Hopp til innhald

Sinplus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sinplus

OpphavLosone i Sveits
Aktiv2011–
SjangerPop og rock
MedlemmerIvan Broggini
Gabriel Broggini
PrisarMTV Europe Music Award for Best Swiss Act

Sinplus er ein sveitsisk duo. Duoen består av brørne Ivan og Gabriel Broggini.

Die grosse Entscheidungsshow

[endre | endre wikiteksten]

3. november 2011 deltok dei i uttakinga til den franskspråklege kringkastaren Radio télévision suisse (RTS) med songen «Unbreakable», men gjekk ikkje vidare til finalen i Die grosse Entscheidungsshow. Fem dagar seinare, 8. november, deltok dei i uttakinga til den italienskspråklege kringkastaren Radiotelevisione svizzera di lingua italiana (RSI) og gjekk vidare til finalen. I finalen, som fann stad 10. desember 2011, tevla dei mot mellom anna den fyrste vinnaren av Eurovision Song Contest, Lys Assia. Sinplus vann tevlinga med 17,87 % av røystene og fekk representere Sveits i Eurovision Song Contest 2012.

Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]

Sinplus starta som éin av dei ni fyrste i den fyrste semifinalen i Eurovision Song Contest 2012, men gjekk ikkje vidare til finalen.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 2011: Unbreakable