Don't Go Out into the Rain (You're Going to Melt)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Don't Go Out into the Rain (You're Going to Melt)
Singel av Herman's Hermits
frå albumet Blaze
B-side «Moonshine Man»
Utgjeve Juni 1967 (US)
7. juli 1967 (UK)
Innspelt De Lane Lea Studios, London i 26. mai 1967
Sjanger Pop
Lengd 2:12
Låtskrivar(ar) Kenny Young
Produsent Mickie Most
Herman's Hermits-kronologi
«There's a Kind of Hush»
(1967)
Don't Go Out into the Rain (You're Going to Melt) «Museum»
(1967)


«Don't Go Out into the Rain (You're Going to Melt)» er ein hitssingel frå 1967 av Herman's Hermits.

Songen vart skriven av Brill Building-låtskrivaren Kenny Young som sjølv spelte inn originalinnspelinga av songen so «Don't Go Out into the Rain (You're Gonna Melt)» – og leia ei studiogruppe kalla The Seagulls. Denne versjonen gjorde det bra i Miami-området i desember 1966 og vart så plukka opp av Date Records for distribusjon nasjonalt.

Herman's Hermits – som hadde hatt ein hit i 1965 med Kenny Young sin «Just a Little Bit Better» – spelte inn «Don't Go Out into the Rain (You're Going to Melt)» for ein singel i juni 1967. Singelen nådde 18. plassen på Billboard Hot 100 i USA. Singelen kom ikkje ut i Storbritannia.

Songen vart òg spelt inn i 1967 av den finke songaren Johnny som «Älä pelkää, en sua syö» – og på svensk som «Du ska bara tro på hälften» av Hootenanny Singers. Den svenske gruppa Fabulous Four spelte òg inn songen på engelsk. Groovie Ghoulies spelte inn «Don't Go Out into the Rain» i 1989 for albumet Appetite for Adrenochrome. I 1967 spelte Les Sinners, ei gruppe frå Quebec, spelte inn ein fransk versjon kalla «Ne reste pas sous la pluie».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]