Weasels Ripped My Flesh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Weasels Ripped My Flesh
Studioalbum av The Mothers of Invention
Utgjeve 10. august 1970
Innspelt desember 1967 – august 1969
Lengd 43:03
Selskap Bizarre, Reprise
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi
Burnt Weeny Sandwich
(1970)
Weasels Ripped My Flesh Chunga's Revenge
(1970)
Platemeldingar
Meldingar
Kjelde Karakter
Allmusic 4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
Robert Christgau B+[2]

Weasels Ripped My Flesh er eit album av The Mothers of Invention som kom ut i 1970. Det er det andre «posthume» albumet til the Mothes, etter at bandet vart oppløyst i 1969,[3] og kom etter Burnt Weeny Sandwich. I motsetnad til føregjengaren, som hovudsakleg bestod av studioopptak av nøye arrangerte komposisjonar, består Weasels Ripped My Flesh hovdusakleg av konsertopptak og er song-orientert.

Albuminformasjon[endre | endre wikiteksten]

Zappa hadde alt synt ein hang til å uttrykke musikken sin i «fasar»—We're Only in It for the Money vart skriven som «fase ein av Lumpy Gravy"— reknar Zappa-fans stundom dette albumet som fase to av Burnt Weeny Sandwich.[treng kjelde] Begge albuma består av musikk av Mothers som ikkje tidlegare var gjeve ut, etter at Frank Zappa la ned gruppa i 1969. Alle utanom eitt spor på Burnt Weeny Sandwich har ei meir planlagt kjensle fanga av studioutstyr, medan fem spor frå Weasels Ripped My Flesh er the Mothers på scenen, der dei nyttar seg av frenetisk og kaotisk improvisasjon som er karakteristisk for avantgarde jazz og frijazz. Dette er særleg tydleg på «Eric Dolphy Memorial Barbecue», ein hyllest til multiinstrumentalisten, og som var ei av inspirasjonskjeldene nemnt i omslaget på albumet Freak Out!. Han døydde i 1964. Songen opnar med ein kompleks melodi over ein 3/4-rytme, og bryt ut i hyl og latter etter tre minuttar, så vert temaet repetert og utvida. Etter ein kort seksjon med villskap, vert nummeret avslutta med stopp-start-måten. Påverknadane klassisk musikk hadde på Zappa er karakterisert på satirisk måte på «Prelude to the Afternoon of a Sexually Aroused Gas Mask», eit skodespel om Debussy sin «Prelude a l'apres-midi d'un faune (Prelude to the Afternoon of a Faun)». «Oh No» er ein vokal versjon av temaet som opphavleg kom ut på Zappa-albumet Lumpy Gravy. Teksten «I think you're probably out to lunch» er ein referanse til Dolphy-albumet Out to Lunch! frå 1964. Avslutninga på albumet og tittelsporet består av at alle musikarane på scenen skapar så mykje støy og feedback som dei kan i løpet av to minutt. Ein kan høyre ein i publikum som roper etter meir då det heile er over. Allmusic Guide konkluderer med at sporet er «heilt logisk sett i samanheng med resten av albumet». Albumet inneheld òg ein blues med Don «Sugarcane» Harris på fiolin og vokal med «Directly From My Heart to You» (som i røynda vart spelt inn under innspelinga av Hot Rats).

Albumet dokumenterer òg den korte perioden Lowell George (gitar og vokal), var i bandet, som gjekk vidare og starta countryrockbandet Little Feat med Mothers-bassisten Roy Estrada . På «Didja Get Any Onya», etterliknar George ein tysk aksent og fortel ei soge om då han var liten gut i Tyskland og såg «mange folk som stod på gatehjørner og stilte spørsmål, 'Why are you standing on the corner, acting the way you act, looking the way you look, why do you look that way?'»

Rykodisc-versjonen på CD inneheld ein annan versjon av «Didja Get Any Onya?» og «Prelude to the Afternoon of a Sexually Aroused Gas Mask», med musikk som vart redigert bort frå LP-versjonen. Noko av denne ekstramusikken vart nytta (i forskjellige studioopptak) som akkompagnement på «The Blimp» på Captain Beefheart-albumet Trout Mask Replica, som var produsert av Frank Zappa.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Frank Zappa fekk Neon Park til å skape eit øydeleggande bilete basert på ein artikkel frå magasinet Men's adventure frå september 1956 kalla Man's Life. Etter å ha synt Neon magasinet sa Zappa, «Det er det. Kva kan du gjere som er verre enn dette?»[4] Svartet til Neon var ein parodi på ein reklame for barbermaskin av typen Schick.[4] Plateslekspaet gav ut albuemt med dette omslaget trass i at dei var i tvil.[5]

Den tyske utgåva av albumet hadde eit plateomslag som syner ein metallbaby fanga i ei rottefelle. Dette omslaget var ikkje godkjend av Zappa.

