Soldat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Soldatar)
Fransk elitesoldat i kampuniform på PR-oppdrag på Forsvarets dag i 2005.

Soldat er ein person som høyrer til eit militærvesen.[1] Dette er vanlegvis ein person som har fått militær grunnutdanning og som høyrer til dei væpna styrkane i eit land. Soldat blir oftast brukt om nokon som gjer teneste som verva eller vernepliktig, og som har fått trening og utstyr til å forsvare landet og landet sine interesser. Soldatar er del av eit sterkt hierarkisk system der soldatane blir delt inn i fleire underavdelingar med ulike oppdrag, storleik, utdanning og utstyr.

Ordet soldat kjem frå mellomalderlatin solidatus og betyr eigenleg «ein person som får sold», der «sold» er løn som leigesoldat. Sjølv om ordet kan brukast om personar frå lågaste til høgaste grad, blir soldat i dagleg tale ofte brukt om ein vanleg meinig.[1]

I vidare forstand kan omgrepet soldat brukast om alle slags organiserte og væpna krigarar, og også om «kjempende» medlemer av militærliknande grupperingar som for eksempel Frelsesarmeen.

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste soldatane høyrer til dei lågaste gradene meinig og korporal i Hæren eller tilsvarande grader i Sjøforsvaret og Luftforsvaret. I Noreg blir soldatar med sersjants grad eller høgare kalla befal, og befal med fenriks eller høgare grader for offiserar.

Spesielle grupper av soldatar er mellom anna dragon, gast, gardist, kavalerist, artillerist, ingeniørsoldat og kommandosoldat/spesialsoldat/jeger.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Soldat» (27. august 2014), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 20. november 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Soldat