David Vogt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Vogt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. mai 1793
Drammen kommune
Død

6. juni 1861 (68 år)
Moss kommune

Yrke dommar, politikar, forretningsdrivande
Språk norsk
Far Nils Johansen Vogt
Mor Abigael Monrad

David Vogt (2. mai 17936. juni 1861) var ein norsk embetsmann og stortingsmann. Han var far til Lorenz Vogt, medan statsråden Jørgen Herman Vogt og presten Nils Nilsen Vogt var brørne hans, og statsråden Nils Vogt ein brorson.

David Vogt var fødd i Drammen, der faren då dreiv trelasthandel. Han arbeidde som assistent i general-postdireksjonen sitt revisjonskontor, seinare var han lottoasisstent i København. I den danske hovudstaden tok han juridisk eksamen i 1815, med gode karakterar. Same året kom han til Noreg og byrja som kopist i Justisdepartementet, konstituert byråsjef i 1817. I 1818 vart han overrettsprokurator i Kristiania.

År 1831 vart han utnemnd til byfut i Moss, eit embete han hadde resten av sitt liv. Han var medlem av fleire kongelege kommisjonar, mellom anna i 1843 av den «Kongelige Commisjon til at udarbeide Lovforslag andgaaende Brændeviinsbrænden».

Vogt var stortingsrepresentant for Moss både i 1836, 1836-37, 1839 og 1842. I 1845 og 1848 representerte han Moss og Drøbak på Stortinget. Både i 1836 og 1836-37 var han sekretær i næringskomiteen. I 1839 og i 1842 var han formann i næringskomite nr 2, i 1845 formann i næringskomite nr 1. Han var elles formann i komiteen om stempellova i 1839.

Vogt døydde i Moss i 1861.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]