Burnt Weeny Sandwich og Weasels Ripped My Flesh vart òg gjeve ut på ny i lag som 2 Originals of the Mothers of Invention, med dei originale omslaga som venstre- og høgresida av innsida av omslaget. På framsida var det bilete av ein pistol som skyt ut tannpasta på ein tannkost.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar om albumet kalla det «merkeleg» (Billboard, 29. august 1970) og ei «tilfeldig samling konsertopptak av the Mothers» (Rolling Stone, 1. oktober 1970). I dag er det plassert i ein historisk samanheng og meldingar i dag er generelt mildare. Eit døme er Christgau's Record Guide (frå 1981), som gav albumet B+. Allmusic gav det 4,5 stjerner av 5, og kalla det ei «fascinerande samling», og sa «Zappa sin alt-går-an-metode og avstanden mellom ekstrema hans er det som til sjuande og sist gjer Weasels Ripped My Flesh forfriskande»[6] I boka si Viva Zappa!, skreiv Dominique Chevalier at albumet er «eit av Zappa sine mest aggresivt bisarre verk, full av kryssreferansar til frijazz og moderne klassiske musikarar som Luciano Berio». Han sa òg at det beste stykket var «Eric Dolphy Memorial Barbecue», og kalla det «den smartaste hyllesten han kunne ha fått».[7]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Frank Zappa utanom der andre er nemnte. 

Side ein
# Tittel Innspelt Lengd
1. «Didja Get Any Onya»   2. mars 1969, Philadelphia Arena, Philadelphia 3:44
2. «Directly from My Heart to You» (Richard Wayne Penniman) juli 1969, TTG Recording Studios, Hollywood 5:17
3. «Prelude to the Afternoon of a Sexually Aroused Gas Mask»   25. oktober 1968, Royal Festival Hall, London 3:35
4. «Toads of the Short Forest»   august 1969, Whitney Studios, Glendale og 7.-8. februar 1969, Thee Image, Miami 4:48
5. «Get a Little»   13. februar 1969, The Factory, New York 2:35
Side to
# Tittel Innspelt Lengd
6. «Eric Dolphy Memorial Barbecue»   juni 1969, A&R Studios, New York 6:53
7. «Dwarf Nebula Processional mars & Dwarf Nebula»   desember 1967-februar 1968, Apostolic Studios, New York 2:12
8. «My Guitar Wants to Kill Your Mama»   februar 1969, Criteria Studios, Miami og august–september 1969, T.T.G. Studios, Hollywood 3:35
9. «Oh No»   desember 1967-februar 1968, Apostolic Studios, New York 1:46
10. «The Orange County Lumber Truck»   oktober 25, 1968, Royal Festival Hall, London 3:18
11. «Weasels Ripped My Flesh»   mai 30, 1969, Town Hall, Birmingham 2:05

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsent: Frank Zappa
  • Kunstnarisk leiar: John Williams
  • Plateomslag: Neon Park
  • Fotografi: John Williams
  • Digital kunst: Bob Stone

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1970 Pop Albums 189

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Huey, Steve (2011). «Weasels Ripped My Flesh - The Mothers of Invention | AllMusic». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/weasels-ripped-my-flesh-r22638. Henta 31. mai 2014. 
  2. Christgau, Robert (2011). «Robert Christgau: CG: Artist 4155». robertchristgau.com. http://www.robertchristgau.com/get_artist2.php?id=4155. Henta 31. mai 2014. 
  3. Frank Zappa#Oppløysinga av det originale Mothers of Invention (1969)
  4. 4,0 4,1 «the big nOte files». Black Page. april 2005. http://www.united-mutations.com/123/big_note_files200504.htm. Henta 3. juni 2014. 
  5. Thorgerson, Storm; Powell, Aubrey (1999). 100 Best Album Covers: The Stories Behind the Sleeves. Dorling Kindersley. ss. 152. ISBN 0-7513-0706-8. 
  6. http://www.allmusic.com/album/weasels-ripped-my-flesh-r22638/review allmusic review
  7. Viva Zappa 1986 Chevalier, Dominique Page 64