Derek Leckenby
Derek Leckenby | |
![]() | |
Fødd | 14. mai 1943 |
---|---|
Fødestad | Leeds i England |
Død | 4. juni 1994 (51 år) |
Dødsstad | Manchester i England |
Opphav | Storbritannia |
Aktiv | 1962–94 |
Sjanger | Rock, pop |
Instrument | Sologitar |
Tilknytte artistar | Herman's Hermits |
Verka som | Musikar |
Derek «Lek» Leckenby (14. mai 1943–4. juni 1994)[1] var ein engelsk musikar og sologitarist, mest kjend som medlem av de engelske popgruppa Herman's Hermits.
Biografi[endre | endre wikiteksten]
Leckenby var fødd i Leeds og byrja å studere til sivilingeniør på Manchester University før han slutta for å bli musikar. Han spelte med Manchester-bandet The Wailers då manageren Harvey Lisberg henta han til Herman's Hermits.
Han spelte på fleire av dei tidlege hittane til bandet og skriv songar i lag med Keith Hopwood, Peter Noone og Karl Green i bandet. Han likte godt produsenten deira Mickie Most, men ikkje at Most stundom brukte andre studiomusikarar på innspelingane deira, trass i at bandet var dugande på instrumenta sine. Leckenby spelte på alle førsteplassane bandet fekk i USA og Storbritannia og spelte soloen på «I'm Henery the Eighth, I Am».
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Derek Leckenby» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mars 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Chris Welch, «Obituary: Derek Leckenby», The Independent, 9. juni 1994. Henta 28. november 2010.