Elsa Schiaparelli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elsa Schiaparelli

Statsborgarskap Italia, Kongedømet Italia, Frankrike
Fødd 10. september 1890
Roma
Død

13. november 1973 (83 år)
Paris

Yrke motedesigner, forretningsdrivande, smykkedesigner
Språk fransk, italiensk
Far Celestino Schiaparelli
Mor Marchesa Maria de Dominicis
Ektefelle Wilhelm Frederick Wendt de Kerlor
Nettstad https://schiaparelli.com
Elsa Schiaparelli på Commons

Elsa Schiaparelli (10. september 189013. november 1973) var ein italiensk-fransk moteskapar. Ved sida av Coco Chanel blir ho rekna som ein av dei mest framståande moteskaparane frå mellomkrigstida. Ho var oppteken av surrealismen og samarbeidde med fleire av kunstnarane i tida, som Salvador Dalí og Jean Cocteau. Kolleksjonane hennar var berømte for ukonvensjonell og overdådig design og bruk av uvanlege materiale og sterke fargar, som signaturfargen hennar: «shocking pink», sjokkrosa. Ho hadde sitt eige motehus, Schiaparelli, i Paris frå 1927 til 1954.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Teikning av eit av trompe l'œil-plagga til Schiaparelli (1927).

Bakgrunn og ekteskap[endre | endre wikiteksten]

Schiaparelli vart fødd inn i ein aristokratisk, velhavande og intellektuell familie i Palazzo Corsini i Roma. Ho har omtalt seg sjølv som eit vanskeleg barn, med stort behov for personleg fridom, allereie då.[1]

Ho studerte ei tid filosofi, og då ho var 21 år gav ho ut ei diktsamling med sensuelle dikt: Arethusa, som sjokkerte familien. Foreldra sende henne til ein klosterskule i Sveits for å disiplinera og roa henne. Ho sveltestreika i protest mot det autoritære systemet til skulen, og foreldra måtte henta henne heim igjen.[2]

I 1913 flytta ho til London saman med nokre av vennene til søstera. Der besøkte ho ein teologisk konferanse arrangert av teosofen Wilhelm Frederick Wendt de Kerlor. Dei to forelska seg, gifta seg i 1914 og flytta i 1916 saman til New York. I 1920 fekk dei dottera «Gogo», som tidleg vart ramma av polio. Ekteskapet med Wendt de Kerlor gjekk etter kvart dårleg, og paret skilde seg.

Medan ho var i USA,[3] vart Schiaparelli kjend med kona til Francis Picabia, Gabriella Picabia, og fekk interesse for surrealismen, ei interesse som skulle vara livet ut – og som kom til å påverka utforminga av Schiaparellis haute couture-kolleksjonar.[4]

Retur til Paris[endre | endre wikiteksten]

I 1922 flytta Schiaparelli til Paris med dottera, for at ho skulle få best mogleg behandling. Der vart ho kjend med moteskaparen Paul Poiret. Gjennom han fekk ho interesse for haute couture, og byrja sjølv å designa klede. Ho fekk gjennombrotet sitt med ein handstrikka genser med eit svart-kvitt trompe l'œil-motiv på brystet.[5]

Coco Chanel var allereie ein berømt moteskapar då Schiaparelli kom tilbake til Paris. Ho og Schiaparelli skal ha vore rivalar, eller fiendar, heile livet.[6] Dei var i alle fall rake motsetningar når det gjaldt utforming av kvinneklede. Chanel, som opphavleg var modist, hadde utvikla kolleksjonen til å omfatta dameklede, smykke og parfyme. Ho var ein dyktig handverkar og hadde eigen motebutikk i Paris. Kleda hennar blir omtalte som epokegjerande, med rette, enkle, ofte maskuline snitt, som passa det guteaktige kroppsidealet i 1920-åra.[7] Schiaparelli hadde inga skolering innanfor mønsterkonstruksjon eller saum. Ho rekna kleda sine som kunst – og seg sjølv som kunstnar. Ho skapte gjerne fargerike, oppsiktsvekkjande, ofte humoristiske kreasjonar ved å drapera dei direkte på modellane.

