Ski-NM 1954

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Noregsmeisterskapen på ski 1954 i nordiske greiner vart avvikla i tida frå 30. januar til 6. februar 1954. To langrennstevlingar fann stad i Strinda i Sør-Trøndelag helga 30.-31. januar, resten av meisterskapen vart avvikla på Kongsvinger i Hedmark dagane 4.-6. februar. Meisterskapen omfatta fire langrennsøvingar, spesielt hopprenn og kombinertrenn. Skihoppinga gjekk føre seg i Gullbekkbakken.

3 x 10 km stafett for idrettslag stod på meisterskapsprogrammet for fyrste gong, dermed var det slutt med 4 x 10 km stafett for krinslag. Meisterskapen var den siste utan kvinnelege deltakarar.

Ski-NM 1954 vart særleg hugsa for Magnar Estenstad sitt lårhalsbrot på tremila på Kongsvinger. Han låg an til å vinne med 3-4 minuttar då han fall og skadde seg, 1100 meter frå mål. Skaden gjorde at Estenstad la opp.

Langrenn[endre | endre wikiteksten]

15 km[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Lag Tid
Gull Johan Østvang Mesnali Skilag 56.53
Sølv Martin Stokken Selsbakk IF 56.54
Bronse Per Olsen Alta Idrettsforening 57.17
4. Odd Lykkja IL Dalguten 57.25
5. Kjetil Mårdalen Tinn Skilag 57.29
6. Håkon Brusveen Vingrom IL 57.32

Dato: 6. februar
Stad: Kongsvinger

30 km[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Lag Tid
Gull Martin Stokken Selsbakk IF 1.55.13
Sølv Ola Unsgård Idrettslaget Leik 1.56.09
Bronse Edvin Landsem SK Troll 1.56.20
4. Erling Beck Raufoss IL 1.56,21
5. Erling Bjørn Alvdal IL 1.56.46
6. Rolf Gaustad Idrettslaget Leik 1.57.48

Dato: 4. februar
Stad: Kongsvinger

50 km[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Lag Tid
Gull Magnar Estenstad Idrettslaget Leik 3.01.25
Sølv Edvin Landsem SK Troll 3.05.43
Bronse Martin Stokken Selsbakk IF 3.06.46
4. Idar Dahl Strindheim IL 3.10.13
5. Erling Beck Raufoss IL 3.11.51
6. Reidar Helgetun SK Troll 3.12.13

Dato: 31. januar
Stad: Strinda

Kombinert[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Lag Poeng
Gull Sverre Stenersen Målselv IL 455,2
Sølv Gunder Gundersen IF Frisk 453,1
Bronse Kjetil Mårdalen Tinn Skilag 446,7
4. Per Gjelten Freidig 444,7
5. Arne Barhaugen Nydalens Skiklub 440,4
6. Johan Vanvik Selsbakk IF 440,0

Dato: 6./7. februar
Stad: Kongsvinger

Hopprenn[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Lag Poeng
Gull Torbjørn Falkanger Byåsen IL 227,6
Sølv Nils Rykken SK Frigg 222,1
Bronse Ansten Samuelstuen Lyn 219,7
4. Arnfinn Karlstad Rælingen SK 219,3
5. Halvor Næs Trysilgutten 218,7
6. Arne Ellingsen Nordre Sande IL 218,2

Dato: 7. februar
Stad: Kongsvinger

Kjelder[endre | endre wikiteksten]