Rob Rensenbrink

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rob Rensenbrink
Rob Rensenbrink (1978).jpg
Rob Rensenbrink i 1978
Personleg informasjon
Fullt namn Pieter Robert Rensenbrink
Fødselsdato 3. juli 1947 (72 år)
Fødestad Amsterdam i Nederland
Høgd 180 cm
Posisjon Venstre ving, spiss
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1965-1969 AFC DWS 120 (34)
1969-1971 Club Brugge 55 (24)
1971-1980 Anderlecht 262 (143)
1980 Portland Timbers 18 (0)
1981-1982 Toulouse 12 (0)
Totalt 467 (208)
Landslag
1968-1979 Nederland 45 (14)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Pieter Robert Rensenbrink (fødd 3. juli 1947) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar frå Amsterdam som spelte to VM-finalar for Nederland og vann cupvinnarcupen både i 1976 og 1978 med RSC Anderlecht. Han var ein kreativ venstreveng eller midtspiss, kjend som ein framifrå driblar, presis avsluttar og sikker straffeskytar.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Rensenbrink spelte 1965-69 på DWS i heimbyen. Sommaren 1969 gjekk han over til Club Brugge i Belgia, der han året etter var med å vinne den fyrste av fem belgiske cuppokalar. I 1971 vart han overført til storklubben RSC Anderlecht i Brussel. I Anderlecht var han den førande krafta og sentral då klubben i tida 1972-76 sikra seg fire nasjonale cuptitlar og to seriegull. Den 2. mai 1976 skåra han to av måla då Anderlecht vann finalen i cupvinnarcupen med 4-2 mot West Ham United. Også året etter nådde Anderlechet cupvinnarfinalen, der det vart tap mot Hamburger SV. Derimot tok Anderlecht ein ny triumf i cupvinnarcupen 1978 ved å slå Austria Wien 4-0 i Paris, etter at Rensenbrink skåra dei to fyrste måla. Med i alt 25 nettkjenningar i Cupvinnarcupen vert Rensenbrink ståande som toppskårar i turneringa som vart avslutta i 1999. Gjennom ni sesongar, 1971-80, skåra han 143 mål på 260 seriekampar for Anderlecht.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Rensenbrink spelte 8 landskampar over ein 20-månaders periode i 1968-70, utan å kome på skårongslista. Fyrst i oktober 1973 fekk han sin landskamp nummer ni. Han deltok i alle kampane under Fotball-VM 1974, der han skåra det andre målet då Nederland vann 2-0 over Aust-Tyskland i kvartfinalen. To år seinare var han med då Nederland vann bronse i EM i fotball 1976 etter å ha sigra 3-2 mot Jugoslavia i Zagreb. Størst rolle i det nederlandske landslaget hadde han under verdsmeisterskapen 1978 i Argentina. Han skåra fem mål i meisterskapen, fire av dei på straffespark, men kunne ikkje hindre at vertslandet vann finalen med 3-1 etter ekstraomgangar. Rensenbrink spelte sin 46. og siste landskamp i Chorzów 2. mai 1979. Han skåra 14 landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • VM-sølv: 1974 og 1978 for Nederland
  • EM-bronse: 1976 for Nederland
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1976 og 1978 med RSC Anderlecht
  • Belgisk cupmeister: 1970 med Club Brugge, 1972, 1973, 1975 og 1976 med RSC Anderlecht
  • Belgisk seriemeister: 1972 og 1974 med RSC Anderlecht

Kjelder[endre | endre wikiteksten]