Burnt Weeny Sandwich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Burnt Weeny Sandwich
Studioalbum av The Mothers of Invention
Utgjeve 9. februar 1970
Innspelt august 1967 – juli 1969
Sjanger Jazzfusion, eksperimentell rock, avantgarde
Lengd 41:07
41:27 (2012 remaster)
Selskap Bizarre/Reprise
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi
Hot Rats
(1969)
Burnt Weeny Sandwich Weasels Ripped My Flesh
(1970)
Singlar frå Burnt Weeny Sandwich
  1. «WPLJ»
    Utgjeve: 1969
Platemeldingar
Meldingar
Kjelde Karakter
Allmusic 4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]

Burnt Weeny Sandwich er eit album av The Mothers of Invention som kom ut i 1970. Det består både av musikk spelt inn i studio og konsertopptak.[1][2][3][4] I motsetnad til Weasels Ripped My Flesh, som hovudsakleg er live og song-orientert, fokuserer det meste av Burnt Weeny Sandwich på studioopptak og tett arrangerte komposisjonar.

Albumet inneheldt ein stor svartkvit plakat ("The Mothers Of Invention Sincerely Regret To Inform You») som ikkje er blitt produsert på ny for CD-utgjevingane. Fram til Zappa Family Trust-utgjevinga av albumet i 2012, mangla CD-utgåvene ein del av byrjinga av «The Little House I Used to Live In» som var med på den originale LP-utgåva.

Tittel[endre | endre wikiteksten]

Den uvanlege tittelen på albumet sa Zappa seinare kom frå ein snack han åt på den tida, som bestod av ein brend hotdog-sandwich frå Hebrew National med majones.

Burnt Weeny Sandwich og Weasels Ripped My Flesh vart gjeve ut på ny i lag som 2 Originals of the Mothers of Invention, med dei originale plateomslaga nytta som venstre- og høgresida av brettutomslaget. Framsida synte ein pistol som skaut ut tannpasta på ein tannkost.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Albumet var i røynda ei 'posthum' Mothers-utgjeving, som vart gjeven ut etter at Frank Zappa hadde løyst opp bandet.[5]

Ian Underwood medverkar mykje på albumet. Dette albumet, og Weasels Ripped My Flesh, består av musikk frå kvelvet til the Mothers av songar som ikkje var gjeve ut før. Der Weasels hovudsakleg består av konsertopptak, er det meste av Burnt Weeny Sandwich studioopptak og strukturerte Zappa-komposisjonar, som hovudverket på albumet, «The Little House I Used to Live In», som består av fleire satsar og nyttar taktartar som 11/8 med ein melodi oppå i 10/8.

Gitarsoloen på «Theme from Burnt Weeny Sandwich» er eit opptak for ein unytta, lengre versjon av «Lonely Little Girl» frå innspelinga av We're Only in It for the Money i 1967. Zappa og Art Tripp la seinare på perkusjon for denne utgåva.[treng kjelde]

«Valarie» var opphavleg meint for singel, i lag med «My Guitar Wants to Kill Your Mama». Men anten Zappa sjølv, eller selskapet hans Reprise Records, avlyste utgjevinga og han kom ut på albumet i stadenfor.[treng kjelde]

«Igor's Boogie» er ein referanse til ein av dei store inspirasjonskjeldene til Zappa, komponisten Igor Stravinsky.[6]

Cal Schenkel har fortalt at det unike omslaget for Burnt Weeny Sandwich opphavleg var bestilt som eit omslag for ei utgjeving av Eric Dolphy.

Pianointroduksjonen på «The Little House I Used to Live in» finst på Yvar Mikhashoff si 4 CD-samling Yvar Mikhashoff's Panorama of American Piano Music.[7]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Frank Zappa utanom der andre er nemnte. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «WPLJ» (The Four Deuces) 3:02
2. «Igor's Boogie, Phase One»   0:40
3. «Overture to a Holiday in Berlin»   1:29
4. «Theme from Burnt Weeny Sandwich»   4:35
5. «Igor's Boogie, Phase Two»   0:35
6. «Holiday in Berlin, Full Blown»   6:27
7. «Aybe Sea»   2:45
Side to
# Tittel Lengd
8. «The Little House I Used to Live in»   18:42
9. «Valarie» (Jackie and the Starlites) 3:14

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsent: Frank Zappa
  • Lydteknikar: Dick Kunc
  • Arrangør: Frank Zappa
  • Design: John Williams
  • Plateomslag: Cal Schenkel

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1970 Pop Albums 94

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Allmusic review
  2. Lowe, Kelly Fisher (2007). The Words and Music of Frank Zappa. ISBN 0803260059. 
  3. Academy Zappa: Proceedings of the First International Conference of Esemplastic Zappology (ICE-Z). 2005. ISBN 9780946719792. 
  4. James, Billy (2002-10-01). Necessity Is: The Early Years of Frank Zappa and the Mothers of Invention. ISBN 9780946719518. 
  5. James, Billy (2002). Necessity Is . . .: The Early Years of Frank Zappa and the Mothers of Invention (2nd ed.). SAF Publishing Ltd. s. 133. ISBN 0-946719-51-9. , Extract of page 133
  6. Watson, Ben (1994). Frank Zappa: The Negative Dialectics of Poodle Play. Quartet Books Ltd. s. 9. ISBN 0-7043-7066-2. 
  7. «Yvar Mikhashoff's Panorama of amerikansk Piano Music». Mode Records. http://www.moderecords.com/catalog/262-265-mikhashoff.html. Henta 14 februar 2014.