Emeli Sandé
Emeli Sandé | |
![]() | |
Fødd | 10. mars 1987 (36 år) |
---|---|
Fødestad | Sunderland |
Alias | Rio Sandé |
Opphav | Storbritannia |
Aktiv | 2008– |
Sjanger | soul, rhythm and blues, moderne R&B |
Instrument | vokal |
Stemmetype | sopran |
Plateselskap | Virgin |
Verka som | songar og låtskrivar, songar, plateartist |
Prisar | James Joyce-prisen, Brit Award for British Female Solo Artist, medlem av Den britiske imperieordenen |
Adele Emeli Sandé (fødd 10. mars 1987), kjend som Emeli Sandé, er ein engelskfødd skotsk songar og låtskrivar.
Sandé blei fødd med britisk mor og zambisk far i Sunderland i Tyne and Wear i England. Ho voks opp i Alford i Aberdeenshire i Skottland. I 2012 gifta ho seg med marinbiologen Adam Gouraguine frå Montenegro, men paret skilde seg etter kort tid.[1]
Emeli Sandé blei fyrst kjend for eit større publikum i 2012 gjennom opptredenane sine på både opnings- og avslutningsseremoniane ved OL i London dette året.
Debutalbumet hennar Our Versjon of Events kom ut i 2012, og var ein stor suksess. Det selte i over 4,5 millionar eksemplar. Our Versjon Of Events var det mest selde albumet i Storbritannia under 2012 og det andre mest selde albumet i 2013. Albumet låg sju veker i rekke på fyrsteplassen på den britiske albumlista og 63 veker på Topp 10, og slo dermed rekorden for flest tal veker i Topp 10 på albumlista for eit debutalbum. Ho slo dermed The Beatles sine 50 år gamle rekordar.[2] Our Versjon Of Events selte mellom anna til gull i USA og Australia, Platina i Frankrike, Tyskland, Nederland, Sverige og Sveits.[3]
Emeli Sandé har vunne fleire BRIT-Awards og selt over 7 millionar singlar. Ho har skrive låtar til Rihanna, Alicia Keys og Katy Perry.[4]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «skild». Henta 20161030.
- ↑ «emeli sande». Arkivert frå originalen 30. oktober 2016. Henta 20161030. Arkivert 2016-10-30 ved Wayback Machine.
- ↑ «emeli». Arkivert frå originalen 30. oktober 2016. Henta 20161030. Arkivert 2016-10-30 ved Wayback Machine.
- ↑ «Emeli». Arkivert frå originalen 30. oktober 2016. Henta 20161030. Arkivert 2016-10-30 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Emeli Sandé» frå Wikipedia på svensk, den 4. september 2022.