Hopp til innhald

Feittblad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Feittblad

Status i verda: NT Nær truga
Status i Noreg: RE Regionalt utdøydd

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Liparis
Art: L. loeselii
Vitskapleg namn
Liparis loeselii
(Linné) Rich.
Økologi
Habitat: myr
Utbreiing: nordaust-Europa til Sentral-Asia, Nord-Amerika

Feittblad (Liparis loeselii) er ei plante i feittbladslekta Liparis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1][2] Ho er regionalt utdøydd (RE) i Noreg.[3]

Arten var kjend frå nokre få lokalitetar på rikmyrer i låglandet ved Oslofjorden, men vart sist observert i 1936.[4] Ved sidan av attgroing av myrer var uvettig innsamling frå botanikarar ein medverkande årsak til at arten gjekk ut.[3]

Feittblad (svensk namn gulyxne) blir rekna som sårbar (VU) i Sverige.[5]

I Danmark (dansk namn mygblomst) er arten berre kjend frå nokre få spreidde stader og er rekna som sterkt truga (EN).[6]

I Finland (finsk namn kiiltovalkku) er det no truleg berre att ein einaste lokalitet på Åland, og arten er klassifisert som kritisk truga (CR).[7]

Feittblad (engelsk namn fen orchid) veks heilt aust i England og i Wales. Arten er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[8] I den britiske raudlista har arten status som sterkt truga (EN).[9] Lokalt er han sterkt truga (EN) i England[10] og kritisk truga (CR) i Wales.[11]

I Estland (estisk namn soohiilakas) veks feittblad spreidde stader over det meste av landet og er rekna som sårbar (VU).[12] I Latvia (latvisk namn lēzela lipare)[13] veks arten ganske spreidd, mest i låglandet ved kysten. Han er klassifisert som sjeldan (kategori 3 – samazinās).[14] I Litauen (litauisk namn dvilapis purvuolis) veks arten no særleg i søraust og i vest. Han er rekna som sårbar (VU).[15][16]

I Benelux har arten (nederlandsk namn groenknolorchis, fransk namn liparis de Loesel) tidlegare vore funne over store delar av Nederland, men finst no berre i sanddyner ved kysten og i Zeeland. I Flandern i Belgia fanst han før ved kysten, men har no berre ein vekstestad i Kempten. Han kan òg kanskje finnast nord-aust i Vallonia.[17][18] I den nederlandske raudlista er arten rekna som sterkt truga (EN, bedreigd).[19] I Belgia er han rekna som kritisk truga i Flandern (CR, ernstig bedreigd) og i Vallonia (CR, menacé d'extinction).[20][21] Han finst ikkje i Luxembourg.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar feittblad». Artsdatabanken. Henta 2. mars 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre feittblad». Artsdatabanken. Henta 2. mars 2022. 
  3. 3,0 3,1 «Raudlista: Feittblad». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 2. mars 2022. 
  4. «Artskart: Feittblad, registrerte funn fram til 1936». Artsdatabanken. Henta 2. mars 2022. 
  5. «Artfakta: Liparis loeselii gulyxne». Artdatabanken. Henta 2. mars 2022. 
  6. «Naturbasen: Mygblomst Liparis loeselii». Naturbasen. Henta 2. mars 2022. 
  7. «LAJI: Liparis loeselii». LAJI.FI. Henta 2. mars 2022. 
  8. «UK Biodiversity Action Plan» (PDF). Joint Nature Conservation Committee. 2007. Henta 9. mars 2022. 
  9. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  10. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  11. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  12. «eElurikkus: Liparis loeselii» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 4. februar 2023. 
  13. «Latvijas daba: lēzela lipare» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 4. februar 2023. 
  14. Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 4. februar 2023. 
  15. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 84-85. ISBN 9986-662-28-1. Henta 4. februar 2023. 
  16. Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 410. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 4. februar 2023. 
  17. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Liparis loeselii». FLORON. Henta 21. januar 2024. 
  18. «Verspreidingskaart: Groenknolorchis – Liparis loeselii». Waarnemingen.be. Henta 21. januar 2024. 
  19. «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  20. «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  21. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]