Bylbylar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bylbylar


BrunøyrebylbylIxos amaurotis
Brunøyrebylbyl
Ixos amaurotis

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Pycnonotidae
Slekter
  • Andropadus
  • Bylbylar, Pycnonotidae, er ein biologisk familie av små til mellomstore fuglar innanfor inndelinga songfuglar av sporvefuglar. Familien er fordelt over det meste av Afrika og inn i Midtausten, gjennom tropisk Asia til Indonesia, og så langt nord som Japan. Nokre få isolerte artar lever på dei tropiske øyane i Indiahavet. Det finst om lag 140 artar i 23 slekter. Medan nokre artar finst i dei fleste habitat, er afrikanske artar hovudsakleg funne i regnskogen. Derimot er regnskogsartar sjeldne i Asia, i staden føretrekkjer dei meir opne område der.

    Den einaste bylbylen som førekjem i Europa ber ein gul flekk, men er elles brunleg. Han vart oppdaga i Kykladane.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Arabarbylbyl, Pycnonotus xanthopygos

    Bylbylar er slanke sporvefuglar med kort hals. Stjerten er lang og vengene korte og avrunda. Hos mest alle artar er nebbet langstrakt og litt nedbøygd i enden. Dei varierer i lengd frå 13 cm for knøttbylbyl til 29 cm for stråbylbyl. Generelt er kjønna like, sjølv om hofuglar har ein tendens til å vere litt mindre ein hannfuglar. Hos nokre få artar er skilnadene så store at dei feilaktig har vore skildra som funksjonelt ulike artar. Den mjuke fjørdrakta hos nokre artar er fargerik med område i gult, raudt eller oransje i kinn, hals eller panne, men dei fleste er lite iaugefallande, med einsarta olivenbrun til svart fjørdrakt. Artar med kjedeleg farga auga har ofte augeringar i kraftig kontrastfarge. Nokre artar har mykje tydelege fjørtoppar. Bylbylar er særs vokale, songen for dei fleste artane blir skildra som nasal eller grusleg. Ein forfattar har skildra songen frå brunøyrebylbyl som «dei mest skjemmande lydar laga av nokon fugl»[1].

    Bylbylar et frå eit breitt spekter av ulike matkjelder, frå frukt til frø, nektar, små insekt og andre leddyr, og sjølv små virveldyr. Dei fleste artane er fruktetarar og supplere kosten med nokre insekt, medan det er ein betydeleg minoritet av spesialistar, særleg i Afrika. Ope land artar er spesielt generalistar. Bylbylar i slekta Criniger så vel som børstebylbylar i slekta Bleda utfører matauke i fleirartsflokkar.

    Bylbylar er generelt monogame. Eit uvanleg unntak er mustasjebylbyl som det minste i delar av utbreiingsområde synast å vere polygame og engasjerer seg i eit paringsleiksystem. Nokre artar har òg ordningar med «fosterforeldre», der dei som ikkje hekkar, vanlegvis unge fuglar frå tidlegare kull, bidrar til å syte for oppveksande ungar frå eit dominerande hekkande par. Hoa legg og rugar opptil fem lillarosa egg, reiret blir bygd i eit tre. Ruginga varar vanlegvis mellom 11 og 14 dagar, og ungane er flygedyktige etter 12-16 dagar.

    Tilhøvet til menneske[endre | endre wikiteksten]

    Raudøyrebylbyl og raudgumpbylbyl blir fanga i store mengder for sal som burfuglar. Dei har òg vorte mykje introduserte til tropiske og subtropiske område, til dømes sørlege Florida, Fiji, Australia og Hawaii. Nokre artar reknast som skadedyr for avlingar, særleg i frukthagar.

    Generelt er bylbylar er resistente mot menneskeleg påverknad på miljøet og er tolerant overfor forstyrra habitat. Rundt 13 artar er vurdert som trua av menneskeleg aktivitet, dette er hovudsakleg spesialiserte skogsartar som taper habitat.

