Claudia Nystad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Claudia Nystad

Claudia Nystad bei der Olympia-Einkleidung Erding 2014 (Martin Rulsch) 09.jpg

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 1. februar 1978
Zschopau
Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

Claudia Künzel, gift Nystad, (fødd 1. februar 1978) er ein tysk tidlegare langrennar, fødd i Zschopau i dåverande Aust-Tyskland. Ho vann OL-gull i 4 x 5 km stafett under Vinter-OL 2002 og VM-gull i same øvinga året etter. I 2010 vart ho olympisk meister i lagsprint saman med Evi Sachenbacher. Individuelt vann Künzel sølvmedaljen i sprinttevlinga ved Ski-VM 2003 og Vinter-OL 2006. Ho sikra seg elles sølvmedaljar i 4 x 5 km stafett i Vinter-OL 2006 og Ski-VM 2007, i den sistnemnde meisterskapen også i lagsprinten. Medaljesankinga avslutta Künzel/Nystad under Vinter-OL 2014, då Tyskland gjekk inn til bronse i 4 x 5 km stafett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]