Lars Holst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Holst
Lars Holst.jpg
Fødd 22. november 1848
Bergen
Død

31. mai 1915
Christiania

Yrke jurist, redaktør, politikar
Lars Holst på Commons

Lars Kristian Holst (22. november 184831. mai 1915) var ein norsk journalist, redaktør i avisa Dagbladet og aktiv Venstre-mann i dei siste tiåra før og etter 1900.

Holst var son til ein «Overstuver» i Bergen. Sjølv vart han cand.jur. frå Universitet i Kristiania i 1871. I studietida var han med i krinsen rundt nynorskbladet Ferdamannen og i 1872 skreiv han i bladet Fram, som Olaus Fjørtoft gav ut. Han flytta tilbake til Bergen og var tilsett i Bergens Tidende frå 1873 til 1883. I 1883 tok han over som sjefredaktør i Dagbladet i Kristiania, ei stilling han hadde fram til 1898. Frå denne posisjonen tok han aktivt del i partipolitikken i Noreg.

Frå 1898 var Holst justissekretær ved Kristiania byrett. Samstundes heldt han fram den politiske verksemda, mellom anna som teaterkritikar og politisk skribent i Stavanger Aftenblad. I treårsperioden 1900-03 var han formann i partiet Venstre.

Holst var ei tid gift med Fernanda Nissen. Han døydde i Oslo i 1915.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]