 år)
FødestadFlint i Michigan
OpphavUSA
Aktiv1950-åra til i dag
SjangerRock, jazz
InstrumentPiano, klaverinstrument, Moog-synthesizer
Tilknytte artistarFrank Zappa, The Mothers of Invention
Verka somBandleiar, studiomusikar

Donald Ward Preston (fødd 21. september 1932), òg kjend som Dom DeWilde eller Biff Debrie, er ein amerikansk jazz- og rockemusikar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Preston vart fødd i ein musikarfamilie i Detroit[1] og byrja å studere musikk i tidleg alder. Faren var komponist for Detroit Symphony Orchestra.

Preston gjekk seinare inn i forsvaret og tente i Trieste i Italia. Då han kom attende til Detroit tidleg i 1950-åra vart Preston kjend med pianist Tommy Flanagan. Han spelte òg med Elvin Jones og andre ved West End Cafe i byen, der Yusef Lateef heldt jammar to gonger i veka med broren til Milt Jackson, bassisten Alvin Jackson.

Preston flytta til Los Angeles i 1957 der han slo seg saman med pianisten Paul Bley, bassisten Charlie Haden, og andre som høyrte jazz på nye måtar.

Preston hadde eit langt samarbeid med Frank Zappa som klaverspelar i det originale Mothers of Invention. Preston spelte i lag med Zappa til 1974. På den tida var han musikkleiar for Meredith Monk[2] (som han tidlegare hadde delt hus med) og starta innspeling og framføring av elektronisk musikk.

Han var med på å starte the Grandmothers og er framleis aktiv i bandet, og var på turné med bandet i 2000 til 2011.

Preston har òg vore gjesteartist med Zappa-hyllestbandet Project/Object (i lag med andre Zappa-musikarar som Ike Willis og Napoleon Murphy Brock) på fleire konsertar i 2001 og 2002.

Don har spelt med artistar som Frank Zappa, Lou Rawls, Al Jarreau, Nat King Cole, Billy Daniels, Johnnie Ray, Vaughn Monroe, Connie Francis, Herbie Mann, Elvin Jones, Charlie Haden, Art Davis, Paul Bley, Carla Bley, Joe Beck, Shorty Rogers, Leo Sayer, Charles Lloyd, Nelson Riddle, J.R. Monterose, Flo & Eddie (Howard Kaylan & Mark Volman of The Turtles) Yusef Lateef, Don Ellis, Meredith Monk, Bobby Bradford, Michael Mantler, John Lennon og Yoko Ono.

Don Preston må ikkje forveklast med Don Preston som spelte sologitar for Joe Cocker og Leon Russell i 1970-åra.[3]

I 2010 starta Preston i lag med den langvarige venen Bunk Gardner eit samarbeid med gitaristen og låtskrivaren Jon Larsen og Zonic Entertainment. Dei første innspelingane var ein sjølvbiografi, The Don Preston Story, etterfølgd av elektronisk musikk og romdramaet Colliding Galaxies. På denne tida byrja Preston og Bunk Gardner å turnere som Don & Bunk Show. .

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som skodespelar har Don Preston spelt i:

Som Don Preston Trio

Som Don Preston's The Akashic Ensemble

Som The Don & Bunk Show

Med Frank Zappa/Mothers Of Invention/The Mothers

Med The Grandmothers

Andre sine album

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Don Preston 15-april-2007 interview». Archive.org. Henta 24. mai 2014. 
  2. Slaven, Neil (2003). Electric Don Quixote : the definitive story of Frank Zappa ([New ed.]. utg.). London: Omnibus. ISBN 9780711994362. Don Preston went to New Your to work with Meredeth Monk's multi-media musical theater. 
  3. «Don Preston». United Mutations. Henta 24. mai 2014.