Mike Vickers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mike Vickers
Fødd18. april 1940
FødestadSouthampton
OpphavStorbritannia
Instrumentsaksofon, gitar
Verka somgitarist, komponist

Michael «Mike» Vickers (fødd 18. april 1940) er ein britisk musikar som vart kjend som gitarist, fløytist og saksofonist i 60-talsbandet Manfred Mann.

Han var fødd i Southampton i England og spelte opphavleg fløyte og saksofon, men etter kvart som gitaren vart meir populær, vart det avgjort at Manfred Mann burde han ein gitarist i besetninga si. Vickers melde seg frivillig for rolla, men han var alltid mest nøgd med å spele blåseinstrument. Fløytespelinga hans på harde bluessongar som «Without You» skjedde fem år før Ian Anderson i Jethro Tull vart kjend for fløytespelet sitt. Han var medlåtskrivar på fleire av dei tidlege hitsinglane deira, og medverka òg med songar til albuma deira, som «The Abominable Snowmann» og «You're for Me». Bandkollegaen Tom McGuinness skildra han som «den snillaste i gruppa...snill nesten heile tida» og la til «han samlar saksofonar - som me kjøper til han».[1]

Etter kvart byrja Vickers å spele med sitt eige orkester og mot slutten av 1965 slutta han i Manfred Mann. Det første soloalbumet hans, I Wish I Were a Group Again, kom ikkje ut før i 1968. Omtrent samstundes dirigerte han orkesteret for liveinnspelinga av The Beatles sin «All You Need Is Love», som vart vist på TV verda over via satellitt.

Vickers har halde fram karriere som komponist og arrangør for innspelingar, fjernsynsshow og filmar. Han komponerte «Pegasus», kjenningsmelodien til TV-serien The Adventures of Don Quick i 1970, og ein av dei mest kjende TV-komposisjonane hans er «Jet Set» for gameshowet Jackpot i 1974-75. Han komponerte musikk for filmar som The Sandwich Man (1966), Press for Time (1966), My Lover, My Son (1970), filmversjonen av Please Sir! (1971), Dracula A.D. 1972 (1972), The Sex Thief (1973) og fantasifilmane At the Earth's Core (1976) og Warlords of Atlantis (1978).

Instrumentalstykket «Visitation» vart spelt inn i 1971 og nytta i den polske TV-serien «Sonda» som gjekk mellom 1977 og 1989.

Frå 1992 til 1999 var han medlem av The Manfreds, ei utgåve av Manfred Mann og med både Paul Jones og etterkomarane hans Mike d'Abo på vokal. Vickers spelte då berre blåseinstrument.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sleeve note, Mann Made, HMV 1911, 1965

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]