Hopp til innhald

Feittfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Feittfugl
Feittfugl
Feittfugl
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av feittfugl
Utbreiinga av feittfugl
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Feittfuglar Steatornithiformes
Familie: Feittfuglfamilien Steatornithidae
Slekt: Steatornis
Art: Feittfugl S. caripensis
Vitskapleg namn
Steatornis caripensis

Feittfugl (Steatornis caripensis), spansk guácharo, er ein stor, langvenga og slank fugl med ei kroppslengd på om lag 45 cm. Han er monotypisk i familien Steatornithidae i sin eigen orden Steatornithiformes.

Arten finst i dei nordlege områda av Sør-Amerika frå Guayana og øya Trinidad til Venezuela langs Andesfjella gjennom Colombia, Ecuador, Peru og Bolivia i skog og skogsterreng med grotter. Dei er sesongmessige migrantar som flytter ut frå område med grotter på søk etter frukttre. Streiffuglar har gjesta Costa Rica, Panama og Aruba.

Feittfuglen er ein nattaktiv fugl som har spesialisert seg på frukter av oljepalmen og tropiske laurbær. Dette er den einaste nattaktive flygande fruktetande fuglearten i verda. Desse fuglane leitar etter mat om natta med spesialtilpassa syn, men orienterer seg òg ved hjelp av ekkolokalisering, på liknande vis som flaggermus – ein sjeldan eigenskap blant fuglar. Dei lagar ein høgfrekvent klikkelyd på om lag 7-23 kHz, som kan høyrast av menneske.[1] På dagstid samlar mange feittfuglar seg i koloniar inne i grotter for kvile.

Systematikk og namn

[endre | endre wikiteksten]

Feittfuglar er i slekt med natteramnar og var tidlegare plassert i same ordenen som natteramnane. Natteramnar er insektetarar, medan feittfuglen skil seg ut som ein spesialisert fruktetar. Denne skilnaden er så markant at han i plassert i sin eigen familie, og somme forskarar meiner i dag at han óg må reknast som ein eigen orden, Steatornithiformes. Feittfuglar er òg, men i mindre grad, nærskylt potuar.[2]

Artsnamnet caripensis tyder «frå Caripe», ei grotte i Venezuela, medan slektsnamnet Steatornis er frå gresk og betyr «feit fugl» – ein referanse til den feite kroppen til ungane. På spansk blir han kalla guácharo eller tayo, namn med opphav i urfolksspråk. Namnet «feittfugl» kjem av at ungane tidlegare blei fanga og kokt for å utvinne olje.[3]

Fossil av feittfuglar tyder på at dei ein gong var meir utbreidde globalt. Eit fossilfunn av ein art er frå Wyoming, USA. Ein annan art frå øvre eocen er funnen i Frankrike.[4]

Artskildring

[endre | endre wikiteksten]

Dette er en stor fugl med kroppslengd varierande mellom 41 og 49 cm, med eit vengespenn på 95–107 cm og kroppsvekt på rundt 400 gram. Han har utflata, kraftfullt krumme nebb, omgjeve av bust opptil 5 cm i lengd. Han er hovudsaklege raudbrune med kvite flekker på nakke og venger. Undersida er kanel-brungul, flekka med kvitt. Dei stive halefjørene har djup brunfarge med kvitflekker på begge sider. Hofuglar har djupare brunleg fargetone enn hannar som i staden er både noko større og meir gråleg i fjørdrakta.[4]

Føtene til feittfuglen er små og nesten ubrukelege anna enn for å feste til vertikale overflater. Han kan sveve, 'stille' i flukt slik at han navigerer gjennom tronge delar av grotter. Vengene har djupe spaltar i vengespissane, noko som gjer at fuglen kan flyge i lågare fart utan å stegle.

Auga er små, men har særs store pupillar som gjev dei den høgaste lysopptakskapasiteten av alle fuglar.[5]

Ekkolokalisering og lydar

[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om feittfuglen har særs godt nattsyn for å finne mat, er han ein av dei få fuglane som bruker ekkolokalisering i mørke forhold. Han lagar ein serie skarpe, høyrbare klikkelydar for å orientere seg. Det er berre nokre få artar av seglarar som har ein liknande eigenskap.

I tillegg til ekkolokaliseringslydar lagar feittfuglar òg ulike høglydte skrik når dei er i grottene sine. Når menneske kjem inn i ei grotte med lys, blir desse lyddemonstrasjonane særleg intense. Fuglane skrik òg når dei gjer seg klare til å forlate grotta ved skumringstid.

