Keith Hopwood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Keith Hopwood

Fødd26. oktober 1946 (77 år)
FødestadDavyhulme i Manchester i England
OpphavStorbritannia
Aktiv1962–1972
SjangerPop, rock
InstrumentRytmegitar, vokal, klaverinstrument, bassgitar
Tilknytte artistarHerman's Hermits
PlateselskapRCA
Verka somMusikar, songar-låtskrivar, produsent, komponist, forretningsmann

Keith Hopwood (fødd 26. oktober 1946) er ein engelsk pop- og rockemusikar, låtskrivar, forretningsmann og plateprodusent. Han var rytmegitarist i 60-talsbandet Herman's Hermits. Hopwood spelte òg klaverinstrument og gitar for bandet Sour Mash, som spelte inn eitt album, A Whale of a Tale for RCA, men dette kom aldri ut.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Hopwood var fødd i Manchester i England i 1946. Hopwood byrja å spele gitar i tenåra og vara inspirert av gitaristar som Chet Atkins og Hank Marvin og Bruce Welch frå The Shadows.[1] Han og bassisten Karl Green og skodespelaren og songaren Peter Noone, danna ei gruppe dei kalla The Heartbeats, som etter kvart fekk med seg trommeslagaren Barry Whitwam og gitaristen Derek Leckenby. Dei skifta så namn til Herman's Hermits. Dei fekk kontrakt med produsenten Mickie Most som styrte innspelingane deira, kva dei skulle spele inn og heldt songane enkle. Det vart ein suksessformel og mellom 1964 og 1967 selde Hermits meir singlar enn nokon andre artistar utanom The Beatles, The Dave Clark Five og The Rolling Stones.[1]

I 1968, då bandet byrja å spele mindre, danna Hopwood og Leckenby sitt eige musikkføretak, Pluto Productions. Dei spesialiserte seg for musikk for fjernsyn og reklamefilmar og vann fleire prisar i 1970-åra.[1] Leckenby slutta etter kvart i føretaket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]