Cupvinnarcupfinalen i fotball 1978

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1978 fann stad på Parc des Princes i Paris 3. mai 1978, framfor 48 679 tilskodarar. RSC Anderlecht frå Brussel vann finalen, den 18. i sitt slag, med sluttsiffera 4-0 over Austria Wien.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane

Anderlecht-kapteinen Rob Rensenbrink sette inn i 1-0 i det 13. minutt og la på til 2-0 i det 44. minutt. Allereie før pausesignalet lydde auka backen Gilbert Van Binst til 3-0 og same mann fastsette sluttresultatet til 4-0 i det 82. minutt.

Heinz Aldiger frå Vest-Tyskland dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Anderlecht sitt vinnarlag bestod av: Nico de Bree, Gilbert Van Binst, Hugo Broos, Johnny Dusbaba, Jean Thissen, Arie Haan, Ludo Coeck, Frank Vercauteren, François Van der Elst, Benny Nielsen og Rob Rensenbrink (kaptein). Jean Dockx tok Vercauteren sin plass fire minuttar før slutt.

Austria Wien stilte med: Hubert Baumgartner, Robert Sara (kaptein), Erich Obermayer, Josef Sara, Ernst Baumeister, Karl Daxbacher, Herbert Prohaska, Felix Gasselich, Thomas Parits, Hans Pirkner og Julio Morales. Daxbacher og Morales gjekk av bana i det 60. og 74. minutt, inn kom fyrst Alberto Martínez og sidan Fritz Drazan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]