Utbreiing og habitat

[endre | endre wikiteksten]

Feittfuglen finst frå Guyana og øya Trinidad til Venezuela, Colombia, Ecuador, Peru, Bolivia og Brasil. Han lever frå havnivå opp til 3650 meter over havnivå. Arten har svært spesifikke habitatkrav – han treng både grotter til hekking og kvile, samt skog med frukttre. Avstand mellom stadene for beiting og kvile kan vere opptil 120 km. Der eigna grotter manglar, kan feittfuglar hekke og kvile i tronge juv med passande fjellhyller.[4]

Ein slik koloni i Ecuador hadde ein bestand på om lag hundre fuglar i ein canyon der fjellhyllene var verna av vegetasjon. Nokre mindre grotter og juv blir berre brukte til kvile. Tidlegare trudde ein at feittfuglar alltid eller nesten alltid kvilte i grotter, juv eller kløfter, men forskarar som utstyrte ikkje-hekkande fuglar med GPS-sendarar, fann at dei jamleg kvilte i tre i skogen i tillegg til i grotter.[5]

Feittfuglen er ein sesongmessig trekkfugl i delar av utbreiingsområdet sitt, og han flyttar seg frå hekkeplassane sine for å finne frukttre. Han har òg blitt observert som ein sjeldan streiffugl i Costa Rica, Panama og Aruba. Den kjende Guácharo-grotta i det fjellrike Caripe-området i nordlege Monagas, Venezuela, var staden der Alexander von Humboldt først studerte arten.[6]

Feittfuglar er nattaktive. På dagtid kviler dei på fjellhyller i grotter og flyg ut om natta for å finne frukt utanfor grotta. Tidlegare trudde ein at feittfuglar berre kvilte i grotter og aldri såg dagslys, men studiar med GPS- og akselerometerloggarar har vist at ikkje-hekkande fuglar berre kvilte i grotter eller andre bergskjeringar éin av tre netter – dei andre nettene kvilte dei i tre.[5]

Forskarane som stod bak oppdaginga, fann òg at fuglar som kvilte i grotter, var svært aktive gjennom natta, medan dei som kvilte i skogen, var langt mindre aktive. Dei hypotetiserte at kvart miljø hadde sine kostnader – fuglar som kvilte i skogen, var meir utsette for rovdyr, medan fuglar i grotter brukte mykje energi på å konkurrere med rivalar og forsvare reir- og kvileplassar.[5]

Hekking skjer i koloniar på berghyller i grotter. Dei legg 2-4 skinande kvite egg på ein haug av fugleskit, vanlegvis nær vatn. Ungane vert særs feite før dei kan flyge, og kan vege opp til ein og ein halv gong så mykje som vaksne fuglar gjer. Ungane har vore hausta og nytta som kjelde for olje, derfor namnet feittfugl.

Arten er klassifisert som «livskraftig» (LC) på IUCN si raudliste per oktober 2021, sjølv om bestanden er minkande.

Aukande avskoging av område der feittfuglar beitar på frukt har redusert leveområda, spesielt i Colombia og Venezuela. Til dømes aukar avskoging sjølv i verna område i Colombia.[4]

Ungar er særleg rike på feitt, og har blitt hausta av urfolk i hundrevis av år. Jakta har vore spesielt utbreidd i Venezuela, men ser ut til å ha vore berekraftig, då mange av koloniane framleis eksisterer. Likevel har nokre små koloniar forsvunne, særleg på Trinidad og i Venezuela.[4]

Nokre av grottene har blitt marknadsførte som reisemål i økoturisme.[4]

Guácharo-grotta var Venezuelas første nasjonalmonument og er no hovudattraksjonen i ein nasjonalpark; ifølgje estimat var det 10-18 000 fuglar som levde der rundt tusenårsskiftet,[7] seinare er estimatet redusert til opptil 10 000 fuglar.[4] Colombia har òg ein nasjonalpark kalla Cueva de los Guácharos, nær grensa til Ecuador. Feittfuglar er rapporterte frå fleire stader langs Andesfjella, inkludert nær Cueva de los Tayos i Ecuador og i Brasil. Dei finst så langt sør som Carrasco nasjonalpark i Bolivia. Dunston-grotta ved Asa Wright Nature Centre på Trinidad er heim til om lag 200 hekkande par.

  1. Brinkløv, Signe and Elemans, Coen PH and Ratcliffe, John M (2017). «Oilbirds produce echolocation signals beyond their best hearing range and adjust signal design to natural light conditions». Royal Society Open Science (The Royal Society Publishing) 4: 170255. doi:10.1098/rsos.170255. 
  2. Van Remsen, J. (2016), «Elevate Steatornithidae and Nyctibiidae to rank of Order», South American Classification Committee, henta 18. mars 2025 
  3. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 364. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Bosque, C., A. A. del Risco, og A. Echeverri (2024). Oilbird (Steatornis caripensis), version 2.0. In Birds of the World (F. Medrano, B. K. Keeney, T. S. Schulenberg, og S. M. Billerman, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.oilbir1.02
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Holland, R. A.; Wikelski, M.; Kümmeth, F.; Bosque, C. (2009). «The Secret Life of Oilbirds: New Insights into the Movement Ecology of a Unique Avian Frugivore». PLOS ONE 4 (12): e8264. Bibcode:2009PLoSO...4.8264H. PMC 2788423. PMID 20016844. doi:10.1371/journal.pone.0008264. 
  6. Daum, Andreas W. (2024). Alexander von Humboldt: A Concise Biography. Trans. Robert Savage. Princeton, N.J.: Princeton University Press. s. 62. ISBN 978-0-691-24736-6. 
  7. Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. s. 368. ISBN 0713664185. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Feittfugl