Ívi Adámou
Ívi Adámou | |
![]() | |
Fødd | 24. november 1993 (27 år) |
---|---|
Fødestad | Ajía Nápa |
Fødenamn | Ήβη Αδάμου |
Opphav | Kypros |
Aktiv | 2009– |
Sjanger | pop |
Instrument | piano, vokal |
Stemmetype | alt |
Plateselskap | Sony Music Greece |
Verka som | songar |
Sambuar med | Michalis Kouinelis |
Ívi Adámou (fødd 24. november 1993) er ein kypriotisk songar frå Ajía Nápa. Ho representerte Kypros i Eurovision Song Contest 2012 med songen «La La Love».
Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]
Ívi Adámou har gresk-kypriotisk far og bulgarsk mor, men er oppvaksen på austkysten av Kypros. Ho har drive med musikk sidan barndommen, men vart kjend då ho deltok i den greske versjonen av X Factor i 2009, der ho enda på sjetteplass.
Etter deltakinga fekk ho platekontrakt med Sony Music i Hellas. Ho platedebuterte med EP-en Kalokairi Stin Kardia i 2010, som inneheldt fleire singlar. Ho har òg sunge på ein singel saman med ei gresk hip-hop-gruppe, Stavento'. Singelen «San erthei i mera» vart enormt populær i Hellas i 2010. I november same året gav ho ut Christmas with Ívi Adámou.
Ho vart internt utvald av den kypriotiske nasjonalkringkastaren, RIK, til å representera Kypros i Eurovision Song Contest 2012. I januar 2012 sendte RIK fjernsynsprogrammet A Song for Ívi, der ho song tre låtar. Vinnarlåta vart «La La Love».
Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]
«La La Love» vart framført i fyrste semifinalen, 22. mai 2012 i Baku. Songen gjekk vidare til finalen og enda på ein 16. plass.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Ivi Adamou» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mai 2012.
- Poengsum er henta frå eurovision.tv, 27. mai 2012.