Motehus, krig og sjølvbiografi[endre | endre wikiteksten]

Zsa Zsa Gabor som Jane Avril i Moulin Rouge (1952). Kostymedesign: Schiaparelli

I 1927 opna ho sitt eige motehus i Paris: «Schiaparelli». Dei første plagga var handstrikka, men kolleksjonen vart snart utvida med badetøy og aksessoarar.[8]

Schiaparelli sine kolleksjonar skilde seg ut frå dei andre motehusa sine. Ho var den første som byrja å designa dameklede med skulderputer, og utformingane av kleda var ofte utradisjonelle og djerve. Ho utsmykka til dømes kjolar med fargerike plastglidelåsar. Glidelåsen hadde inntil då vore eit nødvendig «vonde», som helst skulle vera skjult. Saman med Salvador Dalí designa ho den berømte hummar-kjolen, «Lobster dress», ein selskapskjole utsmykka av Dalí, som måla ein stor hummar nedover framsida av kjolen. Wallis Simpson bar denne kjolen på eit fotografi Cecil Beaton tok av henne like før ho gifta seg med Edward VIII.[9]

Dalí og Schiaparelli var også saman om å designa sko-hatten: ein hatt forma som ein høghæla damepumps av svart filt med raud hæl. Hatten var visstnok inspirert av eit fotografi av Dalí med éin damesko på hovudet – og éin på skuldra.[10]

Schiaparelli var djerv også når det gjaldt bruk av materiale og fargar. Sjokkrosa, «shocking pink», vart hennar «varemerke». Den fargen brukte ho i fleire samanhengar, både i einsfarga, lange selskapskjolar og i tilbehøyr.[8]

I 1932 hadde motehuset åtte atelier og over 400 tilsette. I 1933 opna ho butikkar og kontor i London og New York og i 1934 var ho den første kvinnelege moteskaparen som vart avbilda på framsida av Times. Kleda ho designa vart stadig meir påverka av surrealismen, og ho samarbeidet med fleire framståande surrealistiske kunstnarar i tillegg til Salvador Dalí.

Ho designa filmkostyme for Hollywood – og antrekk for somme av dei mest berømte og rike filmstjernene, som Greta Garbo, Katharine Hepburn, Joan Crawford, Mae West og Marlene Dietrich.[11] Dietrich elska Schiaparelli sine jakker med skulderputer, som fekk antrekka til å sjå ut som om dei var ei feminin tilpassing av mannsklede. Schiaparelli hadde kontakt med USA heile livet, både gjennom forretningsavtalar og privatkundar, blant filmstjerner og andre i dei «høgare sosiale lag».[6]

Døme på Schiaparellis design

Schiaparelli dreiv motehuset til sommaren 1940. Då forlét ho Paris og reiste til USA. Der heldt ho forelesingar om kvinna og klede. Ho overlét ansvaret for motehuset til sin næraste medarbeidar frå mai 1940 til juli 1945.[12] Då Frankrike igjen vart fritt, returnerte ho til Paris, byrja å designa igjen, og presenterte sin første kolleksjon etter andre verdskrigen i september 1945.

Etter krigen vart nye moteskaparar populære, to kjende døme er Cristóbal Balenciaga og Christian Dior. Dior sin «New Look» fascinerte moteverda både i Europa og USA. Schiaparelli sin popularitet sokk. Økonomien var dårlegare blant folk. Haute couture var ikkje det ein satsa mest på.[11] Ho arrangerte sitt «Farewell show», avskjedsshow, i februar 1954.[11] Same haust vart motehuset erklært konkurs og stengde for godt,[1] og Schiaparelli sitt namn vart til ei viss grad gløymt av andre enn fagfolk. Den amerikanske forfattaren Judith Thurman skreiv i ein artikkel i 2003: «Chanel (for-)blei eit kjent ord – og verda gløymde korleis ein skulle uttala Schiaparelli».[13][11]

Då motehuset stengde kunne Schiaparelli konsentrera seg om å skriva sjølvbiografien sin, Shocking Life. Den kom ut i 1954 og er seinare gitt ut i nye utgåver og på fleire språk.[14]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Kåpe designa av Elsa Schiaparelli (1930-åra). Eigar: Nasjonalmuseet
Lady Gaga i ein ny Schiaparelli-kreasjon ved Joe Biden sin innsetjingsseremoni i 2021.

I 2007 kjøpte forretningsmannen Diego Della Valle rettane til merkenamnet Schiaparelli, og i 2014 presenterte motehuset sin første kleskolleksjon sidan 1954.

