Eldkronekolibri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eldkronekolibri
Eldkronekolibri
Eldkronekolibri
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Eldkronekolibri
Utbreiinga av Eldkronekolibri
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Stamme: Lesbiini
Slekt: Sephanoides
Art: Eldkronekolibri S. sephaniodes
Vitskapleg namn
Sephanoides sephaniodes

Eldkronekolibri (Sephanoides sephaniodes) er ein kolibri i underfamilien Lesbiinae. Han lever i Argentina, i Chile både på fastlandet og på Juan Fernández-øyane.

Han er ein av to artar i slekta Sephanoides, den andre, gullkolibri (S. fernandensis), er endemisk for Robinson Crusoe-øya i Juan Fernández-øygruppa. Arten eldkronekolibri har ikkje underartar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hannfugl i ein park i Valparaíso-regionen

Eldkronekolibrien er 10 til 10,5 cm lang. Hannane veg ca. 5,5 g og hoene ca. 5 gram. Arten er kjønnsdimorf, hannar her større med meir kroppsmasse enn hoer, men hoer har lengre nebb. Vaksne av begge kjønn har bronsegrøn overside, skifergrøne venger og stjert, og bleik gul underside med svarte og grøne flekker. Vaksne hannar har den eponyme iriserande rød-gule krona. Ungfuglar av begge kjønn har rustne fjørkantar på hovudet og undersida har ein kaneltone.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Eldkronekolibrien finst i Chile i eit samanhengande område frå sør for Atacama-regionen og sørover til sørspissen av Sør-Amerika. Dessutan i dei tilstøytande områda i det sørlege Argentina, og austover over sentrale Argentina til atlanterhavskysten. Ein isolert populasjon finst på Robinson Crusoe og Alejandro Selkirk-øya i Juan Fernández-øygruppa, omtrent 670 km (420 nm) utanfor den chilenske kysten. Han er registrert som ein streiffugl på Falklandsøyane. Arten lever i skogkantar og skoglysningar, i plantasjar av introdusert eukalyptus, i kratt og hagar. Han er ein viktig pollinator i dei tempererte regnskogsområda i Sør-Amerika. Leveområdet varierer i høgd frå havnivå til over 2000 moh.[1]

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Eldkronekolibrien er ein standfugl innanfor matorral økoregion i Chile frå sør for Atacama-regionen til omtrent sørlegaste Los Lagos-regionen og i det tilstøytande vestlege Argentina. I tillegg hekkar han og er trekkfugl sør for Los Lagos ned til sørspissen av Sør-Amerika i både Chile og tilstøytande Argentina. Utanom hekkesesongen overvintrar han i låglandet i det sentrale Argentina så langt aust som Atlanterhavskysten. Populasjonen på Juan Fernandez-øyane er trudd å vere standfuglar.[1][2]

Eldkronekolibrien lever av nektar frå ei rekkje innfødde og introduserte blomstrande plantar, og favoriserer dei av slektene Abutilon i kattostfamilien, Embothrium og fuksiaslekta (Fuchsia). Nokre gonger sit dei på blomstrar for å ta nekar i staden for å stille i lufta framføre blomsten som er vanleg for andre kolibriartar. Han er i stand til å hugse ikkje berre nektarplasseringa blant identiske blomster, men også plasseringa til den med mest nektar blant mange blomster. Han er intenst territoriell og er kjent for å jage vekk fuglar så store som karakaraer.[1][3]

Hekkesesongen til eldkronekolibrien på fastlandet spenner frå september til november; data er sparsame, men sesongen på Juan Fernández-øyane ser ut til å vere frå september til desember. Reiret er ein veldig liten kopp som nokre gonger blir plassert over vatn. Kullet er på to kvite egg. Ingenting anna er kjent om hekkefenologien til arten.[1]

Den typiske songen er ein serie høge tonar ispedd grusaktige trillar og knirkande tonar. Kontaktropet er ein enkelt 'psii' eller 'skii'.[1]

Status[endre | endre wikiteksten]

IUCN har vurdert eldkronekolibrien som livskraftig (LC), sjølv om populasjonsstorleiken er ukjend og er truleg minkande.[4] Han er lokalt vanleg, og trivst i menneskeskapt landskap som byparkar og hagar. På Juan Fernandez-øyane blir bestanden trudd å vere rundt 5000 individ. Han lever i fleire verna område på fastlandet. Ingen umiddelbare truslar er identifiserte.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Roy, M.S., P. F. D. Boesman, and G. M. Kirwan (2020). Green-backed Firecrown (Sephanoides sephaniodes), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA
  2. C. Michael Hogan & World Wildlife Fund. 2013. Chilean matorral. ed. M.McGinley. Encyclopedia of Earth. National Council for Science and the Environment. Washington DC
  3. Gónzalez-Gómez, Paulina L.; Vásquez, Rodrigo A. (August 2006). «A field study of spatial memory in green-backed firecrown hummingbirds (Sephanoides sephaniodes (PDF). Ethology 112 (8): 790–795. ISSN 0179-1613. doi:10.1111/j.1439-0310.2006.01223.x. 
  4. BirdLife International (2023) Species factsheet: Sephanoides sephaniodes, henta frå http://www.birdlife.org on 31. januar 2023

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Eldkronekolibri