Alexander von Humboldt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alexander von Humboldt
Stieler, Joseph Karl - Alexander von Humboldt - 1843.jpg
Fødd 14. september 1769
Berlin
Død 6. mai 1859
Berlin
Nasjonalitet Kongedømet Preussen
Område geobotany, økonomisk geografi, geografi, meteorologi, botanikk, zoologi, fysikk
Yrke geolog, oppdagar, botanikar, geograf, Geheimeråd, kammerherre, oseanograf, demograf, vulkanolog, reiserforfattar, vitskapleg forfattar, meteorolog, polyhistor, mesen, zoolog, naturvitar, essayist, mineralogist, astronom, klimaforsker, etnolog, forskar
Alma mater Europa-Universität Viadrina
Technische Universität Bergakademie Freiberg
Universitetet i Göttingen
Medlem Royal Society
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Det bayerske vitskapsakademiet
Akademie gemeinnütziger Wissenschaften
Göttingens vitenskapsakademi
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
Det ungarske vitskapsakademiet
Naturforschende Gesellschaft in Danzig
Kungliga Vetenskapsakademien
Det franske vitskapsakademiet
American Philosophical Society
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Schlesische Gesellschaft für vaterländische Kultur
American Academy of Arts and Sciences
Warsaw Society of Friends of Learning
Det russiske vitskapsakademiet
Société de géographie
American Antiquarian Society

Friedrich Wilhelm Heinrich Alexander von Humboldt (14. september 17696. mai 1859) var ein prøyssisk geograf, naturforskar, oppdagingsreisande, og talsmann for romantisk filosofi med stor innverknad. Han var den yngre broren av den prøyssiske minister, filosof, og lingvistikar Wilhelm von Humboldt (1767 til 1835).[1][2][3] Det kvantitative arbeidet med botanisk geografi la grunnlaget for feltet biogeografi. Humboldt argumenterte for langsiktige systematiske geofysiske målingar som la grunnlaget for moderne geomagnetiske og meteorologiske observasjonar.[4][5]

I perioden 1799 til 1804 reiste Humboldt mykje i Latin-Amerika, utforska og skildra landa der for første gong frå eit moderne vitskapleg synspunkt. Reiseskildringane hans vart skrivne og publiserte i eit enormt omfang over 21 år. Humboldt var ein av dei første til å foreslå at landa som grensar mot Atlanterhavet var ein gong var føydd saman, spesielt Sør-Amerika og Afrika. Humboldt fann fram termen kosmos frå gamalgresk og brukte det på fleirbindavhandlinga si, Kosmos, der han prøvde å sameina ulike greiner av vitskapleg kunnskap og kultur. Dette viktige arbeidet peika òg mot ei heilskapleg oppfatning av universet som éi eining i samspel.[6]

Tegel-palasset i Berlin (Humboldt-palasset), der Alexander von Humboldt og Wilhelm von Humboldt levde i fleire år
Foto: Lienhard Schulz

Samanfatta biografi[endre | endre wikiteksten]

Humboldt vart fødd i Berlin i 1769 og arbeidde som ein offentleg tilsett i prøyssisk gruvedrift på 1790-talet fram til 1797. Etter det samla han vitskapleg kunnskap og utstyr.[7] Den materielle velstanden gjorde han i stand til å skaffe ei omfattande samling av vitskaplege instrument og verktøy, og dessutan eit innhaldsrikt bibliotek. Med offisielt løyve frå Karl IV av Spania, drog Humboldt til Sør-Amerika og Ny-Spania i 1799, der han bar med seg samlinga av utstyr og bøker.[7] Føremålet med reisa var gjennomsyra av romantikken, Humboldt meinte å undersøkje korleis naturkreftene samhandlar med kvarandre og å finne ut av naturen som ei eining. Tilbake til Europa i 1804 vart han hylla som ein offentleg helt. Detaljane og funna frå Humboldt si ferd vart publisert i hans Personal Narrative of Travels to the Equatorial Region sin of the New Continent (30 band). Charles Darwin tok med seg verket på den berømte ferda si med HMS «Beagle».[8]

