Petra Mede

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Petre Mede ynskjer velkomen til den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2013.

Petra Maria Mede (fødd 7. mars 1970 i Stockholm) er ein svensk komikar, dansar og programleiar.[1] I 2009 vart ho røysta fram som den beste kvinnelege komikaren i Sverige.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Melodifestivalen 2009[endre | endre wikiteksten]

I 2009 var Mede programleiar for Melodifestivalen 2009, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2009 i Moskva i Russland.[2]

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

28. januar 2013 vart det annonsert at Mede ville vere programleiar for Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige.[3][4] Ho var den fyrste sidan 1995 som leia tevlinga aleine, om ein ser vekk ifrå at Eric Saade var green room-programleiar i finalen.

Eurovision Song Contest's Greatest Hits[endre | endre wikiteksten]

Saman med Graham Norton leia Mede Eurovision Song Contest's Greatest Hits i London i Storbritannia.[5] Konserten fann stad 31. mars 2015 og vart til for å feire 60-årsjubiléet til Eurovision Song Contest.

Melodifestivalen 2016[endre | endre wikiteksten]

Mede vil leie den fyrste semifinalen i Melodifestivalen 2016, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm i Sverige, saman med Gina Dirawi.[6]

Eurovision Song Contest 2016[endre | endre wikiteksten]

14. desember 2015 vart det kjend at Mede og vinnaren av Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike, Måns Zelmerlöw, vil leie Eurovision Song Contest 2016.[7] Mede vil verte den tredje personen som leiar tevlinga meir enn éin gong, og den fyrste som leiar tevlinga att sidan 1974.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hon blir ny programledare | Melodifestivalen | Nöjesbladet | Aftonbladet (engelsk). Aftonbladet (18. desember 2008). Vitja 15. februar 2013.
  2. Petra Mede fick ledas av scenen | Melodifestivalen | Nöjesbladet | Aftonbladet (svensk). Aftonbladet. Vitja 15. februar 2013.
  3. Petra Mede leder schlager-EM (svensk). SvD Kultur (28. januar 2013). Vitja 15. februar 2013.
  4. Petra Mede to host Eurovision Song Contest 2013 (engelsk). Eurovision.tv (28. januar 2013). Vitja 15. februar 2013.
  5. Martinsson, Anders (17. juni 2015). Petra Mede aktuell för Eurovision-jubileum (svensk). Göteborgs-Posten. Vitja 14. desember 2015.
  6. Källman, Pär (17. november 2015). Gina Dirawi och stjärngänget: Här är programledarna för Melodifestivalen 2016 (svensk). Sveriges Television. Vitja 14. desember 2015.
  7. Jordan, Paul (14. desember 2015). Petra Mede and Måns Zelmerlöw to host in Stockholm! (engelsk). Eurovision.tv. Vitja 14. desember 2015.