Dattatreja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Guru Dattatreja

Dattatreja (दत्तात्रेय) er ein av gudane i hinduismen. Dattatreja vert rekna som ein inkarnasjon av Visjnu, men vert også dyrka mellom tilhengjarar av Sjiva, og tilmed blant muslimske sufi-mystikarar. Nokon ser han som ein avatar av alle dei tre hovudgudane Sjiva, Visjnu og Brahma. Han har tilhengjarar i svært ulike grupper av hinduar, blant brahminar og lågkastar og særleg mellom sadhuar og tantrikarar.

Dattatreja visast med tre hovud, i lag med fire hundar og ei ku. Dei tre andleta kan representera Sjiva, Visjnu og Brahma. Dei kan og symbolisera fortid, nåtid og framtid eller tre ulike former for medvite. Dei fire hundane seiast stå for dei fire vedaene. Ettersom dei fylgjer Dattatreja inneber dette at han står over vedaene.

Dattatreja skal ha vore ein historisk person, ein asket som har vandra rundt i Nordindia. Dattatreja nemnast i Ramayana og Mahabharata såvel som i ei rekkje puranaer og i ei sein upanisjade; Dattatreya Upanishade. I denne vert han omtala som ein inkarnasjon av Visjnu samstundes som upanishaden avsluttast med ei påkalling av Shiva, om nama shivaya.

Dattatreja sin søken etter moksha tok alle middel i bruk. Han skal ha spist kjøt og nyte såvel alkohol som andre rusmiddel. Han skal ha og ha hatt samkvem med kvinner. Dattatreja vert knytt til tantriske tradisjonar og dyrkast av asketar i den shivaittiske nath -tradisjonen.

Han vert og dyrka som ein inkarnasjon av Visjnu mellom lågkastefolk i Gujarat og Maharashtra.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Dattatreja vert omtalt på side XLVIII - L, i Rasmus Reinvang si innleiing til antologien Shiva - Endeliktets gud (De Norske Bokklubbene, Oslo 2005). I same bok, side 204 - 215, er gjengjeve Den fries sang, som vert tillagt Dattatreja.