Resten av livet heldt Humboldt seg hovudsakleg i Europa, sjølv om han gjorde ein kort ekspedisjon til Sibir og dei russiske steppene i 1829. Humboldt sitt siste verk vart Kosmos: Entwurf einar physischen Weltbeschreibung. (Kosmos. Skisse til ei skildring av det fysiske universet). Boka skildrar i hovudsak utviklinga av ei livskraft frå kosmos, men inkluderte òg danninga av stjerner frå nebularskyer, og dessutan geografi for planetane. Alexander von Humboldt døydde i 1859 medan han jobba på det femte bandet av Kosmos.[7]

Gjennom reisene til Sør-Amerika og med nedteikna observasjonar i An Essay on the Geography of Plants , og dessutan verket Kosmos, synte han ein viktig trend gjennom observasjonsteknikkane, nytte av vitskaplege instrument, og unikt perspektiv på naturen. Vitskapen hans byggjer på eit prinsipp om generell likevekt av krefter. Generell likevekt var ideen om at det finst uendeleg krefter i naturen som er i konstant konflikt, men slik at alle krefter balanserer kvarandre ut. Humboldt la tilrette for framtidige vitskaplege retningar, ved å stadfeste viktigheita av å studere organismar og miljøet deira i ei samankopla eining.[9]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Humboldt vart uteksaminert frå Bergakademie Freiberg i 1792 og vart utnemnt til inspektør i gruvedepartementet.[10] I løpet av perioden som gruveinspektør, uttrykte Humboldt djup otte for gruvearbeidarane. Han opna ein gratis skole for dei, finansiert av eigne middel, noko som vart ein uoffisiell skole for arbeidskraft. Han søkte òg å etablere eit naudhjelpsfond for gruvearbeidarar, for hjelp i samband med ulykker.[11]

Humboldt si forsking om vegetasjonen i gruvene i Freiberg resulterte i publikasjonen Fribergensis, accedunt Aphorismi ex Doctrina, Physiologiae Chemicae Plantarum frå 1793, ei oppsummering av forskinga hans i botanikk.[12] Denne utgjevinga førte til at Johann Wolfgang von Goethe, som hadde møtt Humboldt i familieheimen då Alexander var ein gut, blei merksam på Alexander von Humboldt. Goethe var no interessert i å møte den unge forskaren for å diskutere metamorfose av planter.[13] Møtet innleidde eit livslangt venskap mellom dei to; Goethe var ein sentral figur i tysk litteratur, men òg djupt interessert i vitskap.

I 1794 blei Humboldt akseptert av den berømte gruppa av intellektuelle og kulturelle leiarar av Weimar-klassisismen. Goethe og Schiller var nøkkelpersonar på den tida. Humboldt bidrog i juni 1795 i Schiller sitt nye tidsskrift Die Horen, ein filosofisk allegori nemnt Die Lebenskraft, oder der rhodische Genius.

I 1792 og i 1797 var han i Wien; i 1795 gjorde han ein geologisk og botanisk tur gjennom Sveits og Italia. Jamvel om han sjølv berre såg statstenesta som ein læreplass for vitskapleg arbeid, utfylte han oppgåvene sine i ein grad som ikkje berre medførte ei snøgg gradstiging i karrieren, men han vart òg tiltrudd fleire viktige diplomatiske oppdrag.

Etter at mora døydde i 1796, vart Humboldt i stand til å bruke meir tid på å skrive ned forskingsresultat. Han hadde brukt sin eigen kropp til eksperimentering på muskelirritabilitet, og publisert resultata, Versuche über die gereizte Muskel- und Nervenfaser, i Berlin, 1797.

Den latinamerikanske ekspedisjonen 1799-1804[endre | endre wikiteksten]

Alexander von Humboldt Latin-Amerika-ekspedisjon

Humboldt rådde over økonomiske ressursar til å finansiere vitskaplege reiser, og han søkte etter eit skip til ein stor ekspedisjon. Saman med den franske botanikar og fysikar Aimé Bonpland bad han den spanske krona om fullmakt til å reise i spansk Amerika. Under Hapsburg-monarkiet hadde Spania vakta seg mot framandreisande og inntrengjarar i Amerika, men det var viktig for utfallet av søknaden at han hadde eiga finansiering, og dei fekk positiv respons frå krona.

