Coatsøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Coatsøya
øy
Land  Canada
Territorium Nunavut
Region Kivalliq
Del av Det kanadiske polararkipelet
Areal 5 498 km²
Folketal 0
Kart
Coatsøya
62°35′00″N 82°45′00″W / 62.583333333333°N 82.75°W / 62.583333333333; -82.75
Wikimedia Commons: Coats Island

Coatsøya (engelsk Coats Island, inuktitut ᐊᑉᐸᑑᕐᔪᐊᖅ, Appatuurjuaq)[1] er ei øy i nordenden av Hudsonbukta i Kivalliqregionen i Nunavut i Canada. Ho har ei flatevidd på 5 498 km, og er den 24. største øya i Canada.

Øya omfattar statseigd land og private område som tilhøyrer inuittar. Dei siste faste busette her forlet øya på 1970-talet.[2] Coatsøya er dermed den største øya på den nordlege halvkula, sør for polarsirkelen, som ikkje er folkesett. Ho var den siste bustaden for sadlermiutfolket, ei gruppe inuittar som også er sett i samband med den tidlegare Dorsetkulturen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Coatsøya er 130 km lang. Det høgaste punktet er 185 moh. Dette høgaste punktet oppstår langs den steinete nordlege sida mellom Cape Pembroke og Cape Prefontaine. Dei underliggande bergartane i dette området er prekambriske metamorfe. Mindre enn 5 prosent av øya når over 100 moh. Den sørlege halvdelen av øya er fyrst og fremst lågtliggande moskeg og består av paleozoiske sedimentære bergartar, som kalkstein og sandstein.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1920 har Coatsøya vore eit reservat for karibu, lokale reinsdyr. Etter at karibuen blei utrydda på Southamptonøya i nærleiken blei flokken på Coats brukt til å danna ein ny på Southampton. Øya er også kjend for bestanden sin av polarlomvi. Det finst to koloniar på 30 000 fuglar langs klippene på den steinete nordsida av øya. Det er også ein god del kvalross på strender ved botnen av klippene og på øyar utanfor nordenden av Coats (ei kvar ved Cape Pembroke og Cape Prefontaine). Desse blir jamleg vitja av inuittar frå busetnaden Coral Harbour på Southamptonøya for jakt.

Cape Pembroke har status som Important Bird Area.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste dokumenterte gongen ein europear såg Coatsøya var då Thomas Button kom hit i 1612. Han utforska øya vidare året etter.[3] Ho fekk namn etter William Coats, som var kaptein for Hudson's Bay Company. Han vitja området fleire gonger mellom 1727 og 1751.

I 1824 sette «HMS Griper», under kaptein George Francis Lyon, anker utanfor Cape Pembroke på Coatsøya. Mannskapet møtte ei gruppe «eskimoar» som skal ha snakka ein «rar dialekt» og blei kalla sadlermiut.[4] Amerikanske kvalfangarar stadfesta at Coats var ei øy etter at dei byrja vitja området på 1860-talet.


Sadlermiutane heldt fram med å ha kontakt med europearar. Men som mange andre amerikanske urfolk var dei sårbare for ny infeksjonssjukdommar som følgde med europearane. I 1896 var det berre att 70 sadlermiutar. Hausten 1902 vitja det britiske handels- og kvalfangskipet[5] «Active» Cape Low[6] på Southamptonøya. Då skal nokon av sadlermiut ha blitt smitta av ein sjukdom, kanskje influensa,[7] tyfoidfeber eller flekktyfus av ein sjuk sjømann ombord. Sjukdommen spreidde seg til heile samfunnet.[4][8] Vinteren 1902–03 hadde nesten alle sadlermiutane døydd som følgje av sjukdommen, og folkegruppa forsvann.[5][9]

Det fanst ein handelspost for Hudson's Bay Company på øya frå august 1920 til august 1924. Fleire inuittfamiliar budde på øya i denne perioden, nokre av dei var blitt førte over frå Baffinøya ombord i båtar. I 1921 fann kaptein George Cleveland ein opp-ned dory-båt over to skjelett på Coatsøya. Dei blei som leivningane etter kaptein Arthur Gibbons og ein av offiserane hans frå den amerikanske kvalfangsskonnerten «A. T. Gifford», som hadde forsvunne i Hudsonbukta i 1915.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. INUIT HERITAGE TRUST.
  2. «Coats Island». bsc-eoc.org. Arkivert frå originalen 12. juni 2011. Henta 5. mai 2009. 
  3. Christy, Miller (1894). The voyages of Captain Luke Foxe of Hull, and Captain Thomas James of Bristol, in search of a northwest passage, in 1631-32; with narratives of the earlier northwest voyages of Frobisher, Davis, Weymouth, Hall, Knight, Hudson, Button, Gibbons, Bylot, Baffin, Hawkridge, and others. London: Hakluyt Society. «related:STANFORD36105004846502.» 
  4. 4,0 4,1 «In the bones of the world (Part eight)». Nortext Publishing Corporation (Iqaluit) (Nunatsiaq News). 26. juli 2002. Arkivert frå originalen 28. mars 2005. Henta 28. mars 2005. 
  5. 5,0 5,1 «Aboriginal 7 - Life in Canada». Library and Archives Canada. Arkivert frå originalen 4. august 2012. Henta 21. mars 2008. 
  6. Collins, Henry B. (1956). Vanished Mystery Men of Hudson Bay. CX No. 5. National Geographic Magazine. s. 674. 
  7. Renouf, M.A.P. (Fall 1991). «Museum Notes - Palaeoeskimo in Newfoundland & Labrador». The Rooms. Arkivert frå originalen 30. april 2008. Henta 21. mars 2008. 
  8. «The People Arrive». The Free Library. 1. mars 1999. Henta 22. mars 2008. 
  9. Briggs, Jean L.; J. Garth Taylor. «The Canadian Encyclopedia: Sadlermiut Inuit». Historica Foundation of Canada. Arkivert frå originalen 20. oktober 2008. Henta 21. mars 2008. 
  10. Boston Daily Globe, Sep. 21, 1923, p.7.