Dvergfalk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dvergfalk

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Dvergfalk, vaksen hann
Dvergfalk, vaksen hann

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Aves
Orden: Falconiformes
Familie: Falconidae
Slekt: Falco
Art: F. columbarius
Vitskapleg namn
Falco columbarius
Dvergfalk
Namn på andre språk
Nordsamisk Cizášfálli
Svensk Stenfalk
Dansk Dværgfalk
Engelsk Merlin
Tysk Merlin
Fransk Faucon émerillon
Spansk Esmerejón
Russisk Derbnik (Дербник)

Dvergfalk er ein fugleart i falkefamilien. Han er minste falken i Europa.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Dvergfalken vert inndelt i ei rad underartar. Den underarten som finst i Noreg, er ein kompakt fugla med ganske breie vengar og lang stjert. Han kan forvekslast med sporvehauk, men har spissare vengar. Ein vaksen hann vert 25-30 cm lang og har eit vengespenn på 50-65 cm. Hoa er litt større. Hannen har ei konstrastrik fjørdrakt medan hoa og ungfuglen har gråbrun overside og lysare, kraftig langsstreka underside, og tverrband på stjerten. Vokshuda ved nebben er gul på dei vaksne og blågrå på ungfuglane.

Læte[endre | endre wikiteksten]

Fuglane kan vere nokså støyande ved reiret og røpe staden ved ulike lydytringar. Dei flygedyktige ungane møter foreldra med heftige skrik når dei kjem med bytte.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Arten har ei nordleg utbreiing som er nesten sirkumpolar. Han hekkar frå Island og dei britiske øyane i vest austover gjennom Skandinavia og Baltikum og gjennom Asia til Nord-Amerika. På Grønland og tilstøytande delar av Canada manglar han. Storparten av dvergfalkane i verda er trekkfuglar.

Førekomst i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Den norske hekkebestanden kan vere på kring 2000-6000 par. Dvergfalken er utbreidd over det meste av Noreg, frå kyst til snaufjell. I dei store samanhengande barskogane og i jordbruksbygdene i låglandet på Austlandet og Sørlandet hekkar arten stort sett ikkje. På Vestlandet hekkar arten fåtalig. Beste hekkeområda finn fuglen i frodige område i bjørkebeltet nær vatn og vassdrag. Snauhogst har gitt arten betre kår i låglandet. Fuglane vil helst ha opne stader som heier, myrar, setervollar, strandenger og elvelaup.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Falco columbarius

Paret kjem til hekkeplassen i april-mai. I månadsskiftet mai-juni legg hoa 4-5 gulkvite egg med raudbrune prikkar i eit gammalt reir etter kråke eller ringdue, eller på ei berghylle. Denne tida sit hoa gjerne synleg på ein utkikspost. Rugetida varer ein månad, og denne tida er fuglane lite synlege. Hoa står for det meste av ruginga. Etter klekkinga vert det meir aktivitet. Hannen annonserer at han kjem med byttedyr, og trugande fuglar som flyg over vert møtte med angrep frå dvergfalkane. Etter fire veker er ungane på vengane.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Dvergfalken jaktar framfor alt småfugl, men i blant gnagarar og insekt. Han kan ta byttet både i lufta og på marka. Ofte sit falken på ein utkikksplass og speidar etter bytte.

Trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Norske dvergfalkar er trekkfuglar som reiser sørover i september-oktober. Overvintringsområdet ligg frå Tyskland i nord til landa kring Middelhavet i sør. Nokre få vert att i det sørlege Noreg. Nokre av dvergfalkane som held seg i Noreg om vinteren kan vere av den islandske underarten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]