Venezuela 1799-1800[endre | endre wikiteksten]

Humboldt og Bonpland i regnskogen i Amazonas ved Casiquiarekanalen, utstyrt med vitskaplege instrument, noko som gjorde dei i stand til å ta mange typar nøyaktige målingar gjennom fem års ferd.
Oljemåleri av Eduard Endar, 1856

Utstyrt med løyve frå kongen av Spania, skunda Humboldt og Bonpland seg til å segle frå A Coruña med skipet «Pizarro» den 5. juni 1799. Skipet stoppa seks dagar ved Tenerife, der Humboldt klatra vulkanen Teide. Deretter segla dei til «den nye verda», med landing ved Cumaná, Venezuela, den 16. juli.

Cunamá var ikkje det planlagde reisemålet, men eit utbrot av tyfus om bord gjorde at kapteinen endra kurs frå å segla mot Havana til å gå mot land i det nordlege Sør-Amerika. Humboldt hadde ikkje nokon konkret plan for eksepdisjonen, så omgjeringa av ruta endra ikkje ei fastlagt ferdselsrute. Han skreiv seinare at endringa til Venezuela mogleggjorde undersøkingane langs Orinoco sør til grensa av portugisisk Brasil. Nær kysten av Sør-Amerika møtte «Pizarro» to store kanoar, kvar med 18 waikerí-indianarar. Kapteinen aksepterte tilbodet om at ein av dei kunne tene som ein kystlos. Humboldt leigde så denne personen, Carlos del Pino, som gaid i Venezuela.[14]

Humboldt vitja kapusinarordenen sin misjonsstasjon i byen Caripe i Monagas,[15] og utforska Guácharo-grotta, der han observerte feittfuglar,[16] skildra med det vitskaplege namnet Steatornis caripensis. Han heldt fram med Bonpland til Caracas, der han klatra El Ávila-fjellet saman med den unge poeten Andrés Bello, ein tidlegare rettleiar for Simón Bolívar, som seinare vart leiar for det nordlege Sør-Amerika.

I februar 1800 forlét Humboldt og Bonpland kysten med det føremålet å utforske løpet av Orinoco-elva med sideelvar. Turen gjekk gjennom 2776 km vilt og stort sett land utan busetnader, og lokaliserte Casiquiarekanalen, ein bifurkasjon av elvene Orinoco og Amazonas. Reisa varte i fire månader og dei etablerte den nøyaktige plasseringa av elvebifurkasjonen, i tillegg til å dokumentere livet til fleire innfødde folkeslag som 'maipures'. Rundt 19. mars 1800 oppdaga Humboldt og Bonpland farlege elektriske ålar, som er i stand til å drepe menneske. For å fanga dei, foreslo lokale folk å drive ville hestar ned i elva, noko som resulterte i ein valdeleg konfrontasjon mellom ål og hestar, der nokre hestar blei drepne. Humboldt og Bonpland fanga og dissekerte nokre ålar, som heldt på evna si til å skape elektriske sjokk; og begge blei råka av potensielt farlege elektriske støyt under undersøkingane sine. Møtet medførte at Humboldt tenkte djupare over fenomen som elektrisitet og magnetisme, typisk for evna hans til å ekstrapolere frå ein observasjon til meir generelle prinsipp.[17] Humboldt refererte fleire gonger tilbake til denne hendinga i seinare arbeid, inkludert reiseskildringa Personal Narrative (1814–29), Views of Nature (1807) og Aspects of Nature (1849).[18]

Humboldt tok livet av myten om eksistensen av ein innsjø kalla Parime, ved å foreslå at sesongmessig flaumvatn på Rupununi-savannen tidlegare hadde blitt feilaktig tolka som ein innsjø.[19]

Cuba 1800 og 1804[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha komme i hamnCuba den 19. desember 1800, møtte dei plantesamlaren og botanikaren John Fraser.[20] Fraser og sonen hans hadde forlist utanfor den cubanske kysten, og mangla løyve til å vere i «spansk India». Humboldt medverka til at Fraser fekk løyve til å halde fram forskingsarbeid på Cuba.

Humboldt blir vurdert som den «andre oppdagaren av Cuba» på grunn av vitskapleg og samfunnsforsking han gjennomførte i den spanske kolonien. Gjennom dei første tre månader i Havana, undersøkte dei byen og dei nærliggande byane Guanabacoa, Regla og Bejucal. Han vart ven med cubanske grunneigar og tenkjaren Francisco de Arango y Parreño; saman dei vitja Guines-området i sørlege Havana, Matanzas-dalen, sukkerplantasjane ved Trinidad. På den tida hadde desse tre områda første sukkerproduksjonen på øya. Humboldt samla statistisk informasjon om Cubas folkesetnad, produksjon, teknologi og handel på desse turane. Han spådde at landbruket og det kommersielle potensialet på Cuba var stort og kunne bli vesentleg betra med rett leiarskap i framtida.

