Feliciano Rivilla
Feliciano Rivilla | |
![]() | |
Statsborgarskap | Spania |
Fødd | 21. august 1936 Ávila |
Død |
6. november 2017 (81 år) |
Yrke | fotballspelar |
Språk | spansk |
Feliciano Rivilla på Commons |
Feliciano Muñoz Rivilla (21. august 1936–6. november 2017) var ein spansk fotballspelar frå Ávila som vart europameister 1964 med Spania og vann Cupvinnarcupen 1962 og den spanske ligaen 1966 med Atlético Madrid.
Klubbspel[endre | endre wikiteksten]
Frå 1953 til -58 spelte Rivilla for det meste andredivisjonsfotball med Murcia, Plus Ultra og Rayo Vallecano. I september 1958 debuterte han på toppserielaget Atlético Madrid. Tidlegare spelte Rivilla i offensive roller, men i Atlético Madrid vart han snart høgreback, ein posisjon han hadde til han la opp i 1968. Både i 1960 og 1961 var han med å vinne den spanske cupen. I 1962 deltok han då Atlético Madrid gjekk til topps i cupvinnarcupen etter siger 3-0 over Fiorentina, også då laget hans tapte cupvinnarcupfinalen mot Tottenham Hotspur året etter var han på plass. Våren 1965 vart han spansk cupmeister for tredje gong. Rivillas siste store triumf med Atlético Madrid var då laget toppa den nasjonale ligaen i 1966.
Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]
Rivilla fekk sin landslagsdebut sommaren 1960. Han deltok i Fotball-VM 1962 i Chile og spelte EM-finalen mot Sovjetunionen i 1964, ein kamp som enda med spansk EM-tittel. Rivilla var med i VM-troppa 1966, men spelte sin 26. og aller siste landskamp allereie i 1965, utan nokon gong å kome på skåringslista.
Merittar[endre | endre wikiteksten]
- Europameister: 1964 med Spania
- Vinnar av cupvinnarcupen: 1962 med Atlético Madrid
- Tapande finalist i cupvinnarcupen: 1963 med Atlético Madrid
- Spansk cupmeister: 1960, 1961 og 1965 med Atlético Madrid
- Spansk seriemeister: 1966 med Atlético Madrid
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Feliciano Rivilla» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mai 2018.