EHF-meisterligaen i handball 2021/Kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Meisterligaen i handball 2021 for kvinner var ei turnering arrangert av Europas handballforbund (EHF) som tok til 12. september 2020. Turneringa med 16 deltakande lag opna med seriespel i to grupper à 8 lag. Basert på plasseringa i seriespela møttest laga til utslagsspel over fire rundar. Topplaga i dei to gruppene møtte botnlaga i åttedelsfinalane, vidare møtte toarane i gruppene sjuarane, trearane møtte seksarane og firarane måtte opp mot femmarane. Laga som vann kvartfinalane møttest til sluttspel i Budapest 29. og 30 mai.

IK Våg/Vipers frå Kristiansand vann turneringa etter finalesiger 34 – 28 over franske Brest BH. I semifinalen vann laget 33 – 30 over CSKA Moskva. Tidlegare slo Vipers ut GK Rostov med 57 mot 50 i kvartfinalane og Odense med 65 mot 62 i oktofinalane. Det var andre gongen eit norsk lag vann meisterligaen.

Sluttspelet[endre | endre wikiteksten]

  • Semifinalane:
  • Brest BH – Győri ETO 27 – 25 etter ekstraomgangar
  • IK Våg/Vipers – CSKA Moskva 33 – 30
  • Bronsefinalen:
  • Győri ETO – CSKA Moskva 32 – 21

Finalen[endre | endre wikiteksten]

IK Våg/Vipers – Brest BH 34 – 28.

Dei norske kvinnene tok kommandoen i kampen frå start. Ved pause leia dei 18 – 14, i den andre omgangen kontrollerte Vipers inn til klubbens fyrste internasjonale triumf. Med sine 12 skåringar var Henny Reistad kampens store profil, saman med målvakta Katrine Lunde. Elles skåra Jana Knedlíková 6 mål, Emilie Hegh Arntzen og Heidi Løke 4 mål, begge, Ragnhild Dahl 3 mål, Nora Mørk og Vilde Jonassen skåra 2 mål kvar, Marta Tomac fekk ei nettkjenning. Linn Sulland, Malin Aune, June Andenæs, Hanna Yttereng, Tonje Refsnes, Sunniva Andersen og målvakta Andrea Austmo Pedersen var også med på Vipers-triumfen.

Ana Gros vart toppskårar for Brest BH, som elles hadde norske Tonje Løseth med i sitt mannskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]