Səbinə Babayeva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Səbinə Babayeva

Statsborgarskap Sovjetunionen, Aserbajdsjan
Fødd 2. desember 1979 (44 år)
Baku
Yrke songar, jazzmusikar
Språk Aserbajdsjansk
Nettstad http://sabina.eurovisiontalents.com
Səbinə Babayeva på Commons

Səbinə Babayeva (fødd 2. desember 1979 i Baku) er ein aserbajdsjansk songar.

Babayeva er utdanna ved Asaf Zeynally College of Music og har delteke i ei rekkje songtevlinga både i heimlandet og utlandet. I Aserbajdsjan er ho kjend som songaren av «Roya Kimi», kjenningsmelodien til den aserbajdsjanske fjernsynsserien Bəyaz həyat frå 2003. Ho har delteke i alle dei aserbajdsjanske uttakingane til Eurovision Song Contest frå landet debuterte i 2008 til 2012. I 2011 enda ho på tredjeplass.

Eurovision Song Contest 2012[endre | endre wikiteksten]

Səbinə Babayeva deltok i Milli seçim turu, den aserbajdsjanske uttakinga til Eurovision Song Contest 2012. Frå runde nummer sju gjekk ho vidare til semifinalen, derfrå gjekk ho vidare til finalen og vann. Dimed vart ho vald som representant for Aserbajdsjan.

Etter sigeren vart songen, «When the Music Dies», vald ut internt. Sidan Ell & Nikki vann Eurovision Song Contest 2011 for Aserbajdsjan, vert tevlinga arrangert i Baku og vertslandet vart dimed direktekvalifisert til Eurovision-finalen.

Babayeva starta som nummer 13 i finalen. Til slutt enda ho på fjerdeplass med 150 poeng.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Poengsum er henta frå eurovision.tv den 27. mai 2012.