Humboldt og Bonpland heldt seg på Cuba til 5. mars 1801, då dei forlét for å segle mot fastlandet i det nordlege Sør-Amerika igjen.

På veg tilbake til Europa i 1804, gjekk Humboldt og Bonpland innom Cuba for andre gongen. Her samle dei plantematerialar og gjorde omfattande notat. Humboldt sosialisert seg med vitskapsfolk og grunneigarar, utførte mineralogiske undersøkingar og gjorde ferdig den store samlinga av flora og fauna frå øya som han seinare publiserte som Essai politique sur l'îsle de Cuba.[21]

Andes 1801-1803[endre | endre wikiteksten]

Humboldt og Aimé Bonpland ved foten av Chimborazo
Måleri av Friedrich Georg Weitsch (1810)

Etter det første opphaldet på Cuba, kom dei attende til fastlandet, til Cartagena de Indias, no ein by i Colombia, den gongen allereie eit viktig senter for handel i det nordlege Sør-Amerika. Her følgde dei Magdalenaelva opp til Honda og kom til Bogotá 6. juli 1801. Der møtte dei den spanske botanikaren José Celestino Mutis, leiar av ein botanisk ekspedisjon til Ny-Granada, og dei bur hos Mutis til 8. september 1801. Mutis var raus med tida si og gav Humboldt tilgjenge til den enorme biletesamlinga han hadde samla sidan 1783. Mutis var basert i Bogotá, men som med andre spanske ekspedisjonar, hadde han tilgjenge til lokalkunnskap og ein verkstad for kunstnarar, som skapte svært nøyaktige og detaljerte bilete. Denne typen forsiktige avbildingar gjorde det mogleg å studere plantar på avstand,[22]

Illustrasjonar av spanske botanikaren José Celestino Mutis arbeid i Colombia. Humboldt var forbløffa over Mutis sin prestasjon «fordi bileta reiste, botanikarane trong ikkje»; då Humboldt publiserte sitt første botaniske band, vigde han det til Mutis, «som ei markering av vår beundring og heider».[23]

Humboldt hadde vona om å komme i kontakt med ein fransk segleekspedisjon til Sør-Amerika, no endeleg i gang, så Bonpland og Humboldt skunda seg til Ecuador.[21] Dei kryssa frosne rygger på den sentrale fjellkjeda av Andes gjennom Ecuador, og nådde Quito 6. januar 1802, etter ei krevjande ferd.

Opphaldet i Ecuador var prega av oppstiginga av vulkanane Pichincha og Chimborazo, der Humboldt og følgjet hans nådde ei høgd på 5878 moh. Dette var verdsrekord på den tida, men dei mangla 430 meter opp til toppen.[24] Humboldt si ferd avslutta med ein ekspedisjon til Amazonas sine kjelder undervegs til Lima, Peru.[25]

I Callao, den viktigaste hamna i Peru, observert Humboldt ein merkurpassasje. Her studerte han òg gjødingseigenskapar til guano, som er rik på nitrogen. Den påfølgjande innføringa av guano til Europa skuldast hovudsakleg Humboldt sin dokumentasjon.

Mexico 1803-1804[endre | endre wikiteksten]

Humboldt og Bonpland hadde ikkje tenkt å reise til Ny-Spania, men når dei ikkje kunne finne transport til Europa via Stillehavet, reiste dei frå hamnebyen Guayaquil til Acapulco, på stillehavskysten av Mexico. Dei kom fram til hamna der den 15. februar 1803.[26] Humboldt merka seg at posisjonen for Acapulco ikkje var nøyaktig nedteikna. Sidan Acapulco var den viktigaste hamna på vestkysten og endestasjon for den asiatiske handelen frå spansk Filippinane, var den nøyaktige kartplasseringa av hamna ekstremt viktig, så Humboldt sette opp instrumenta sine for å avgjere lengdgraden.[27]

Humboldt og Bonpland kom til Mexico by, etter å ha blitt ønskt velkommen offisielt via eit brev frå kongens representant i Ny-Spania, José dei Iturrigaray. Humboldt mottok òg eit spesiell pass for å ferdast over heile Ny-Spania. Med det fekk Humboldt tilgjenge på arkivkontor, gruver, plantasjar og dreneringskanalar.[28]

Humboldt's Naturgemälde. Ein avbilding av Chimborazo teikna med tverrsnitt, og med detaljert informasjom om plantegeografi. Illustrasjonen blei publisert i eit stort format i The Geography of Plants, 1807.