    Etymologi og kultur[endre | endre wikiteksten]

    Ordet 'bylbyl' kjem gjennom tysk frå klassisk arabisk og persisk بلبل bulbul.[2] Det er eit lydhermande ord som viser til songen til fuglen.[3]

    Bylbylen er ein viktig fugl i arabisk og persisk dikting, og eit mykje brukt symbol innan sufismen. [4] I omsetjingar til europeiske språk blir han gjerne erstatta med nattergal.[5] I fleire asiatiske tradisjonar bruker ein til dømes «bulbul» som metafor om ein dyktig songar, slik ein i Vesten gjerne har brukt «nattergal».

    Systematikk[endre | endre wikiteksten]

    Bylbylar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[7]

    Slekt Andropadus

    • Krattbylbyl, Andropadus importunus, Sombre Greenbul, LC, Vieillot, 1818

    Slekt Stelgidillas

    • Smalnebbylbyl, Stelgidillas gracilirostris, Slender-billed Greenbul

    Slekt Calyptocichla

    Slekt Neolestes

    • Varslarbylbyl, Neolestes torquatus, Black-collared Bulbul, LC, Cabanis, 1875

    Slekt Bleda

    Slekt Arizelocichla

    Slekt Chlorocichla

    • Umbralauvbylbyl, Chlorocichla simplex, Simple Greenbul, LC, Hartlaub, 1855
    • Gulhakelauvbylbyl, Chlorocichla falkensteini, Yellow-necked Greenbul, LC, Reichenow, 1874
    • Gulbuklauvbylbyl, Chlorocichla flaviventris, Yellow-bellied Greenbul, LC, Smith, 1834
    • Jubellauvbylbyl, Chlorocichla laetissima, Joyful Greenbul, LC, Sharpe, 1899
    • Lendulauvbylbyl, Chlorocichla prigoginei, Prigogine's Greenbul, EN, De Roo, 1967

    Slekt Baeopogon

    • Honninglosbylbyl, Baeopogon indicator, Honeyguide Greenbul, LC, Verreaux & Verreaux, 1855
    • Bleikhalebylbyl, Baeopogon clamans, Sjostedt's Greenbul, LC, Sjöstedt, 1893

    Slekt Atimastillas

    Slekt Ixonotus

    • Flekkbylbyl, Ixonotus guttatus, Spotted Greenbul, LC, Verreaux & Verreaux, 1851

    Slekt Thescelocichla

    • Palmebylbyl, Thescelocichla leucopleura, Swamp Greenbul, LC, Cassin, 1856

    Slekt Criniger

    Slekt Eurillas

    Slekt Phyllastrephus

    • Bladbylbyl, Phyllastrephus scandens, Leaf-love
    • Markbylbyl, Phyllastrephus terrestris, Terrestrial Brownbul, LC, Swainson, 1837
    • Kjerrbylbyl, Phyllastrephus strepitans, Northern Brownbul, LC, Reichenow, 1879
    • Angolabylbyl, Phyllastrephus fulviventris, Pale-olive Greenbul, LC, Cabanis, 1876
    • Elvebylbyl, Phyllastrephus cerviniventris, Gray-olive Greenbul, LC, Shelley, 1894
    • Ashantibylbyl, Phyllastrephus baumanni, Baumann's Greenbul, LC, Reichenow, 1895
    • Ugandabylbyl, Phyllastrephus hypochloris, Toro Olive-Greenbul, LC, Jackson, 1906
    • Swahilibylbyl, Phyllastrephus fischeri, Fischer's Greenbul, LC, Reichenow, 1879
    • Jungelbylbyl, Phyllastrephus cabanisi, Cabanis's Greenbul, LC, Sharpe, 1881
    • Ravinebylbyl, Phyllastrephus poensis, Cameroon Olive-Greenbul, LC, Alexander, 1903
    • Sitronbylbyl, Phyllastrephus icterinus, Icterine Greenbul, LC, Bonaparte, 1850
    • Liberiabylbyl, Phyllastrephus leucolepis, Liberian Greenbul, CR, Gatter, 1985
    • Rustnakkebylbyl, Phyllastrephus lorenzi, Sassi's Greenbul
    • Svovelbylbyl, Phyllastrephus xavieri, Xavier's Greenbul, LC, Oustalet, 1892
    • Lianebylbyl, Phyllastrephus albigularis, White-throated Greenbul, LC, Sharpe, 1881
    • Akrobatbylbyl, Phyllastrephus flavostriatus, Yellow-streaked Greenbul, LC, Sharpe, 1876
    • Oskehovudbylbyl, Phyllastrephus poliocephalus, Gray-headed Greenbul, NT, Reichenow, 1892
    • Knøttbylbyl, Phyllastrephus debilis, Tiny Greenbul, LC, Sclater, 1899
    • manglar norsk namn, Phyllastrephus albigula, Usambara Greenbul

