Europaligaen 2017

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europaligaen 2017 var ei internasjonal fotballturnering for klubblag som av ulike grunnar ikkje var kvalifisert til å delta i Meisterigaen. I finalen i Europaligaen 2017 i Solna i Sverige vann Manchester United 2-0 over Ajax frå Amsterdam.

Turneringa med dei 48 deltakarlaga byrja med seriespel i grupper à fire lag. Dei to beste laga i kvar av gruppene gjekk så vidare til cupspel, eit cupspel som etter fire cuprundar vart avslutta med finale. Vinnarlaget Manchester United slo i cuprundane etter tur ut AS Saint-Étienne, FK Rostov, RSC Anderlecht etter ekstraomgangar og i semifinalane Celta Vigo. Finalist Ajax eliminerte Legia Warszawa, FC København, Schalke 04 frå Gelsenkirchen og Olympique Lyon frå turneringa.

Lagoppstillingane i finalen, Manchester United i blått

Finalen[endre | endre wikiteksten]

46 961 tilskodarar såg finalen på Friends Arena i Solna 24. mai 2017. Dei opplevde at franskmannen Paul Pogba gav Manchester United leiinga i det 18. minutt og at armenaren Henrikh Mkhitarjan la på til 2-0 i byrjinga av 2. omgang, utan at sidan Ajax makta å skåre.

Vinnarlaget Manchester United stilte med: Sergio Romero, Antonio Valencia (kaptein), Chris Smalling, Daley Blind, Matteo Darmian, Ander Herrera, Juan Mata, Marouane Fellaini, Paul Pogba, Henrikh Mkhitarjan og Marcus Rashford. Jesse Lingard, Anthony Martial og Wayne Rooney kom etter tur inn på bana i den siste delen av kampen, ut fór Mkhitarjan, Rashford og Mata.

Ajax mønstra frå start: André Onana, Joël Veltman, Davinson Sánchez, Matthijs de Ligt, Jairo Riedewald, Lasse Schöne, Davy Klaassen (kaptein), Hakim Ziyech, Bertrand Traoré, Kasper Dolberg og Amin Younes.

Dommar var Damir Skomina frå Slovenia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]