Under opphaldet i visekongedømmet, reiste dei mellom fleire meksikanske byar. Første strekket, frå Acapulco til Mexico by, gjekk gjennom det som no er den meksikanske delstaten Guerrero. Ruta var berre eigna for muldyr, og undervegs gjorde Humboldt høgdemålingar. Likeins gjorde han eit år seinare høgdemålingar ned mot hamnebyen Veracruz på austkysten. Resultatet blei eit diagram som seinare kom med i ein publikasjon med skildring av vegen frå Acapulco til Veracruz, via Mexico by.[29] Mykje av Humboldt sin suksess i å få eit høgt tal av lesarar for arbeida sine, skuldast bruken av diagram og grafar.[30]

Humboldt var imponert over Mexico by, som på den tida var den største byen i Amerika. Han erklærte at «ingen by på det nye kontinentet, utan eingong å sjå bort frå dei i USA, kan vise så store og solide vitskaplege institusjonar som hovudstaden i Mexico».[31] Han peikte på bergverksskolen, den botaniske hagen og kunstakademiet Academia de San Carlos som førebilete for ein storby og hovudstad i kontakt med den siste utviklinga på kontinentet.[32] Han erkjende òg viktige kreollærde i Mexico, inkludert vitskapsmannen José Antonio de Alzate y Ramírez, som døydde i 1799, like før Humboldt sitt besøk; Miguel Velásquez de León og astronomen Antonio de León y Gama.[33]

Humboldt brukte tid på sølvgruva Valenciana i Guanajuato, nordlege Ny-Spania, på den tida svært viktig i det spanske imperiet.[34] Sjølv om Humboldt var utdanna geolog og gruvedriftsinspektør, trekte han på kunnskapen hos gruvedriftsekspertar i Mexico. Rapporten hans om sølvgruvedrift er eit viktig bidrag, og blir rekna som den sterkaste og den best informert delen av dei politiske essaya hans.

Gamle amerikanske sivilisasjonar var blant interessene til Humboldt. Han inkluderte bilete av meksikanske manuskript, eller kodeksar, og inkaruinar i sin rikt illustrert Vues des cordillères et monuments des peuples indigènes de l'Amerique (1810). I eit anna verk tok han med eit fargebilete av Den aztekiske kalendersteinen, saman med utvalde teikningar frå mayaboka Dresden Codex. Han oppsøkte meksikanske ekspertar i tolking av kjeldene. Humboldt si verdsetting og formidling av desse gamle verka blei vektig for amerikanskfødde spanjolar, kreolar, som søkte kunnskap om førkolumbisk historie.[35]

Sambandsstatane 1804[endre | endre wikiteksten]

Alexander von Humboldt måla i 1805. Charles Willson Peale, som møtte Humboldt då han vitja USA i 1804
Portrett av Alexander von Humboldt
Skulptør Christian Daniel Rauch, 1823

Etter anløp på Cuba, gjorde Humboldt eit kort besøk i USA. Han kom til byen Philadelphia, der han møtte nokon av dei store vitskapsfolka på den tida, mellom anna kjemikar og anatomist Caspar Wistar, som arbeidde for obligatorisk koparvaksinasjon, og botanikaren Benjamin Smith Barton, og dessutan legen Benjamin Rush, ein av dei som signerte sjølvstendefråsegna. Sistnemnte var interessert i informasjon om medisinplantar i Cinchona-slekta, nasjonaltreet i Peru.[36] Humboldt publiserte seinare ei avhandling på engelsk om Cinchona-bork.[37]

Humboldt vitja Thomas Jefferson i Det kvite hus i den nye hovudstaden Washington, DC. Dei diskuterte vitskaplege emne, men òg opplysningar om hans lange opphald i Ny-Spania. I bytte for geografisk informasjon om Ny-Spania fekk Humboldt den informasjonen han søkte om USA.[38] Etter seks veker, sette Humboldt segl for Europa frå munninga av Delaware, og landa i Bordeaux 3. august 1804.

