Chris Karan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chris Karan
Fødd14. oktober 1939 (81 år)
OpphavAustralia
Verka somjazzmusikar

Chris Karan (fødd 14. oktober 1939 som Chrisostomos Karanikis[1]) er ein australsk jazztrommeslagar og perkusjon av gresk opphav. Han spelte i trioen til Mike Nock i Sydney tidleg i 1960-åra.

Etter at han flytta til London i 1962 vart Karan trommeslagar i Dudley Moore Trio. Han turnerte og var i studio med Moore i mange år, mellom anna i TV-serien hans Not Only But Also og på filmmusikken til filmen Bedazzled i 1967. Med Roy Budd var han medlem i Roy Love Trio og spelte på filmmusikkalbumet Get Carter.

Karan har arbeidd med The Yardbirds, Michel Legrand, Lalo Schifrin, Charles Aznavour, Stanley Myers, Basil Kirchin, Tony Hatch, Jackie Trent, Quincy Jones, Herbie Hancock, Jerry Goldsmith, Jerry Fielding, Pat Williams, André Previn, Richard Rodney Bennett, Barry Tuckwell, Carl Davis, Henry Mancini, The Beatles, The Seekers og Roy Budd. Han har turnert med John Dankworth og Cleo Laine, The Bee Gees, Caterina Valente, Dusty Springfield, Lulu og The Swingle Singers. Han var medlem av gruppa til Harry Stoneham, som akkompagnerte Michael Parkinson-shoa på BBC-TV.

Han har arbeidd med Katie Melua, og i tillegg gjeve ut eigne album. Han speler tabla på somme album og har gått i lære for instrumentet hos den indiske musikaren Alla Rakha.[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som sidemann[endre | endre wikiteksten]

Med Mike Batt

  • Schizophonia (Epic, 1977)
  • Caravans (CBS, 1978)
  • Tarot Suite (Epic, 1979)
  • Arabesque (Epic, 1995)

Med Roy Budd

  • Is the Sound of Music (Pye, 1967)
  • Pick Yourself Up!!! (Pye, 1967)
  • Roy Budd at Newport (Pye, 1968)
  • Budd 'n' Bossa (Pye, 1970)
  • Get Carter (Odeon, 1971)
  • Fear Is the Key (Pye, 1972)
  • Everything's Coming Up Roses (Pye, 1976)

Med Dudley Moore

  • Plays the Theme from Beyond the Fringe & All That Jazz (Atlantic, 1962)
  • The Other Side of Dudley Moore (Decca, 1965)
  • Genuine Dud (Decca, 1966)
  • Bedazzled (Decca, 1968)
  • The Dudley Moore Trio (Decca, 1969)
  • Today (Atlantic, 1972)
  • At the Wavendon Festival (Black Lion, 1976)
  • Dudley Down Under (Cube, 1978)
  • The Music of Dudley Moore (Cube, 1978)
  • Jazz Jubilee (Martine, 2004)

Med andre

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jazz jubilees October». Home.nestor.minsk.by. Henta 31. desember 2020. 
  2. «Interview with Chris Karan at Vinyl Vulture». Vinylvulture.co.uk. Arkivert frå originalen 2012-07-17. Henta 31. desember 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]