Firblad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Firblad
Firblad
Firblad
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Underrike: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Liliales
Familie: Melanthiaceae
Slekt: Paris
Art: Firblad P. quadrifolia
Vitskapleg namn
Paris quadrifolia

Firblad er ei urt i giftliljefamilien. Arten er utbreidd i Europa og Asia.

Planta vert kring 20 cm høg og har krypande jordstengel og opprett stengel, oftast med fire kransstilte blad. Ho har ein toppstilt blomster, oftast med fire breie og fire smale spisse, gulgrøne blomsterblad, åtte mjølberarar og fire griflar. Bæret er blått, saftig og giftig.

Firblad blomstrar kring juni månad i lauvskog med god mold. Planta veks gjennom heile Noreg. Ho er funnen opp til 1250 m i Vågå.[1]

Heile planta er giftig, spesielt bæra; det verksame giftstoffet er saponin. Av bæra har det vore framstilt gift som vart bruka ved jakt på ulv. Planta har derfor vore kalla «vargbær».[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985
  2. Henry ALmås: «Bjønn-Ola» i Far etter Fedane 2005.