Oppsummering av resultat frå ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

Humboldt offentleggjorde resultat frå latinamerikaekspedisjonen gjennom fleire tiår. Det kom ut mykje skriftlege materiale, i tillegg skapte han seg eit omdømme i internasjonale vitskaplege kretsar. Humboldt blei godt kjent med det lesande publikummet gjennom populære, tett illustrerte, samanfatta utgåver på fleire språk. Bonpland, hans kollega og samarbeidspartnar på ekspedisjonen, samla botaniske prøvar og preserverte dei, men i motsetnad til Humboldt som hadde ein lidenskap for å publisera, måtte Bonpland dultast til å gjere dei formelle skildringane. Mange andre vitskaplege reisande og oppdagarar produserte mengder av skildringar, men desse vart liggande usette av allmenta til slutten av 1800-talet. Humboldt derimot, publisert umiddelbart og kontinuerleg, med bruk av den personlege formuen sin til å produsere både vitskaplege og populærvitskaplege tekstar. Humboldt sitt namn og ry vart gjort av reisene i spansk Amerika, spesielt etter publisering av Political Essay on the Kingdom of New Spain. Biletet av Humboldt som den fremste europeiske vitskapsmannen blei uvikla seinare.[39]

For den spanske krona, som hadde gjeve fullmakt til ekspedisjonen, kom avkastinga ikkje berre i form av sjølve datamengda om «den nye verda», men òg ved at Humboldt bidrog til å motverke negative vurderingane av Amerika frå andre vitskapsfolk. Føremona for regimet, speielt i Ny-Spania, blei gjort tydelege gjennom dei nøyaktige data som Humboldt systematiserte og publiserte.[33]

Essayet hans om plantegeografi, utgjeve på fransk og tysk i 1807, var basert på den då nye ideen om å studere fordelinga av organisk liv som det blir påverka av varierande fysiske tilhøve. Dette vart mest kjent avbilda i det publiserte tverrsnittet hans av Chimborazo, ein 60 x 90 cm farga illustrasjon, kalla Naturgemälde der Anden. Humboldt førte på detaljerte opplysningar om temperatur, høgd, fukt, atmosfærisk trykk, og dyr og planteliv ved ulike høgder. Illustrasjonen fekk dermed samansett informasjon som vart avbilda på ein tilgjengeleg måte. Dette gav eit grunnlag for samanlikning med andre høge fjelltoppar. «Naturgemälde viste for første gong at naturen var ein global kraft med tilsvarande klimasoner på tvers av kontinent».[40]

Dette isotermkartet, teikna av William Channing Woodbridge, er basert på arbeidet til Alexander von Humboldt, Frå New York Public Library.

Med innføring av isoterme linjer la han fram framlegg om og utvikla metodar for å samanlikna dei klimatiske tilhøva i ulike land. (1817) Han undersøkte først i kva grad gjennomsnittstemperaturen varierer med høgda over havet, og med studiar om opphavet til tropiske stormar var han tidleg i å oppdage indikasjonar som førte til påvising av den meir kompliserte loven om atmosfæriske uroar på høgare breiddegradar.[41] Dette var eit viktig bidrag til klimatologien.[42]

Oppdaginga hans av nedgangen i feltstyrken på jordmagnetismen, frå polane til ekvator, vart kommunisert til «Paris Institute» den 7. desember 1804. Målingane som han gjorde tente som ein referanse for alle kommande målingar dei neste fem tiåra.[43]

Bidraga som Humboldt gav til geologifaget var basert på studien av vulkanane i Andesfjella og i Mexico. Han skisserte, klatra i dei, og gjorde målingar med ei rekkje instrument. Ved å klatre Chimborazo etablerte han grunnlaget for måling av andre vulkanar i Andes og Himalaya. Han utvikla metodar for å visualisere resultata ved hjelp av grafikk for geologisk tverrsnitt.[44] Han viste at vulkanar fall naturleg inn i lineære grupper, antakeleg i samsvar med enorme underjordiske sprekkar; og ved demonstrasjonen hans av opphav i magmatisk bergartar som tidlegare var trudd å vere vasshaldige formasjonar, bidrog han i stor grad til eliminering av feilaktige hypotesar, slik som neptunismen.

