Dieter Baumann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dieter Baumann
Dieter Baumann 2017 (cropped).jpg
Fødd 9. februar 1965
Blaustein
Yrke skribent, friidrettsutøvar, langdistanseløpar, mellomdistanseløper
Dieter Baumann på Commons
Dieter Baumann i 2011

Dieter Baumann (fødd 9. februar 1965) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Blaustein i Baden-Württemberg. Han vart olympisk meister på 5 000 m i 1992 og europameister på distansen i 1994. I tillegg vann Baumann eitt OL-sølv på 5 000 m, og to EM-sølv på 10 000 meter i tida 1988-2002.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

5 000-meterfinalen under Sommar-OL 1988 vart vunne av John Ngugi frå Kenya, som rykte frå hovudfeltet få rundar før mål. På sisterunden viste Baumann seg som den sterkaste av dei tre løparane som kjempa om dei hine medaljane, og sikra seg sølvet.

I juni 1992 sette Baumann ny tysk rekord på 5 000 meter med tida 13.09,0 i Sevilla. Under OL i Barcelona same året starta 5 000-meterfinalen i eit roleg tempo, ein stor fordel for spurtsterke Baumann. Han avgjorde løpet på siste langside, og med to tidels sekunds margin vann han gullmedaljen framom Paul Bitok frå Kenya.

Baumann gjekk skadd i 1993-sesongen. I finalen på 5 000 meter ved friidretts-EM brukte han på ny spurtstyrken til å avgjere gullstriden mot britiske Rob Denmark. Under VM 1995 i Göteborg måtte han nøye seg med niandeplass på 5 000 meter. Få dagar etter det skuffande finaleløpet i Göteborg sette Baumann tysk rekord med 13.01,7, då han vart andremann i Zürich, etiopiaren Haile Gebrselassie vann tevlinga. Under OL 1996 i Atlanta enda Baumann på fjerdeplass på 5 000 meter.

Våren 1997 forbetra Baumann den tyske rekorden på 10 000 m til 27,21,5 under eit stemne i Baracaldo, ein rekord som gjeld også i 2016. Den 13. august 1997 i Zürich vart han den fyrste europearen som braut 13-minuttsgrensa, tida 12.54,7 er framleis tysk rekord 20 år seinare. Under verdsmeisterskapen 1997 i Aten vart Baumann femtemann på 5 000 meter. Året etter tok han sølv på 10 000 m under EM 1998 i Budapest. På den halve distansen hamna han langt bak medaljevinnarane.

Baumann tok eit nytt EM-sølv på 10 000 m under München-EM i 2002. Han deltok også i VM 2003 i Paris, men braut milløpet og la sidan opp.

Doping[endre | endre wikiteksten]

I oktober 1999 testa Baumann positivt på nandrolon og vart utestengd frå friidrett i to år.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]