Ellev Tothammar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ellev Tothammar
Fødd 1760
Sogndal
Død

19. april 1823
Sogndal

Eilev Hansson Tothammar (176019. april 1823) var ein norsk gardbrukar, skipper og stortingsmann frå Sokndal i Rogaland. Han representerte i 1814 Stavanger amt på det fyrste Stortinget. Han var grandonkel til Ole Gabriel Ueland.

Tothammar vart fødd som trilling på garden med same namn, seinhaustes i 1760. Den 7. desember det året vart han og dei to trillingbrørne Gabriel og Johannes døypte i dåverande Sokndal kyrkje. Eine trillingbroren, Gabriel, gjorde karriere i det militære og enda opp som oberstløytnant i Kristiansand, den andre trillingbroren, Johannes, var dverg og budde på garden Åmot i Sokndal.

Eilev Tothammar reiste tidleg til sjøs i fart på Nederlanda. Han tok styrmannseksamen i København og fekk i 1793 borgarskap i Bergen. I mange år var han førar av skuter, heimehøyrande i Bergen, som gjekk i langfart til både Vest-India og Ostindia. Ved minst eitt høve var han i New York. Folketeljinga 1801 viser at han då var heime på garden sin i Sokndal, også ufredsåra 1807-14 var han heime. Desse åra var han «ivrig sjef for kystvernet».

Sommaren 1814 vart Tothammar vald til 2. representant frå Stavanger amt til det fyrste ordentlege Storting. Etter 1814 var han skipper på skip som storkjøpmannen Gabriel Kielland i Stavanger eigde. På ein tur frå HabanaCuba braut virussjukdomen «den gule feber» ut om bord. Både Tothammar og mange av mannskapet vart smitta, men dei makta likevel å føre skuta heim til Stavanger. «Den gule feber» herja i Vest-India og USA i perioden 1819-22 og tok manssevis av liv.

Tothammar døydde heime på garden sin våren 1823. Den 17. mai 1904 reiste ungdomslaget i bygda ein tre meter høg bautastein på grava hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]