Eelco Sintnicolaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eelco Sintnicolaas

Eelco Sintnicolaas (fødd 7. april 1987) er ein nederlandsk mangekjempar frå Dordrecht som vann sølvmedaljen i tikampen under europameisterskapen 2010.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sintnicolaas sanka 8 052 poeng då han i 2009 tikamp-debuterte i Götzis-stemnet. Året etter flytta han den personlege rekorden til 8 159 poeng, også det i Götzis. Under europameisterskapen 2010 i Barcelona forbetra han seg kraftig og vann sølvmedaljen med 8 436 poeng, einast 17 poeng attom vinnaren.

Våren 2012 kom Sintnicolaas på andreplass i Götzis-stemnet og presterte personbeste med 8 506 poeng. I mars 2013 vann han sjukampen då Innandørs-EM fann stad i Göteborg. Etter å ha vorte fjerdemann ved EM 2014 var Sintnicolaas mykje plaga av skadar og makta sjeldan å fullføre ein tikamp-serie.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]