Devizes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Devizes

Marknadskrossen
Marknadskrossen
Marknadskrossen
Plassering
Devizes is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Wiltshire
Distrikt Wiltshire
Grunnlagd 1080
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2006)

13 300
Koordinatar 51°21′″N 1°60′″WKoordinatar: 51°21′″N 1°60′″W{{#coordinates:}}: ugyldig lengdegrad
Diverse annan informasjon
Postnummer SN10
Telefon-retningsnummer 0 1380
Commons har multimedium som gjeld: Devizes

Devizes er ein kjøpstad og eit verdsleg sokn i midten av fylket Wiltshire i den sørlege delen av England.

Devizes vel eit byråd og er òg det administrative sentrumet for det langt større Kennet District Council, og er innanfor området til fylket Wiltshire County Council. Alle dei tre råda (council) er ansvarleg for ulike delar av den lokale styringa. Før loven om lokalstyret kom i kraft i 1974 var Devizes ein kommunal borough.

I 2006 hadde byen 13 300 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein normannisk festning vart reist i Devizes av Osmund, biskop av Salisbury, i 1080, og av den grunnen blir byen ikkje nemnt i Dommedagsboken. Sidan festninga var lokalisert ved grensene til landgodset Rowde, Bishops Cannings og Potterne, vart det kjent som castrum ad divisas eller «festninga ved grensene», derav namnet Devizes. Den opphavlege festninga var truleg bygd av tømmer og jord, men denne brann ned i 1113 og vart gjenoppbygd i stein av Roger av Salisbury, etterfølgjaren til Osmund.

Devizes fekk sitt første charter i 1141 som gav løyve til regulære marknadsal. Festninga bytte eige fleire gonger i løpet av den første engelske borgarkrigen mellom kong Stefan av England og Maud av England1100-talet. Festninga hadde fleire viktige fangar i ulike tider, blant anna Robert Curthose, hertug av Normandie, den eldste sonen til Vilhelm Erobraren, i 1106. Robert vart halden fanga i Devizes Castle i tjue år før han vart flytta til Cardiff Castle.

Byen har fire kyrkjer. Dei er vigde til sankt Johannes, Jomfru Maria, sankt Jakob, og sankt Peter. Den siste er ei anglokatolisisk kyrkje.

I løpet av 1100-talet og 1200-talet utvikla byen Devizes seig på utsida av festninga med at handverkarar og handelsmenn sette opp samskipnadane sine for å tene folket i festninga. Det første kjende marknaden i Devizes var i 1228. Den opphavlege marknaden var på eit stort område utanfor kyrkja for Jomfru Maria heller enn dagens marknadsplass av tilsvarande namn som på den tida var innanfor den ytre borggarden til festninga.[1] Dei viktigaste produkta var kveite, ull og garn, medan ost, bacon og smør vart aukande viktig seinare.

I 1643, under den andre engelske borgarkrigen, kringsette parlamentariske styrkar under sir William Waller dei rojalistiske styrkane under sir Ralph Hopton i Devizes. Kringsetjinga opphøyrde då ekstra styrkar kom frå Oxford og styrkane til Waller vart bortimot utrydda i slaget ved Roundway Down. Devizes vart verande under rojalistisk kontroll inntil 1645Oliver Cromwell gjekk til åtak med artilleri og tvinga rojalistane til å overgje seg. Den skadde festninga vart riven i 1648 på ordrar frå parlamentet, og i dag er det bortimot inkje igjen av festninga.

Frå 1500-talet vart Devizes kjent for tekstilindustrien sin, spesielt eit kvitt ullplagg, men framstilte seinare serge (eit slitesterkt ullstoff), grovt ullstoff, filt og kassimere. Tidleg på 1700-talet heldt Devizes den største kornmarknaden i West Country i England, men handla òg med humle, krøtter, hestar og ulike former for klede. Handelsmenn i ull kunne byggje velståande byhus rundt marknadsplassen.

Frå slutten av 1700-talet gjekk omsetnaden av tekstilindustrien ned, men annan handel i byen var blant anna produksjon av ur, eit støyperi for kyrkjeklokker, bokseljarar, motehandlarar, kolonialhandlarar, og sølvsmedar. På 1700-talet kom òg bryggeri, etterbehandling av tobakk og framstilling av snus i byen. Bryggeria eksisterer enno i bryggeriet Wadworth Brewery, medan tobakk og snus har døydd ut.

Byen var òg ein viktig stoppestad for post og passasjervognane frå vegen mellom London og Bristol, noko som ein kan sjå frå dei mange vertshusa i byen, spesielt det kjende Bear Hotel.

Dei 16 slusene som klatrar opp Caen Hill i Devizes på kanalen Kennet and Avon Canal.

Kanalen Kennet and Avon Canal vart konstruert under leiing av John Rennie mellom 1794 og 1810 for å forbinde Devizes med Bristol og London. I nærleiken av byen stig kanalen 72 meter ved hjelp av 29 sluser, 16 av dei i rett linje ved Caen Hill. I dei tidlegaste dagane til kanalen vart han opplyst av gasslykter om natta, noko som tillét båttransport døgnet rundt. Med jarnbanen på 1850-talet gjekk kanalen meir og meir ut av bruk, men har i moderne tid vorte restaurert og blir nytta for utandørsliv og underhaldning. Museet i byen, Devizes Wharf, gir innsikt i den historiske båtkulturen.

Desse Shire-hestane gjev folk flest ein køyretur i byen, men leverer normalt ølet Wadworth til pubane i områda.

I 1857 opna jernbaneselskapet Wilts, Somerset and Weymouth Railway ei avdelingslinje frå Holt Junction, deira jernbanelinje frå Chippenham til Weymouth, til Devizes. I 1862 utvida jernbaneselskapet Great Western Railway linja deira Reading til Hungerford for å møte denne linja, og knytte dermed ei direkte linje frå London til West Country gjennom Devizes. Derimot fjerna konstruksjonen av omkjøringslinja gjennom Westbury det meste av trafikken frå Devizes-linja og han vart nedlagt i 1966. I dag er den næraste jernbanestasjonen ved Chippenham eller Pewsey.

Byen opplever ein rask vekst i bustadhus i dag, spesielt på den austlege delen mot Andover.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Kvart år ved påske blir det halde eit 200 km langt maratonløp mellom Devizes og Westminster i London. Første konkurransen var i 1948, og hendinga var ein av dei første som vart inkludert på ein internasjonal løpskalendar då maraton fekk verdspopularitet på 1960-talet.

Det lokale fotballaget er Devizes Town F.C. som spelar i fotballigaen i sørvestlege England, Western Football League.

Det lokalet rugby-laget er Devizes RFC, grunnlagt i 1876, kjent som «Saddlebacks» (etter Wessex Saddleback), og som spelar i dei sørlege fylkesligaen, Southern Counties (South) League.

Devizes har òg ein landhockey-klubb, Devizes Hockey Club, som spelar i N4 Hockey League (tidlegare Gerrard Hockey League).

Tvillingbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Devizes. Wiltshire Community History. Wiltshire County Council.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]