Humboldt si skildring av ein andeskondor, eit døme på dei detaljerte teikningane hans

Humboldt var ein betydeleg bidragsytar til kartografi. Kart som han framstilte, spesielt frå Ny-Spania, vart malen for seinare kartteiknarar i Mexico. Dei nøyaktige registreringane med lengd- og breiddegradar førte til nøyaktig kart over Mexico, hamna i Acapulco, hamna i Veracruz og Mexico-dalen, og eit kart som viser handelsmønster mellom kontinent. Karta inkluderer òg skjematisk informasjon om geografi og administrative einingar.[45] I USA var dei interesserte i kartet og statistikk om Ny-Spania, ettersom det kunne påverke territoriale krav etter oppkjøpet av Louisiana.[46]

Humboldt var ikkje først og fremst kunstnar, men han kunne teikne godt, slik at han kunne ta opp ei avbilding av spesielle stadar og det naturlege miljøa deira. Mange av teikningane hans vart grunnlaget for illustrasjonar av hans mange seinare vitskaplege og generelle publikasjonar. Artistar som blei påverka av Humboldt, til dømes Johann Moritz Rugendas, følgde i sporet hans og malte dei same stadane Humboldt hadde vitja og avteikna, slik som basaltformasjonar i Mexico, ein illustrasjon i Vues des Cordillères.[47][48]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Artikkelen brukte mellom anna følgjande kjelder:
  • Humboldt, Alexander von, Personal Narrative of Travels to the Equinoctial Regions of America During the Years 1799-1804,. Henry G. Bohn, London, 1853. (ebok, University of Adelaide)
  • Helmut de Terra, Humboldt: The Life and Times of Alexander von Humboldt, 1769-1859. New York: Alfred A. Knopf 1955
  • David A. Brading, The First America: The Spanish Monarchy, Creole Patriots, and the Liberal State, 1492-1867 Cambridge: Cambridge University Press, 1993
  • Jardine, N; Secord, J.A.; Spary, E.C. Cultures of Natural History. Cambridge University Press. Cambridge, NY. 1996
Avsnittet brukte mellom anna følgjande kjelder:
  • Jardine, N; Secord, J.A.; Spary, E.C. Cultures of Natural History. Cambridge University Press. Cambridge, NY. 1996
Referansar
  1. Thubon, Colin (September 2015). «‘The Invention of Nature,’ by Andrea Wulf». New York Times. http://www.nytimes.com/2015/09/27/books/review/the-invention-of-nature-by-andrea-wulf.html?_r=0. 
  2. Lee, Jeffrey (2014). «Von Humboldt, Alexander». http://www.eoearth.org/view/article/156871/. 
  3. Jackson, Stephen T., «Alexander von Humboldt and the General Physics of the Earth», Science 324: 596–597, http://faculty.jsd.claremont.edu/dmcfarlane/bio176mcfarlane/pdf%20papers/Humboldt%20hsitory.pdf 
  4. Love, J.J. (2008). «Magnetic monitoring of Earth and space» (PDF). Physics Today. February: 31–37. Henta 29 June 2015. 
  5. Thomson, A. (2009), «Von Humboldt and the establishment of geomagnetic observatories», IAEA-INIS, http://inis.iaea.org/search/searchsinglerecord.aspx?recordsFor=SingleRecord&RN=41118488 
  6. Walls, L.D. «Introducing Humboldt's Cosmos». Minding Nature. August 2009: 3–15. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Jardine et al., Cultures of Natural History, s. 288
  8. Cannon, Science in Culture, s. 86
  9. Cannon, Susan Faye. 1978. Science in culture: the early Victorian period. Kent, Eng:Dawon.
  10. De Terra, Humboldt, s. 53.
  11. De Terra, Humboldt, s.54-55.
  12. Wilson, "Alexander von Humboldt: A Chronology", p. lxvii.
  13. De Terra, Humboldt, s. 18, 57.
  14. De Terra, Alexander von Humboldt, s. 91-92.
  15. Humboldt i Personal Narrative kap. 7
  16. De Terra, Alexander von Humboldt, s. 98.
  17. Wulf, The Invention of Nature, s. 62-63. Boka syner eit bilete av fangsten (s. 63), undertekst "The battle between horses and electric eels."