Etter gjenopninga av motehuset har designarane halde fram med å æra Schiaparelli og den surrealistiske stilen hennar gjennom å utstyra kreasjonane med overdådige detaljar og ekstravagante former.[15] I 2019 vart amerikanaren David Roseberry tilsett som ny kreativ direktør. Han hadde inga erfaring med haute couture, men designa og presenterte den første Schiaparelli-kolleksjonen sin allereie to månader etter tilsetjinga. Med stor respekt for skaparen til motehuset ønskjer han å attskapa Elsa Schiaparellis ånd og mot i plagga sine, ikkje gjenbruka direkte eller apa etter hennar mønster, former og detaljar.[16]

Elsa Schiaparelli blir framleis rekna (per 2024) som ein av dei mest framståande moteskaparane i mellomkrigstida.[17] I 2022 arrangerte Musée des Arts Décoratifs i Paris utstillinga Shocking! Les Mondes Surréalistes d'Elsa Schiaparelli,[18] og kunst- og motetidsskrift held fram med å skriva om henne og hennar wearable art.[19] Ho er representert med kreasjonar i fleire museum, mellom anna i Nasjonalmuseet si samling.[20]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Reeder, Jan. «Elsa Schiaparelli (1890–1973) | Essay | The Metropolitan Museum of Art | Heilbrunn Timeline of Art History». The Met's Heilbrunn Timeline of Art History (på engelsk). Henta 6. mars 2024. 
  2. Secrest, Meryle (2014). Elsa Schiaparelli : a biography. s. 14, 15. 
  3. éi kjelde seier dei møttest på veg heim frå N.Y. til Paris
  4. «7 of Elsa Schiaparelli’s Greatest Artistic Collaborations». TheCollector (på engelsk). 29. desember 2023. Henta 10. mars 2024. 
  5. «Trompe l’oeil or “Fools the Eye”.» (på engelsk). 15. juni 2014. Henta 5. mars 2024. 
  6. 6,0 6,1 «Business of Fashion History – Elsa Schiaparelli (1890-1973) | Eco Fashion Talk» (på engelsk). Henta 6. mars 2024. 
  7. Lehnert, Gertrud (2001). Motens historie i det 20. århundret. Könemann. s. 38-39. ISBN 3829079168. 
  8. 8,0 8,1 Sinding, Karin (1992). Parisermoter i Nordenfjeldske kunstindustrimuseum. s. 21–22. 
  9. «The Lobster Dress. A fashion icon’s story. | Scala Archives» (på engelsk). 19. juli 2023. Henta 7. mars 2024. 
  10. Foto gjengitt på nettsida det blir vist til her: Bed, A. Book in (17. oktober 2016). «Dali, Schiaparelli and the Shoe Hat». a book in bed (på engelsk). Henta 5. mars 2024. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 Thurman, Judith (19. oktober 2003). «Mother of Invention». The New Yorker (på engelsk). ISSN 0028-792X. Henta 7. mars 2024. 
  12. I enkelte kjelder står det at motehuset stengde under krigen
  13. Sitatet på originalspråket engelsk: «Chanel became a household word and the world forgot how to pronounce “Schiaparelli.”»
  14. «Shocking! : the art and fashion of Elsa Schiaparelli | Worldcat.org». search.worldcat.org (på engelsk). Henta 7. mars 2024. 
  15. «Rebirth of the grand fashion houses». www.bbc.com. Henta 5. mars 2024. 
  16. Arnaut, Manuel (4. mars 2021). «From NYC to Place Vendôme: Daniel Roseberry on Reviving Schiaparelli's Playful Spirit». Vogue Arabia (på engelsk). Henta 5. mars 2024. 
  17. «Elsa Schiaparelli». www.europeana.eu (på svensk). Henta 5. mars 2024. 
  18. «Inside 'Shocking! The Surreal World of Elsa Schiaparelli' - Exhibition Review | Showstudio». www.showstudio.com. Henta 6. mars 2024. 
  19. Nast, Condé (29. mars 2022). «A Brief History of Elsa Schiaparelli’s Iconic Bow Sweater». Vogue (på engelsk). Henta 6. mars 2024. 
  20. «Elsa Schiaparelli, Designer». Nasjonalmuseet (på norsk bokmål). Henta 6. mars 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]