    Slekt Spizixos

    Slekt Pycnonotus

    • Kvitvengbylbyl, Pycnonotus melanoleucus, Black-and-white Bulbul
    • Brunryggbylbyl, Pycnonotus eutilotus, Puff-backed Bulbul, NT, Jardine & Selby, 1837
    • Svarthovudbylbyl, Pycnonotus atriceps, Black-headed Bulbul, LC, Temminck, 1822
    • manglar norsk namn, Pycnonotus fuscoflavescens, Andaman Bulbul
    • Gulbrillebylbyl, Pycnonotus urostictus, Yellow-wattled Bulbul, LC, Salvadori, 1870
    • Stråbylbyl, Pycnonotus zeylanicus, Straw-headed Bulbul, VU, Gmelin, 1789
    • Stripebylbyl, Pycnonotus striatus, Striated Bulbul, LC, Blyth, 1842
    • Spraglebylbyl, Pycnonotus leucogrammicus, Cream-striped Bulbul, LC, Müller, 1835
    • Guløyrebylbyl, Pycnonotus tympanistrigus, Spot-necked Bulbul, NT, Müller, 1835
    • Gråhovudbylbyl, Pycnonotus priocephalus, Gray-headed Bulbul, NT, Jerdon, 1839
    • manglar norsk namn, Pycnonotus gularis, Flame-throated Bulbul
    • Svarttoppbylbyl, Pycnonotus melanicterus, Black-capped Bulbul, LC, Gmelin, 1789
    • manglar norsk namn, Pycnonotus flaviventris, Black-crested Bulbul
    • manglar norsk namn, Pycnonotus dispar, Ruby-throated Bulbul
    • manglar norsk namn, Pycnonotus montis, Bornean Bulbul
    • Taiwanbylbyl, Pycnonotus taivanus, Styan's Bulbul, VU, Styan, 1893
    • Skjelbylbyl, Pycnonotus squamatus, Scaly-breasted Bulbul, NT, Temminck, 1828
    • Blybylbyl, Pycnonotus cyaniventris, Gray-bellied Bulbul, NT, Blyth, 1842
    • Raudgumpbylbyl, Pycnonotus cafer, Red-vented Bulbul, LC, Linné, 1766
    • Raudøyrebylbyl, Pycnonotus jocosus, Red-whiskered Bulbul, LC, Linné, 1758
    • Brunbrystbylbyl, Pycnonotus xanthorrhous, Brown-breasted Bulbul, LC, Anderson, 1869
    • Kinabylbyl, Pycnonotus sinensis, Light-vented Bulbul, LC, Gmelin, 1789
    • Hagebylbyl, Pycnonotus barbatus, Common Bulbul, LC, Desfontaine, 1789
    • Raudbrillebylbyl, Pycnonotus nigricans, Black-fronted Bulbul, LC, Vieillot, 1818
    • Kvitbrillebylbyl, Pycnonotus capensis, Cape Bulbul, LC, Linné, 1766
    • Arabarbylbyl, Pycnonotus xanthopygos, White-spectacled Bulbul, LC, Ehrenberg, 1833
    • Kvitøyrebylbyl, Pycnonotus leucotis, White-eared Bulbul, LC, Gould, 1836
    • Himalayabylbyl, Pycnonotus leucogenys, White-cheeked Bulbul, LC, Gray, 1835
    • Sothettebylbyl, Pycnonotus aurigaster, Sooty-headed Bulbul, LC, Vieillot, 1818
