Peter Noone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter Noone
Peter Noone.jpg
Noone på scenen i juni 2007.
Fødd5. november 1947 (71 år)
FødestadDavyhulme i England
FødenamnPeter Blair Denis Bernard Noone
AliasHerman
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1962
SjangerRock, pop
InstrumentVokal, gitar
Tilknytte artistarHerman's Hermits
PlateselskapRAK, Philips, Bus Stop (UK)
Bell, Philips (US)
Verka somMusikar, songar-låtskrivar, gitarist, pianist, skodepelar

Peter Blair Denis Bernard Noone (fødd 5. november 1947) er ein engelsk songar-låtskrivar, gitarist, pianist og skodespelar, mest kjend som Herman i den suksessrike 60-talsgruppa Herman's Hermits.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Noone var fødd i Davyhulme i Lancashire, som nummer to av fem barn.

Han spelte i fleire skodespelarroller på fjernsyn, mellom andre Stanley Fairclough i såpeoperaen Coronation Street.[1] Noone studerte song og drama på Manchester School of Music, der han fekk prisen som «eineståande ung musikar».

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Herman's Hermits[endre | endre wikiteksten]

Herman (Peter Noone) i eit nederlandsk meieri etter å ha fått gullplate for «No Milk Today» i Nederland (1966).
Noone syng «Henry the VIII» på The Danny Kaye Show.

Tidleg i karrieren brukte han scenenamnet Peter Novac. Då han var 15 år gammal vart han songar, talsmann og frontmann i Herman's Hermits, som vart oppdaga av Harvey Lisberg.[2] Som «Herman» vart den fotogene Noone avbilda på mange internasjonale magasin, inkludert Time i lag med andre personar som synte dei nye andleta i popmusikken.[3]

Dei klassiske hittane hans omfatta «I'm into Something Good», «Mrs. Brown, You've Got a Lovely Daughter», «I'm Henry the Eighth, I Am», «Silhouettes», «Can't You Hear My Heartbeat», «Just a Little Bit Better», «Wonderful World», «There's a Kind of Hush», «A Must to Avoid», «Listen People», «The End of the World» og «Dandy». Herman’s Hermits selde meir enn 60 millionar plater med 14 gullsinglar og sju gullalbum. To gonger vart bandet kåra til «årets artist» av magasinet Cashbox i USA.

Som Herman spelte Noone på hundrevis av fjernsynsprogram, som programma til Ed Sullivan, Jackie Gleason, Dean Martin og Danny Kaye. Han spelte i ABC sin musikalversjon av The Canterville Ghost, Hallmark Hall of Fame sin presentasjon av den klassiske Pinocchio (der han hadde hovudrolla), og tre filmar for MGM: Mrs. Brown, You've Got A Lovely Daughter, Hold On! og When The Boys Meet The Girls.

Solokarriere[endre | endre wikiteksten]

Noone gav seg i Herman's Hermits i 1971 og spelte inn fire singlar for britiske RAK Records, ein singel for Philips, og fleire singlar for det vesle britiske selskapet Bus Stop Records. Den første RAK-singelen hans, «Oh! You Pretty Things», nådde 12. plassen på UK Singles Chart.[4] Denne var skriven av David Bowie, som òg spelte piano på songen. I 1974 nådde Noone 15. plassen på Easy Listening-lista i USA og 101. plassen på poplista med «Meet Me on the Corner Down at Joe's Cafe» for Casablanca Records. I 1989 nådde han 19. plassen på Adult Contemporary-lista i USA med soloinnspelinga hans med «I'm Into Something Good» frå filmen The Naked Gun: From the Files of Police Squad!. I 1980 gav Noone ut soloalbumet One of the Glory Boys. Noone spelte som Frederic i New York Shakespeare Festivals sin Broadway-produksjon av Pirates of Penzance.

The Tremblers[endre | endre wikiteksten]

Noone leia ei kortvarig new wave-gruppe kalla The Tremblers som turnerte i 1980 og gav ut eitt album, Twice Nightly. I lag med Noone var bandmedlammane Greg Inhofer (klaverinstrument), Robert Williams (trommer, tidlegare i The Pop), George Conner (sologitar) og Mark Browne (bass). I følgje plateomslaget deltok òg andre musikarar på albumet som Tom Petty sitt Heartbreakers, bandet til Elton John, Daryl Dragon og Dave Clark.

Herman's Hermits igjen[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1980-åra har Peter Noone spelt under namnet Herman's Hermits starring Peter Noone.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nown, Graham ed.(1985). Coronation Street 1960–1985: 25 years, CBC Enterprises, 1986. ISBN 0-88794-231-8 photo with brief description of 1961 cameo role p209.
  2. «Peter Noone». Washington Post. Henta 19. mars 2018. 
  3. «Time Magazine Cover». Time. 21. mai 1965. Henta 19. mars 2018. 
  4. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 397. ISBN 1-904994-10-5. 
  5. https://peternoone.com/biography/

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]