Carpe Diem av Joker Out

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Carpe Diem»
Song av Joker Out

Land Slovenia
Språk Slovensk
Utgjeve 4. februar 2023
Sjanger Poprock
Lengd 02:46
Låtskrivar(ar) Bojan Cvjetićanin, Jan Peteh, Jure Maček, Kris Guštin, Nace Jordan, Žarko Pak

«Carpe Diem» (latin for ‘grip dagen’) er ein poprock-song frå 2023 med den slovenske gruppa Joker Out. Låten er skriven av gruppa sjølv og blei gjeven ut 4. februar 2023. Songen blei internt vald ut av den slovenske kringkastaren Radiotelevizija Slovenija til å representere Slovenia i Eurovision Song Contest 2023.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

I desember kunngjorde den slovenske kringkastaren Radiotelevizija Slovenija at dei hadde vald poprock-bandet Joker Out til å representere landet i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[1][2]

Same månad spelte bandet inn låten i eit studio i Hamburg i Tyskland. Ifølgje gruppa sjølv foregjekk innspelinga over ein periode på tolv dagar.[3] Tittelen er latin for grip dagen, mens teksta ellers er på slovensk. Gruppa ønskjer å halde seg til slovensk, og uttalte i eit intervju at dei «vil omsetje slovensk til eit universelt språk av dans og underhalding, som alle land kan forstå».[4]

I januar 2023 blei musikkvideoen til «Carpe Diem» spelt inn i hovudstaden Ljubljana på Grand Hotel Union.[5] Songen hadde premiere 4. februar 2023 og blei fyrste gong framført under ei spesialsending på TV SLO 1. Songen blei samstundes sloppen for strøyming på YouTube.[6]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«Carpe Diem» var det slovenske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. Songen deltok i den andre semifinalen torsdag 11. mai 2023. Der enda han på femteplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai.[7] Dette var fyrste gongen sidan 2019 at Slovenia nådde ein Eurovision-finale. I finalen enda bidraget på 21. plass med 78 poeng.[8]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2023) Høgaste
plassering
Finland (Suomen virallinen lista)[9] 12
 Hellas (IFPI)[10] 68
 Island (Plötutíðindi)[11] 31
 Kroatia (Billboard)[12] 14
 Latvia (LAIPA)[13] 10
 Litauen (AGATA)[14] 4
 Nederland (Single Tip)[15] 15
 Polen (Polish Streaming Top 100)[16] 40
 Slovenia (Radiomonitor)[17] 1
 Sverige (Sverigetopplistan)[18] 4

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tudor, Ruxandra (4. februar 2023). «Seizethe day! Slovenia's Joker Out will sing "Carpe Diem" at Eurovision 2023». wiwibloggs (på engelsk). Henta 6. februar 2023. 
  2. «Sloveniahas spoken: It’s ‘Joker Out’ for Liverpool 2023». eurovision.tv (på engelsk). 8. desember 2022. Henta 6. februar 2023. 
  3. Granger, Anthony (29. desember 2022). «Slovenia: Joker Out Eurovision Entry Recorded». Eurovoix (på engelsk). Henta 6. februar 2023. 
  4. «Slovenia: Joker Out reveals “Carpe Diem” music video — watch now!». escYOUnited (på engelsk). 4. februar 2023. Henta 6. februar 2023. 
  5. Granger, Anthony (23. januar 2023). «Slovenia: Joker Out Film Music Video for Eurovision Entry». Eurovoix (på engelsk). Henta 6. februar 2023. 
  6. «Evrovizija: na Misijo Liverpool se podajajo Joker Out!». rtvslo.si (på slovensk). Henta 6. februar 2023. 
  7. «JokerOut». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023. 
  8. «GrandFinal of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023. 
  9. "Finnishcharts.com – Joker Out – Carpe Diem". Suomen virallinen lista. Hung Medien.
  10. «IFPI Charts». ifpi.gr. Arkivert frå originalen 25. mai 2023. Henta 24. mai 2023. 
  11. «Tónlistinn– Lög» [The Music – Songs] (på islandsk). Plötutíðindi. Arkivert frå originalen 20. mai 2022. Henta 21. mai 2023. 
  12. «Croatia Songs (Week of May 27, 2023)». Billboard. 23. mai 2023. Arkivert frå originalen 23. mai 2023. Henta 23. mai 2023. 
  13. «MūzikasPatēriņa Tops/ 20. nedēļa» (på engelsk og latvisk). LAIPA. 22. mai 2023. Arkivert frå originalen 22. mai 2023. Henta 20. mai 2023. 
  14. «202320-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 19. mai 2023. Arkivert frå originalen 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023. 
  15. «DutchSingle Tip 20/05/2023». dutchcharts.nl (på nederlandsk). Arkivert frå originalen 4. januar 2015. Henta 20. mai 2023. 
  16. «OLiS– oficjalna lista sprzedaży – single w streamie» (Select week 12.05.2023–18.05.2023.) (på polsk). OLiS. Arkivert frå originalen 27. juli 2023. Henta 26. mai 2023. 
  17. «Slovenia– Radio Airplay Chart – Settimana 20.2023 – dal 12/05/2023 al 18/05/2023». Radiomonitor (på italiensk). 19. mai 2023. Arkivert frå originalen 19. mai 2023. Henta 20. mai 2023. 
  18. «VeckolistaHeatseeker, vecka 20». Sverigetopplistan. Arkivert frå originalen 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.