    • Blåbrillebylbyl, Pycnonotus nieuwenhuisii, Blue-wattled Bulbul, DD, Finsch, 1901
    • Oransjeflekkbylbyl, Pycnonotus bimaculatus, Orange-spotted Bulbul, LC, Horsfield, 1821
    • Strekstrupebylbyl, Pycnonotus finlaysoni, Stripe-throated Bulbul, LC, Strickland, 1844
    • Gulstrupebylbyl, Pycnonotus xantholaemus, Yellow-throated Bulbul, VU, Jerdon, 1845
    • Duskbylbyl, Pycnonotus penicillatus, Yellow-eared Bulbul, NT, Blyth, 1851
    • Gulstenkbylbyl, Pycnonotus flavescens, Flavescent Bulbul, LC, Blyth, 1845
    • Kvitbrynbylbyl, Pycnonotus luteolus, White-browed Bulbul, LC, Lesson, 1841
    • Gulgumpbylbyl, Pycnonotus goiavier, Yellow-vented Bulbul, LC, Scopoli, 1786
    • Olivenvengbylbyl, Pycnonotus plumosus, Olive-winged Bulbul, LC, Blyth, 1845
    • manglar norsk namn, Pycnonotus cinereifrons, Ashy-fronted Bulbul
    • Strekøyrebylbyl, Pycnonotus blanfordi, Streak-eared Bulbul, LC, Jerdon, 1862
    • Kremgumpbylbyl, Pycnonotus simplex, Cream-vented Bulbul, LC, Lesson, 1839
    • Raudaugebylbyl, Pycnonotus brunneus, Red-eyed Bulbul, LC, Blyth, 1845
    • Oransjebrillebylbyl, Pycnonotus erythropthalmos, Spectacled Bulbul, LC, Hume, 1878
    • manglar norsk namn, Pycnonotus hualon, Bare-faced Bulbul, LC, Woxvold, Duckworth and Timmins, 2009

    Slekt Tricholestes

    • Hårbylbyl, Tricholestes criniger, Hairy-backed Bulbul, LC, Blyth, 1845

    Slekt Setornis

    • Kroknebbylbyl, Setornis criniger, Hook-billed Bulbul, VU, Lesson, 1839

    Slekt Alophoixus

    Slekt Iole

    • Olivenbylbyl, Iole virescens, Olive Bulbul, LC, Blyth, 1845
    • Gråaugebylbyl, Iole propinqua, Gray-eyed Bulbul, LC, Oustalet, 1903
    • Okergumpbylbyl, Iole olivacea, Buff-vented Bulbul, NT, Blyth, 1844
    • Palawanbylbyl, Iole palawanensis, Sulphur-bellied Bulbul
    • Solbylbyl, Iole indica, Yellow-browed Bulbul, LC, Jerdon, 1839

    Slekt Hypsipetes

    Slekt Hemixos

    Slekt Ixos

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

    1. Fishpool & Tobias 2005
    2. «bulbul», Oxford English Dictionary, 1989
    3. Goodell 1979, Bulbul ved www.thewonderofbirds.com
    4. Kadhim 2004, s. 107
    5. Provençal 1993, s. 243-4
    6. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
    7. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]