  18. sitert i Wulf, The Invention of Nature, s. 362, n. 62.
  19. Humboldt i Personal Narrative kap. 25
  20. Brendel, Frederick, Historical Sketch of the Science of Botany in North America from 1635 to 1840, The American Naturalist, 13:12 (December 1879), pp. 754–71, The University of Chicago Press; accessed 31 July 2012.
  21. 21,0 21,1 "Alexander von Humboldt Chronology", s. lxix.
  22. Bleichmar, Visible Empire, s. 190.
  23. Alexander von Humboldt and Aimé Bonpland, Plantes équinoxiles, in Voyage de Humboldt et Bonpland, Sixième Partie, Botanique, vo. 1 Paris 1808.
  24. Whymper, Edward (1892). Travels amongst the Great Andes of the Equator. John Murray. s. 30–32. 
  25. Muratta Bunsen, Eduardo, "El conflicto entre eurocentrismo y empatía en la literatura de viajes de Humboldt." Revista Andina 50 (2010), pp. 247-262; ISSN 0259-9600
  26. "Alexander von Humboldt Chronology," s. lxviii-lxvix.
  27. De Terra, Alexander von Humboldt, s. 149-150.
  28. De Terra, Alexander von Humboldt, s. 156.
  29. Plano físico de la Nueva España, Perfil del Camino de Acapulco a Mégico [sic], y de Mégico a Veracruz. Chart is published in Magali M. Carrera, Traveling from New Spain to Mexico: Mapping Practices of Nineteenth-century Mexico, Durham: Duke University Press 2011, p.70, plate 18.
  30. Alexander von Humboldt, Atlás géographique et physique du Royaume de la Nouvelle-Espagne, lxxxiii-lxxiv, quoted in Anne Godlewska, Geography Unbound: French Geographic Science from Cassini to Humboldt. Chicago: University of Chicago Press 1999, p. 257.
  31. Humboldt, Political essay, s. 74.
  32. Brading, The First America, s. 526-27.
  33. 33,0 33,1 Brading, The First America, s. 527.
  34. Brading, The First America, s. 525.
  35. Brading, The First America, s. 523-525.
  36. De Terra, Alexander von Humboldt, s. 175-76.
  37. Alexander von Humboldt,An illustration of the genus Cinchona :comprising descriptions of all the officinal Peruvian barks, including several new species, Baron de Humboldt's Account of the Cinchona forests of South America, and Laubert's Memoir on the different species of quinquina: to which are added several dissertations of Don Hippolito Ruiz on various medicinal plants of South America
  38. Wulf, The Invention of Nature, s. 101-02.
  39. Nicolaas Rupke, A Geography of Enlightenment: The Critical Reception of Alexander von Humboldt's Mexico Work. In Geography and Enlightenment, David N. Livingstone og Charles W.J. Withers (red), 319-39. Chicago: University of Chicago Press 1999.
  40. Wulf, The Invention of Nature, s.89. Publikasjonen synte Humboldt si første skisse av Naturgemälde.
  41. Alexander von Humboldt, Des lignes isothermes et de la distribution de la châleur sur le golbe. Paris 1817.
  42. De Terra, Alexander von Humboldt, s. 380.
  43. Courtillot, V., and J.-L. Le Mouël (2007), The study of Earth's magnetism (1269–1950): A foundation by Peregrinus and subsequent development of geomagnetism and paleomagnetism, Rev. Geophys., 45, RG3008, doi:10.1029/2006RG000198.
  44. De Terra, Alexander von Humboldt, s. 375-76.
  45. Magali M. Carrera, Traveling from New Spain to Mexico: Mapping Practices of Nineteenth-century Mexico. Durham: Duke University Press 2011, s 74-75.
  46. De Terra, Humboldt, s. 177-78.
  47. Alexander von Humboldt, Vues des Cordillères et monumens des peuples indigènes de l'Amerique. Paris: F. Schoell, 180-13.
  48. Sigrid Achenbach, Kunst um Humboldt: Reisestudien aus Mittel- un Südamerika von Rugendas, Bellermann un Hildebrandt im Berliner Kupferstichkabinett. Munich: Hirmer Verlag München 2009, 105, catalog 52.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alexander von Humboldt