Elefthería Eleftheríou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elefthería Eleftheríou

Fødd12. mai 1989 (34 år)
FødestadParalímni
FødenamnΕλευθερία Ελευθερίου
OpphavKypros, Hellas
Aktiv2010–
Sjangerpop
Instrumentpiano, vokal
PlateselskapSony Music
Verka somsongar

Elefthería Eleftheríou (fødd 12. mai 1989) er ein gresk-kypriotisk songar. Ho representerte Hellas i Eurovision Song Contest 2012 med songen «Aphrodisiac».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Elefthería Eleftheríou er fødd og oppvaksen på Kypros. Frå barndommen har ho fått mykje opplæring innan song, pianospel, musikkteori og musikkhistorie. 16 år gamal vart ho invitert til å vera med som solist i det nasjonale folkeorkesteret til RIK, nasjonalkringkastaren på Kypros. Ho var med i den nasjonale Eurovisionfinalen på Kypros i 2006, men nådde ikkje fram. Frå ho var 18 begynte ho å opptre på scener i Kypros, og var m.a. med i ein musikal i Levkosía (Nikosia).

I 2008 prøvesong Elefthería Eleftheríou for X Factor Hellas. Trass i at ho vart godkjend av domarane og fekk plass i programmet, takka ho nei til å delta vidare. Ho prøvesong på nytt i 2009-sesongen, og blei denne gongen med som deltakar. I femte episode vart ho stemt ut, men fekk sidan tilbod om å samarbeida med songaren Sakis Rouvas, noko ho takka ja til.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I kjølvatnet av X-Factor fekk ho platekontrakt med Sony Music i Hellas. Plateselskapet meldte henne som kandidat til å representera Hellas i Eurovision Song Contest 2010 med songen «Tables are Turning». Men få dagar før den nasjonale finalen, vart songen lekka ut på internett. Det same skjedde med ein annan av finalistsongane, som hadde vore tilgjengeleg på YouTube. Som resultat måtte desse to songane diskvalifiserast, og vinnaren av dei sju resterande songane vart Giorgos Alkaios & Friends. Alkaios representerte dermed Hellas i Eurovision Song Contest 2010 med songen «ÓPA!»» og enda på 8. plass.

«Tables are Turning» vart omsett til gresk og gjeven ut som singel i Hellas. Eleftheríou har dei siste åra blitt meir kjend i Hellas, gjeve ut fleire songar og skift plateselskap til Universal Music Group. I 2012 deltok ho i Eurovision på nytt, med songen «Aphrodisiac». Denne gongen vann ho den nasjonale finalen, og fekk dermed representera Hellas i Aserbajdsjan. «Aphrodisiac» vart framført under fyrste semifinale, og gjekk vidare til finalen. Ho enda på ein 17. plass med 64 poeng.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Føregangar
Hellas i Eurovision Song Contest
2012
Etterfylgjar
Førebels ingen