Danny Saucedo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Danny Saucedo
Danny Saucedo 2010 2.jpg
Verkeleg namn Daniel Gabriel Alessandro Saucedo Grzechowski
Alias Danny Saucedo
Fødd 25. februar 1986
Stockholm i Sverige
Sjanger Pop og house
Aktive år 2006–i dag

Daniel Gabriel Alessandro Saucedo Grzechowski, kjend som Danny Saucedo (fødd 25. februar 1986) er ein svensk songar og låtskrivar. Han var deltakar i den svenske versjonen av Idol i 2006, og kom på sjetteplass. I 2009, 2011 og 2012 enda han på høvesvis ein tredjeplass og to andreplassar i Melodifestivalen.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Eurovision
Eurovision Dance Contest
Tevla for Sverige
12 (F) 2008 Dansar

Eurovision Dance Contest 2008[endre | endre wikiteksten]

Saucedo deltok i Eurovision Dance Contest 2008 i Glasgow i Storbritannia med Jeanette Carlsson og enda på tolvteplass med 38 poeng; fire poeng frå juryen, ti poeng frå Danmark, sju poeng frå Finland, fire poeng frå Polen, tre poeng frå Austerrike og Portugal, to poeng frå Storbritannia, Russland og Hellas og eitt poeng frå Litauen.[1]

Melodifestivalen 2009[endre | endre wikiteksten]

Saman med gruppa E.M.D. deltok han i Melodifestivalen 2009, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2009 i Moskva i Russland, med «Baby Goodbye». Han hadde óg vore med på å skrive songen. Gruppa vart fyrst valt ut som joker, og var eitt av to bidrag som gjekk vidare til semifinalane. Dei vann den tredje semifinalen, men enda til slutt på tredjeplass i finalen og fekk ikkje representere Sverige.[2]

Melodifestivalen 2011[endre | endre wikiteksten]

Danny Saucedo (midten) med to dansarar under prøvane til Melodifestivalen 2011.

I Melodifestivalen 2011, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011, deltok han som soloartist og låtskrivar med «In the Club». Han vann den fyrste semifinalen og gjekk vidare til finalen der han enda på andreplass, og fekk ikkje representere Sverige.[2]

Eurovision Song Contest 2011[endre | endre wikiteksten]

Saucedo fekk presenterte dei svenske røystane i finalen i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland.

Melodifestivalen 2012[endre | endre wikiteksten]

For andre år på rad, og for tredje gong, deltok Saucdo med den sjølvskrivne songen «Amazing» i Melodifestivalen 2012, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan. Denne gongen vann han den fyrste semifinalen, men enda til slutt på andreplass i finalen og fekk ikkje representere Sverige.[2]

Melodifestivalen 2013[endre | endre wikiteksten]

I 2013 var han programleiar for Melodifestivalen 2013, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, saman med Gina Dirawi, som òg var programleiar då Saucedo deltok i 2012.[2] I den fyrste semifinalen framførde Saucedo og Dirawi «Karl för sin kostym» saman med Kristian Luuk, Lena Philipsson og Eva Hamilton.[3] Veka etter framførde programleiarane ein Bollywoodversjon av «In the Club». Den nye tittelen vart «Indie Club» og var ein humorversjon av originalen. I den tredje semifinalen framførde dei eit steppnummer i 40-talsstil saman med Rennie Mirro og Karl Dyall. I den fjerde semifinalen song Saucedo saman med Alcazar. Dei framførde låtane Alcazar tidlegare hadde delteke med i Melodifestivalen. I andresjansen framførde programleiarane og Jedward songen «Lipstick», som Jedward representerte Irland med i Eurovision Song Contest 2011. På byrjinga av finalen framførde Saucedo og Dirawi songen «Du ska till Malmö» saman med Petra Mede, Harald Treutiger, Lydia Cappolicchio, Anders Lundin og Kattis Ahlström. Før nummeret starta vart Saucedo og Dirawi framstilla som barn.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Eurovision Dance Contest info page (engelsk). Vitja 28. juni 2013.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Danny, Gina and Melodifestivalen 2013» (på engelsk). Eurovision.tv. 2. november 2012. http://www.eurovision.tv/page/news?id=danny_gina_and_melodifestivalen2013. Henta 2. november 2012. 
  3. Mirja Bokholm (2. februar 2013). Se Danny, Gina, Luuk och PH – igen och igen (svensk). Vitja 29. juni 2013.

Mal:Deltakarar i Melodifestivalen 2009 Mal:Låtskrivarar i Melodifestivalen 2009 Mal:Deltakarar i Melodifestivalen 2011 Mal:Låtskrivarar i Melodifestivalen 2011

Mal:Låtskrivarar i Melodifestivalen 2012