Mrs. Brown, You've Got a Lovely Daughter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mrs. Brown, You've Got a Lovely Daughter
Singel av Herman's Hermits
frå albumet Herman's Hermits
B-side «I Gotta Dream On»
Utgjeve April 1965
Innspelt De Lane Lea Studios, London, 1. desember 1964
Sjanger Beat, pop
Lengd 2:45
Selskap MGM
Låtskrivar(ar) Trevor Peacock
Produsent Mickie Most
Herman's Hermits-kronologi
«Silhouettes»
(1965)
Mrs. Brown, You've Got a Lovely Daughter «Wonderful World»
(1965)


«Mrs. Brown, You've Got a Lovely Daughter» er ein populær song skriven av den britiske skodespelaren og låtskrivaren Trevor Peacock.[1] Han vart opphavleg sungen av skodespelaren Tom Courtenay i The Lads, eit britisk fjernsynsteaterstykke i 1963, og gjeve ut på singel i Storbritannia på Decca.[2]

Den mest kjende versjonen av songen er av Herman's Hermits, som tok songen til toppen av den amerikanske Billboard Hot 100 i mai 1965 og til toppen av hitlista i Canada månaden før. Singelen debuterte på 12. plassen på Hot 100 - den tredje høgaste debuten det tiåret etter The Beatles sine «Hey Jude» og «Get Back».[3] Hermits gav ikkje ut songen på singel i Storbritannia. Bandet tenkte aldri på songen som ein singel og i alle fall ikkje ein song som kunne nå toppen av hitlista.

Alvin and the Chipmunks spelte inn songen for i 1965 for albumet Chipmunks à Go-Go.

Songen vart spelt inn av Nellie McKay i 2015 på albumet hennar My Weekly Reader.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Herman's Hermits: Mrs Brown You've Got a Lovely Daughter». AllMusic. Henta 22. januar 2016. 
  2. «Tom Courtenay – Mrs. Brown You've Got A Lovely Daughter». Discogs. Henta 20. mars 2018. 
  3. ”Billboard Hot 100 Charts – The Sixties/The Seventies”, Record Research Inc, 1990